søndag 16. oktober 2011

Bilder frå Shetland Race 2011

For å sjå bilder frå Shetlnd Race 2011, gå til Bloggarkiv nede til høgre, juni 2011. Klikk på "2.plass i Shetland Race 2011" og klikk deretter på fotoet.

søndag 18. september 2011

Høststormseilasen søndag 18.sept. - Klasseseier samanlagt

Fekk ein kjempestart i dag i lite vind. Kom oss godt avgårde. Vinden minka til 1 - 2 m/s, men kom igjen når me kom bort til Senoksen. Segla på innsida av Senoksen, fekk vind, og vant på det. Etter dette auka vinden jevnt til ca. 7 - 8 m/s og det vart skarp slør innover mot Mefjordboen. Vidare til Jona og i mål ved Herdla. Fekk ikkje brukt spinnakeren i dag. Me var i mål ca. 3 minutt før Ollie Royal i dag. Tok 1.plassen søndag og dermed samanlagtseier i klassen. Sjå resultatlista her. Stor takk til mannskapet for ein kjempejobb! Du kan sjå fleire bilete frå regattaen på Nordhordland seilforening si side her:. https://photos.app.goo.gl/HdZrh3WqqxvvKsrx8

lørdag 17. september 2011

Høststormselasen 2011 - 2.plass laurdag




Fortøydd på Fedje etter første dag på Høststormselasen til Nordhordland seilforening.
Mannskap: Eivind, Magne, Torkjell og Harald. Ollie Royal slo oss i dag, og det vart 2. plass i klassen framfor Gleden.

søndag 11. september 2011

Pelle P Bergen singlehanded 2011

Så var Bergen singlehanded unnagjort. Segla til Hjellestad fredag. Laurdag var me klare. Starten gjekk kl. 11. Då var det totalt vindstille, og vi låg og rak i ca. ein halvtime før vinden kom. Når vinden kom opp i 1 m/s fekk eg båten til å gå på fram og fekk ein kjempestart. Hadde 4-5 båtar frå største lysklasse framfor meg. Vinden frå SØ tok seg opp og det vart slør utover mot Tekslo. FS2 til venstre, X-faktor til høgre. Når eg nærma med Tekslo sette eg spinnaker. Det gjekk fint. Ute i havet vart det store dønningar. Måtte jibba ein gong. Nærma meg no 1. merke som skulle rundast om babord. Var nok litt seint ute med førebuinga til nedtak. I god medstarum gjekk det unna med 8 knop. Sleit med å få opp genoaen pga at vinden fekk tak og det vart press i seglet. Så tok krampen meg i fingrane og det meste skar seg. I alt kaoset passerte eg merket på feil side og måtte ta eit par rundar før eg kunna fortetja sørover. Så langt alt vel. X-faktor med kvit spinnaker med gul firkant i. Kaos med tau og spinnakerbom. Tapte nok eit kvarter på dette tullet. På kryssen sørover var det vanskeleg å få fart i båten. Vinden vart oppe i 7 - 8 m/s og det hadde nok gått betre med 3'ar. Kraftig motstraum. Kom meg rundt toppmerket. Deretter var det nordover rundt Marsteinen og sløreseglas innover Korsfjorden heilt til målpassering. Var ikkje fornøyd med mannskapet i dag!! Her trengs meir trening både fysisk og segltrening. Det vart 5.plass i klassen der det var med 22 båtar.

onsdag 7. september 2011

61 båtar påmeldt til Bergen Singlehanded

Heile 61 båtar er no påmeldt til Bergen singlehanded laurdag 10.september. Følg med på heimesida.
Tracking
Vil du følge regatten "live" på nettet ?
Deltagerne vil ha en trackingboks ombord som gir deg informasjon om hvor den er til enhver tid og hvordan den ligger an i regatten i forhold til sine konkurrenter.
Lim denne adressen inn i din nettleser:
www.tractrac.com/index.php?page=clubpage&id=4

søndag 4. september 2011

Trening til Bergen Singlehanded


Magne hos Seilmaker Iversen har laga spinnakerpose til å ha i nedgangsluka. Har vore på Mangersfjorden og trent i dag. Hadde spinnakeren oppe 4 ganger. Posen fungerer fint. Det var roleg vind på Mangersfjorden i ettermiddag, 4 m/s minkande til 2-3 m/s.
Det er no påmeldt 51 båtar til Bergen singlehanded laurdag 10.sept. Dette vert spennande.

søndag 21. august 2011

3.plass i Askøy rundt 2011


Her er eit bilete som står på bt.no i dag. Bildet er tatt rett etter start søndag. Me er midt i bilete.
Det vart 3.plass begge dagar i klassen vår på årets Askøy rundt. Lørdag var Nikita på 1. og Sval, ein Dehler 34 med 1,16 i lys-tal på 2. Søndag vann Sval framfor Nikita med oss på 3.plass, og dermed også totalt på 3.plass. Søndag starta med roleg vind frå S/SØ. Me stod på ein hals ned til første merke. Deretter vart det spinnaker til Jona. På dette legget gjorde me det godt. Deretter dreia vinden etterkvar og det vart kryssing innover Hjeltefjorden. Vinden auka på og me måtte byta frå genoa 1 til genoa 3. Seglbytet tok litt for lang tid og her tapte med nok litt i dag. Etter seglbytet segla me med god fart og god høgde. På slutten var vinden oppe i stiv kuling og me var nesten oppe i 10 knop før målpassering. Mykje regn, så det vil ta nokre dagar å få tørka alle segl!!

tirsdag 16. august 2011

Askøy rundt 2011


X-faktor er klar for Askøy rundt 2011. Mannskap vert same gjengen som segla Shetland Race i år: Magne, Torkjell, Eivind og Harald.
Påmeldingsfristen går ut i dag 16.august, og det er berre påmeldt 52 båtar. Ikkje bra. Er det lisensen som er bremsekloss??? Værmeldinga seier fint vær men lite vind laurdag. Søndag vert det regn og frisk bris frå sør.
17.08.2011. No er påmeldte båtar oppe i 66. Kjem seg. Vår klasse, lys 1,16 - 1,24, er den største med 18 båtar.

mandag 8. august 2011

Mangersfjorden rundt 7.aug.2011

Foto: Edvin Lie.
6 båtar stillte til start i NHS-regattaen Mangersfjorden rundt søndag 7.august. Starten måtte utsetjast ein halv time p.g.a. vindstlla. Starten gjekk i 1 m/s frå SØ. Under regattaen varierte vinden mellom 1 og 4 m/s stort sett frå SØ. Julianne var først ute i starten og runda også første merke så vidt framfor X-faktor som vart segla singlehanded denne dagen. På kryssen etter første merket drog X-faktor frå og vann regattaen med ein margin på 10 minutt på korrigert tid.
Du kan sjå fleire bilete på NHS si heimeside.

onsdag 29. juni 2011

2.plass i Shetland Race 2011

Det vart 2.plass i klassen på Shetland Race 2011. Overall var me på ein respektabel 6.plass. Resultatlista kan du sjå her. Der kan du også kjøra replay på trackinga av etappen frå Lerwick til Bergen. Her er bilder frå regattaen der eg også har lagt inn tekst på ein del av bileta. Takk til Kjell Hansen og Rune Refsnes for nokre flotte bilder av X-faktor. Helge Stokstad har også sendt eit bilde frå ein bekjent av han på Shetland. 

lørdag 25. juni 2011

Fish and chips

Lunch i båten. Fint vær i Lerwick i dag. I kveld er det fellesmiddag for alle 5 NHS båtane.

fredag 24. juni 2011

onsdag 22. juni 2011

På veg vestover

Starten gjekk kl 17. Ingen tracking. Det går i 4 - 5 knop. Me ventar på nordavinden.

lørdag 18. juni 2011

Shetland Race 2011

Det nærmar seg Fjordsailing Shetland Race 2011. Starten går onsdag 22.juni 2011 kl. 13.00 ved Marstein Fyr i Austevoll. Mannskap i år er Eivind Tysse, Magne Iversen, Torkjell Tolo og skippar Harald Matland. I alt er det påmeldt 48 båtar. Alle båtane vert tracka, så du kan følgja oss på nettet. Gå inn på linken ovanfor til Fjordsailing Shetland Race. Elles vil eg leggja ut litt bilder undervegs via mobilen. Følg med!

søndag 29. mai 2011

Seier i Seilmakeren doublehanded 2011






Det vart seier i LYS-klasse 1,19 - 1,24 i Seilmakeren doublehanded 2011. Mannskap var Torkjell Tolo og skipparen. Torkjell var også med i fjor på SD, og då fekk me 2.plass i klassen. 60 båtar var påmeldt i år, 57 båtar starta. 24 i vår klasse. Starten gjekk kl. 18.00 torsdag 26.mai ved Ramsøy på Askøy. Det var ein fin NV bris, men litt regn, og me kryssa oss nordover Hjeltefjorden. Ved Fedje låg me godt framme i feltet. No vart det fleire alternative vegar å ta vidare. Me gjekk Straumsfjorden og det var eit godt val. Her var medstraum og me fekk gode krysslegg norover. Vidare segla me nordom Gåsvær og sette kursen mot Alden. No hadde det vorte lyst igjen. Det var god vind heile natta. NØ for Alden vart det lite vind, men me greidde å halda litt fart i båten og tapte ikkje så mykje tid. Når vinden no kom igjen auka den fort i stryrke, og me skifta frå Genoa 1 til Genoa 3. Planen var no å segla aust for Askrova, men me fant ut at der var det fare for lite vind. Me kryssa oss derfor opp vest for Askrova i frisk bris. Over Rekstafjorden kunne me ha stikk i skjøtet. Me var framme i Florø kl. 10.36.48 som andre båt. No var det 4 timars pitstop og tid for varm mat og litt søvn. I Florø var me nr. 2 i klassen etter båten Silje, ein 40 fots Sun Odysse frå Stord. Kl. 14.36.48 starta me igjen på vegen sørover. No hadde den varsla NV kulingen kome. Etter å ha segla over Rekstafjorden, sette me spinnaker og segla over Stavfjorden i opp i 16 m/s. Farten var på det meste oppe i 13 knop. Me segla kortaste veg, aust for Alden, aust for Inste Geita, gjennom Skomakaren og over Lågøyfjorden og gjennom Ytre Steinsund. Me hadde no kun ein båt framfor oss. Storm som hadde gått Straumsfjorden hadde tapt på det. Seglasen gjekk vidare innom Sogneoksen, gjennom Brosmeosen, over Fensfjorden og så sørover Hjeltefjorden. Det minka med vinden sørover Hjeltefjorden, og den dreia over på vest. Tvers for Jona måtte me derfor ta ned spinnakeren og heisa genoa igjen. Målgang var i Hauglandsosen, så siste stykket mot mål vart det igjen spinnakerseglas. Det var no svært lie vind. Me gjekk over mål kl. 00.58 natt til lørdag. Var litt spent på Silje si tid. Silje har lågare lys-tal enn X-faktor, men me tok 1.plassen med god margin. Dette hadde vore ein fantastisk tur. Etter varm suppe på Askøy seilsportsenter fekk me oss ei god natts søvn. Laurdag var det premieutdeling, intervju med Seilmagasinet og mykje styr. Stor takk til Torkejll for kjempeinnsats. Her er ein videosnutt som Seilmagasinet filma rett før pit stop i Florø. 
Her er  fotoalbum frå turen:

mandag 23. mai 2011

Seilmakeren doublehanded 2011

Det nærmar seg start for Seilmakeren doublehanded. Starten går torsdag 26.mai kl. 18.00 ved Ramsøy på Askøy. Deretter fritt løp til Florø der det vert 4 timars pitstop. Deretter retur til Askøy. På turen sørover må me austom Mefjordboen i Hjeltefjorden, elles er det fritt løp. Satsar på å vera tilbake til Askøy laurdags føremiddag.
Følg med på denne sida. 60 båtar er påmeldt, og alle vil verta tracka slik at du kan følgja regattaen frå godstolen.

søndag 15. mai 2011

2. plass i Jomfruturen



Det vart 2. plass i Jomfruturen 15.mai. 5 båtar stillte opp i første klubbregattaen til Nordhordland seilforening. Fint vær med 5-8 m/s frå NV og sol. Sjølv om me var først i mål slo Expressen Julianne oss på korrigert tid med 2 minutt.

fredag 13. mai 2011

Jomfruturen 15.mai


Søndag 15.mai er det tid for årets første klubbregatta i Nordhordland seilforening.
X-faktor har nettopp fått nytt bunnstoff og er klar. Mannskap vert Torkjell og eg. Me tar dette som trening til Seilmakeren doublehanded som startar 26.mai. Det er meldt fint vær og fin seglevind på søndag.

torsdag 5. mai 2011

Vårpuss

X-faktor er på land for vårpuss. Her er polering og voksing gjort. Kun bunnsmøring med 2 strøk VC17 gjenstår. Sjøsetjing mandag 9.mai.

lørdag 30. april 2011

torsdag 21. april 2011

Fedje

Segla ut til Fedje Skjærtordag. Lett skodde. På Fredag var det skyfri himmel, men lite vind då me segla tilbake til Manger. 7 seglbåtar ved Holmen natt til fredag!!

lørdag 19. mars 2011

2.plass i klassen på Isbjørnen



Fleire bilder på BS si side finn du her. Det vart 2. plass i klassen. Sasha, ein Banner 28, slo oss på korrigert tid. Det var ein kjempefin dag på sjøen. Regattaen starta kl. 12 og me var i mål 15.03. Vinder varierte mellom 3 og 6 m/s. Løpet gjekk frå startområdet i Raunefjorden sørover Lerøyosen, rundt Kyrholmen i Austevoll, rundt Blia og tilbake til Raunefjorden. Overall vart me nr. 6. Etter å ha sett av mannskapet Aage, Morten, Torkjell og Eivind hos Bergens seilforening segla eg tilbake til Manger. Var heime kl. 20.10.

fredag 4. mars 2011

Isbjørnen 19.mars 2011


X-faktor er påmeldt til Bergens seilforening sin regatta Isbjørnen som vert segla 19.mars på Raunefjorden og Korsfjorden. Sjå meir på Bergens seilforening si side her. Isbjørnen er siste regatta i Vintercupen til Hordaland seilkrets, og med ei god plassering har X-faktor ein mulighet for å koma mellom dei 3 beste i Vintercupen i lysklasse 1,16 - 1,24. Mannskap vert Eivind Tysse, Torkjell Tolo, Aage Hedegaard-Larsen, Morten Ådland og Harald Matland.

fredag 11. februar 2011

Overallseier i Snøføyka 2011

Torkjell kunne ikkje vera mannskap på Snøføyka, så det vert lite mannskap. Det er meldt 4-5 m/s frå SØ og rundt 0 grader. Delvis skya opphaldsvær. Dette vert fint. På bildet frå fredags ettermiddag har storseglet kome på og X-faktor er klar. Det vart overallseier i Snøføyka 2011. Eg kom i skade for å ødeleggja dette innlegget. 
 Her er fotoalbum frå Snøføyka 2011  https://photos.app.goo.gl/qDxVNDFJNwME8N8t6 

tirsdag 8. februar 2011

Snøføyka 12.februar


X-faktor er påmeldt til Snøføyka laurdag 12.febriar 2011. Det er RAN seilforening som er arrangør, og regattaen har start og mål i Anglevik på Sotra. Elles går løpet i Hauglandsosen. Regattaen inngår i Vintercupen til Hordaland seilkrets. Mannskap vert, utanom skipparen, Morten Ådland, Eivind Tysse og forhåpentlegvis Torkjell Tolo.
Er det andre som har lyst å vera mannskap??? Ring meg på 90121617. På bildet ser du X-faktor under Snøføyka i 2010.

søndag 9. januar 2011

5.plass i Neglespretten 2011

Det vart 5.plass i klassen i Neglespretten som i år levde opp til namnet. Det snøa til tider tett. Me hadde ein elendig start uten at eg trur det var årsaka til at me ikkje nådde lenger opp. Det var vanskelege og varierande forhold på Byfjorden, og det vart mykje sløring. Vinden varierte mellom 0 og 9 m/s, og me hadde til tider vunne på å brukt genoa 3 i staden for genoa 1. Mot slutten segla me bra, og 200 meter før mål var me første båt i klassen. Dei siste 100 meterane fekk båtane som låg nærast Nordnes meir vind enn oss, og me vart 5. båt i mål.
Eg har ikkje bilder. Er det nokon som tok bilde av X-faktor??
Her er ein liten videosnutt som låg på BA. Båtane nærmar seg runding av første merke. X-faktor midt i bildet med raud, kvit og blå spinnaker.
Sjå resultatlista her. Sjå bilder som er lagt ut på Hordaland seilkrets sine sider her.

fredag 7. januar 2011

På veg

Her nærmar eg meg Bognestraumen. Var framme i Vågen kl. 17.30.

Klargjering for Neglespretten


Kl. er 08.55 fredag morgon. Presenningen skal av, og båten gjerast klar for Neglespretten i morgon laurdag. Mannskap vert Eivind Tysse, Magne Iversen, Bjørn Rundhovde og eg.