fredag 16. februar 2024

Deltakarstatistikk Seilmakeren doublehanded

Harald Gjøsæter har laga deltakarstatistikk for Seilmakeren doublehanded. Eg har deltatt og fullført 16 gonger. Torkjell har deltatt og fullført 12 gonger. Sjå meir i vedlagte artikkel.

Første gong eg var med var i 2007. Eivind og eg segla Eivind sin Mixer, og løpet gjekk heilt til Stavanger og tilbake. Eivind og eg segla også i 2008 med Eivind sin Mixer. Den gongen var det over 100 startande båtar og me vart nr. 2 i vår klasse og nr. 4 overall. I 2009 segla Eivind og eg Karisma (Comfortina 32). Den gongen gjekk løpet til Skudesneshavn og tilbake. Frå 2010 har me segla X-faktor. Eivind var co-skippar i 2014, elles er det Torkjell som har vore co-skippar. Klasseseier i 2011, overall-seier i 2016, klasseseier i 2019 og 2021.

Her er artikkelen til Harald Gjøsæter:   https://sailracesystem.no/regattasystem/regatta/meny/8757/Deltakarstatistikkpr2023.pdf

Fotoalbum frå Seilmakeren DH i 2007. Turen starta med transportetappe frå Norheimsund til Askøy: https://photos.app.goo.gl/ipfjpgRH6QXcDyT97

På veg mot overall-seier i 2016. Foto: Trond J Hansen:

På veg mot Florø i 2011. Det vart klasseseier etter ein rask lens sørover frå Florø. Foto: Trond J Hansen