Eg segla singlehanded, Anchrissi DH og Kilroy med mannskap.
Starten gjekk kl. 14.00 i Bognestraumen, og me skulle segla løp 2. Frå start til bøye ved Trettholmen eller sørspissen av Flona, deretter inn igjen til Bognestraumen og vidare til mål i Mangersvågen.
Eg sette hardværsfokken på rull, og sette storsegl med 2 rev. Kom bra ut frå start og hadde god høgde i forhold til dei 2 andre båtane. Trudde ei stund at eg kanskje kunne stå opp til rundingsmerket, men vinden dreia litt og eg måtte ta 4 slag før eg kunne runda. Sleit i slaga i den sterke vinden. Eg må trena på å slå utan å bruka autopilot. Når eg skulle runda bøyen mista eg litt kontrollen. (sjå videosnutt lenger nede) Måtte sleppa fokken heilt ut for å få svinga rundt bøyen. Skjøtene lausna og for ut gjennom løygangen. Eg hadde ikkje sett knute i enden. Etter runding måtte eg derfor rulla inn fokken og få skjøtene på plass igjen.
Seglasen inn til Bognestraumen var grei. Var oppe i 9 knop. Etter runding i Bognestraumen var det kryss utover igjen. Slo ein gong og hadde då kursen mot Mangersvågen og mål. Vinden var oppe i 15 m/s. Anchrissi hadde 35 knop på vindmålaren på det meste. Resultatliste finn du her. Anchrissi slo X-faktor med 2 sekund på korrigert tid !
Friskt! Alle foto: Kaj Alexander Johnsen |
Nordover mot Toska |
X-faktor har slått innover. Var ei stund redd for at eg måtte vika for Kilroy som hadde styrbord halser. |
X-faktor sitt spor frå Marinetraffic. Anchrissi sitt spor på Marinetraffic |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar