tirsdag 6. oktober 2020

Windjammer 3.oktober 2020

For andre gong var X-faktor påmeldt Windjammer på Stord. Eg segla frå Manger til Kolbeinshamn på torsdag 1.oktober, og frå Kolbeinshamn til Leirvik fradag 2.oktober. Eivind Tysse skulle vera mannskap og han kom laurdags morgon til Leirvik. 33 båtar var påmeldt. 32 båtar starta. Dei fleste i doublehandedklassen, medan nokre båtar var påmeldt i singlehandedklasse, klasse utan spinnaker, turklasse og 4 båtar i eigen klasse for sportsbåtar.

Værmeldingane vart sjekka mange gonger før regattaen. Ved startområdet, Ytstholmen, var det meldt 8-9 m/s frå aust. Ved Hille og Fluholmen var det meldt 9-10 m/s. Ved Ilholmane 5 m/s. Alt frå Aust. Med denne austlege vinden, og sterk vind i fjellet, ville det koma vindråser. Vinden var fredag meir SØ, og det var venta at den ville vera søraust også laurdag.

Starten gjekk kl. 12.00. X-faktor med eitt rev i storen og genoa 3. Me hadde ein kjempegod start, men grunna kaos på startlina og mange tjuvstartar vart det generell tilbakekalling. 

Første start

Dermed var det påan igjen. Me mista litt oversikten og konsentrasjonen, og var langt frå startlina når starten gjekk. 


Etter nokre slag ut frå start runda me Ytstholmen på veg mot Hille som båt nr. 6 (trur eg). 

X-faktor sitt Spor frå Marinetraffic

Det gjekk unna med stikk i skjøtet mot Hillekalven. Frå Hillekalven til Fluholmane auka vinden til 13-14 m/s i kasta og me sleit med å halda god nok båtfart. Gleden, Silje og Vito 4 m.fleire segla forbi oss. Etter eit par slag bar det innover mot Ilholmane med stikk i skjøtet. Mykje vind til å begynna med. I le av Fjellberg var vinden nede i 2 - 3 m/s før den tok seg opp igjen til 5m/s ved Ilholmane. No var det spinnakerseglas mot mål i Leirvik. Me rota litt når me skulle setja spinnaker. Nedhalet på spinnakerbommen var ikkje festa, og kasteblokka på barberhalet spratt opp slik at spinnakerbommen stod rett til værs. Me sleit med å få den ned når det no hadde kome skikkeleg press i spinnakeren. Fekk det etter kvart på plass. Me prøvde å stå so høgt som mogeleg for å ha noko å gå på mot mål. Vinden ville auka inn mot Leirvik. Det vart skarpt, og når me fekk vindråser opp i 9 m/s fekk me 3 broachar der me tapte noko. Båtane rundt oss broacha også so me var i godt selskap. Gleden hadde sleppt seg litt lenger ned enn X-faktor, og me greidde å segla forbi dei før mål. Det vart berre 35 sekund, og dermed for lite til å slå dei på korrigert tid. X-faktor stod med spinnaker heilt til mål og me gjekk over målstreken i 9 knop. Det var ikkje langt til land så spinnakeren måtte ned i ein fart. Fartfylt og spennande regatta. Her er resultatlista.

Gleden og X-faktor ved kai i Leirvik etter regattaen.

Sjå og Youtube-video https://youtu.be/QDbVauZ-zS8


  






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar