lørdag 26. juni 2010

Bergen Shetland Race 2010


Klikk på bildet til høgre for å sjå fotoalbum. Fleire bilder lagt til 6/7. Har fått nokre bilder hos Thorvald Haarberg som han tok frå Gleden rett etter start frå Lerwick.

2.plass i klassen på Shetland Race 2010

 
Det vart 2. plass på etappen Lerwick - Bergen, slått av Gleden med 19 minuttar. Dermed vart det 2.plass totalt i klassen på Bergen Shetland Race 2010. Etter ein roleg start med vestlege vindar vart siste del av etappen til Shetland slitsom med kuling rett imot. Etter å ha lagt svært godt an, tapte me litt på slutten på grunn av skade i akterliket på storseglet. Me segla utan storsegl siste 6 timane. Me var i mål kl. 03.31 natt til fredag. Turen heimatt vart 42 timars spinnakerseglas i lite vind. Me hadde visuell kontakt med FS2, Ventus, Hanna Marie, Cermedez, Paradis, Bjørkski og Volare på store delar av etappen. Me var i mål ved Marstein Fyr kl. 06.01 tirsdags morgon. Bildet er tatt i Lerwick etter premieutdelinga der. Frå venstre: Kjetil, Harald, Trond og Torkjell. Magne var fotograf. Fotoalbum vil snart verta lagt ut på bloggen.
Posted by Picasa

torsdag 17. juni 2010

Fish and chips

høyrer med når me er på Shetland

Framme på Shetland

Siste del av turen til Shetland vart våt og tøff. Under reving av storseglet vart akterliket skada og me måtte ta ned seglet. I mål kl 3.31 natt til fredag. Etter å ha leda overall, fall vi litt nedover på lista, men vart likevel nr 3 i klassen.

søndag 13. juni 2010

Sjøassistanse Bergen-Shetland Race 2010


Onsdag 16.juni 2010 kl. 13.00 går starten på Shetland Race frå Marstein fyr. I alt 37 båtar er påmeldt. Me er i LYS-klasse 1,21 - 1,29 der det er med 12 båtar. Båtane vert spora så du kan følgja med på Pc'en på denne sida Shetland Race
Eg vil prøva å leggja ut litt bilder frå mobilen på turen.
Mannskap er Torkjell Tolo, Magne Iversen, Trond Matre, Kjetil Risnes og Harald Matland. Turen tilbake frå Lerwick startar søndag 20.juni.

søndag 6. juni 2010

RAN sin sumarregatta 5.juni 2010

X-faktor deltok 5.juni på RAN seilforening sin sumarregatta. Det deltok 21 båtar i Lys-klassane og 8 båtar i Expressklassen. Expressane segla pølsebane, og Lys-klassane segla trekantbane. Det vart gjennomført 2 seglasar for alle klassane. X-faktor tok 4.plass i begge seglasane, og det vart då 4.plass i klassen der det var med 10 båtar. Mannskap denne dagen var Kjetil Risnes, Gøran Espeland, Arild Monslaup og Harald Matland. Sjølv om dette var nytt mannskap for dagen segla vi bra. Hadde mellom anna nokre flotte rundingar av toppmerket der spinnakeren var raskt oppe. I første seglasen var vi stort sett først i feltet og var første båt i mål. I andre seglasen var vi også fremst i feltet vart forbisegla av Rolf Hermansen sin Hanna Marie på siste krysslegget. For resultatliste og bilder sjå RAN seilforening si heimeside.

tirsdag 1. juni 2010

NHS Vårregatta 2010

 

Morten Ådland, skippar på Cermedez, tok eit flott bilde av X-faktor under NHS sin Vårregatta 30.mai 2010. Mannskap denne dagen var Magne Iversen, Aage Hedegard-Larsen og skipparen.
Posted by Picasa