søndag 12. januar 2020

Neglespretten 11.01.2020

Laurdag 11.januar var dato for årets Neglespretten som Åsane seilforening arrangerte for 39.gong.
27 båtar var påmeldt. 9 i vår klasse: Norrating 0,941 til 0,999.
Det var meldt storm på vestlandet denne laurdagen fram til kl. 12. Då skulle det minka litt.
På Byfjorden i Bergen, der regattaen skulle seglast, var det meldt 12 m/s frå sør kl. 12, minkande litt og dreiande S/SV.
Mannskap var Eivind Tysse, Bjørn Rundhovde, Rune Fanebust, Steinar Hansen og skipparen. Ikkje noko samkjørt mannskap, men alle gode seglarar.
Når me segla frå Zachen mot Eidsvågneset der starten skulle gå kl. 12 var vinden oppe i 16 m/s i kasta. I le bak Eidvågneset var det lite vind men vindråser. Me bestemte oss for 2 rev i storseglet og 3'ar. Før varselsignalet omgjorde me dette og skifta til hardværsfokk som forsegl.
Me kom godt ut i starten og det tok eit par minuttar før me kom ut i den sterke vinden. No bar det avgarde på slør mot første merke nord for Strømsnesholmane. Farten var oppe i 10 knop på GPS'en.
Når me nærma oss merket hadde me berre eit par båtar framfor oss. X-35 Stjernebris var rett framfor oss og Marlin, som var i vår klasse, var ved sida av oss.
No vart det kryssing mot merke ved Bakarvågen. Me fekk bra fart i båten, men hadde nokre småbroachar i vindkasta.Me måtte ha 3 slag før me runda merket ved Bakarvågen. Marlin var rett framfor oss.
No var det kryss med litt stikk i skjøtet mot Hegreneset. Segla godt på dette legget.
Når me jibba ved runding ved Hegreneset fekk me ei lita flengja i storseglet. Ikkje verre enn at me kunne segla med det, men me måtte vera litt forsiktige.  No var det slør mot merke ved Helleneset.
Vinden hadde minka litt no, så me bestemte oss for å skifta forsegl til 3'ar. X-faktor har berre eitt spor i forstaget, så det var ned med hardværsfokken og opp med 3'aren. Dette tapte med nok litt tid på. Siste biten mot merket vart det i tillegg platt lens.
No var det vidare mot merke Bakarvågen på kryss. Me stod opp til merke på eitt legg. Siste stykke fram mot merket, som låg nær land, fekk me veldig lite vind og dermed liten fart. Det gjekk også ei stund etter runding før me fekk opp igjen farten. Gleden som tok 2.plassen, eitt sekund etter Marlin som vann klassen vår, tok veldig innpå oss her.
No var det igjen segling mot merke Hegreneset der det var målgang.  No tok vi ut reva og segla med fullt storsegl til mål. Flengja i storseglet vart litt større, men det held sånn nokonlunde til mål.
Gleden var berre 43 sund etter oss i mål, og med lågare rating enn oss, slo Gleden oss med 46 sekund på korrigert tid. Marlin slo Gleden med eitt sekund på korrigert tid! I største klasse var det berre X-35 Stjernebris som hadde betre korrigert tid enn X-faktor.
Me kunne tatt sigeren denne dagen, men slik er det.
Det var ingen som vågde å ta fram mobilen og fotografera denne dagen. Det regna til tider så kraftig at det svei i ansiktet. Takk til mannskapet for god innsats. Eg synes me skal vera veldig fornøyde med seglasen. X-faktor går som ei kula også i mykje vind !
Resultatliste er her.
Her er bilde av sporet vårt på Marinetraffic:

Det meldte mykje vestleg vind i Mangersfjorden på søndag, så eg fant ut at det var best å segla heimigjen laurdag ettermiddag. Var i hamn kl. 17.35.


onsdag 8. januar 2020

X-faktor klar for Neglespretten 2020

Laurdag 11.januar skal me segla Neglespretten på Byfjorden. Bunnen er kosta, og båten er klar. Pr no, 8.januar, er det påmeldt 20 båtar.
Mykje vind tirsdag 7.januar så eg hadde på litt ekstra fortøyningar.