tirsdag 1. september 2020

Askeladden - Os seilforening - 29. og 30.august 2020

For første gong meldte eg X-faktor på til regattaen Askeladden som vert arrangert av Os seilforening. Korkje Eivind eller Torkjell hadde høve til å vera med, så eg meldte på i klasse singlehanded. Det kunne vera grei trening til Bergen singlehanded 5/9. Eg vart einaste båt i denne klassen. I doublehandedklassen var det påmeldt 13 båtar og i turklassen 3 båtar. Starten laurdag gjekk ved Blia kl. 11. Det var meldt lite vind ca. 2 m/s frå NV som skulle auka litt utover dagen. Løpet som skulle seglast vart: Frå start til runding merke ved Bleikjo, runding merke i Strøneosen og mål utanfor Våge på Tysnes. Som einaste singlehandedbåt ville eg unngå trengselen ved styrbord startmerke. Satsa på start nærare babord merke. Var litt for langt frå startlina når starten gjekk og fleire store båtar rundt meg tok vinden frå meg. Når eg endeleg fekk fri vind held eg meg litt lenger aust enn dei andre. Det fungerte fint og eg segla mot Trollsøya i Austevoll med fin skjæring. Her ein liten video frå starten laurdag:

   
 Etter runding av merket ved Bleikjo skulle me segla mot merke i Strøneosen. Dette gjekk på babord hals heile vegen. Mange segla for høgt og måtte falla av på slutten. Eg hadde god fart med Genoa1 på dette legget. Hadde stikk i skjøytet siste delen før runding. Ved runding i Strøneosen sette eg spinnaker frå posen i nedgangsluka og jibba deretter. No var det mot mål utanfor Våge. Segla først mot Rekstern og jibba ein gong mot mål. Kunne nok segla litt lenger før eg jibba, men hadde fin fart mot mål i 5 m/s vind. Var i mål som 5.båt, og det viste seg å halda til ein 2.plass overall. 
Her på veg mot mål:
Her er sporet på laurdag til X-faktor frå Marinetraffic:
I hamn på Våge utanfor Mandelhuset:
Søndag gjekk starten frå Våge kl. 11. X-faktor var første båt i startområdet. Værmeldinga gjekk ut på 4 m/s frå N/NV aukande til opp i 10 m/s borte ved Austevoll etter eit par timar. Løpet som skulle seglast i dag var Start, deretter merke i Strøneosen, merke ved Bleikjo og mål i Strøneosen. Vinden i starten var berre 3 m/s. Eg ville unngå seglskift undervegs, så det vart 3'ar frå starten. Andre båtar starta med 1'ar og skifta til 3'ar ved Røttingtangen. Andre segla med 1'ar heile vegen. Fekk ein bra start. Ville ikkje segla for høgt. Det var litt bølgjer og eg ville koma meg vestover der vinden skulle vera sterkare. Venta nok litt for lenge før eg slo første gongen. Hadde god fart heile vegen til første rundingsmerke i Strøneosen, men hadde mange båtar framfor meg. Etter runding var vindvinkelen ca. 120 grader og vindstyrken hadde kome opp i 8 m/s. Spinnaker var ikkje aktuelt. So vidt eg kunne sjå var det ein båt som sette gennaker.
Det gjekk fort ned til Bleikjo, rundt 8 knop heile vegen, og eg runda samtidig som First 40.7 Susanne. Eg meiner at eg hadde hatt rett til å runda innerst, men 40.7'en med Bernt Svendsen til rors ville det annarleis. Eg ropte at han ikkje hadde overlapp, men eg måtte trekkja meg unna. Etter runding ville eg ta eitt rev i storseglet. Når eg skulle sleppa ned storseglet oppdaga eg at strømpen på storseglfallet hadde slitna og eg sleit litt med å få slakka ned. Etter litt plunder gjekk det greit. På dette siste legget var det igjen mange som segla for høgt og måtte falla mykje av på slutten. No var vinden oppe i 9 - 10 m/s og ganske mykje bølgjer. Eg sleit litt med farten, men når eg kunne stikka litt vart det betre. Skarven, Sun Fast 37, med omtrent lik rating som X-faktor, segla forbi meg på slutten med full seglføring. Det var litt surt. 
Her er sporet til Tussi og X-faktor på søndag frå RaceQs. Tussi går høgare og fortare heile vegen.
Alt i alt ein flott seglas. Spesielt laurdag synes eg at det var flotte forhold for singlehandedsegling. Mange la merke til spinnakerjibbane mine. Spinnakeren stod gjennom alle jibbane. GoPro kameraet svikta meg denne helga så det vart lite filming. Eg brukte 7 timar for motor frå Strøneosen til Manger i frisk bris frå nord. Her er resultatlista (litt innvikla !)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar