fredag 25. desember 2020
tirsdag 24. november 2020
tirsdag 10. november 2020
Presenningen på
Tirsdag 10.november fekk eg på presenningen.
mandag 2. november 2020
X-faktor på land for vinteren
Laurdag 31.oktober vart X-faktor løfta på land på Litlebergen der den skal stå fram til våren 2021.
![]() |
Eg kosta bunnen i veka før opptaket, så det var ikkje så mykje slim under. |
![]() |
Kjørte motoren i ferskvatn ca. 10 minuttar før eg flytta slangen til sjøvasspumpa over i bøtta med 50/50 frostveske og vatn. Etterpå skifta eg olje og oljefilter på motoren. |
![]() |
Kjøpte ei brukt OPI krybbe i vår. Kjøpte i tillegg 4 kjølstopparar. |
![]() |
I tillegg til krybba og stokkar under baugen og heilt akter, har eg fått låna 2 opplagsstøtter. No er berre å få på presenningen. |
tirsdag 13. oktober 2020
Tur til Nautnes 12.oktober 2020
Flott vær i midten av oktober. Wenche og eg tok ein segltur til Nautnes i Øygarden måndag 12.oktober. Segla frå Manger, under Nordra Staumøysund bru ved Tjeldstø, vidare den tronge leia nord for Heggholmen, nordover Alvheimsundet til Nautnes. Der var me i land og såg oss rundt. Deretter segla me nordover mot Hellesøy og rundt Rubbeganståna og heimatt. 4 - 5 m/s frå N/NV i Hjeltefjorden på heimturen.
![]() |
Ved flytebryggja på Nautnes |
![]() |
Nautnes. Bilde tatt frå brua. |
![]() |
Laksholmsundet |
![]() |
Spor frå Marinetraffic. Ikkje så god dekning vest for Øygarden. |
søndag 11. oktober 2020
Flott bilde av X-faktor
Wenche og eg hadde oss ein tur i Uttoskavågen laurdag 10.oktober. Karsten Sjøstrand tok eit flott bilde av X-faktor i solnedgangen på veg inn igjen i hamna i Mangerøy. Dacronstorseglet og det gamle rulle-forseglet.
tirsdag 6. oktober 2020
Windjammer 3.oktober 2020
For andre gong var X-faktor påmeldt Windjammer på Stord. Eg segla frå Manger til Kolbeinshamn på torsdag 1.oktober, og frå Kolbeinshamn til Leirvik fradag 2.oktober. Eivind Tysse skulle vera mannskap og han kom laurdags morgon til Leirvik. 33 båtar var påmeldt. 32 båtar starta. Dei fleste i doublehandedklassen, medan nokre båtar var påmeldt i singlehandedklasse, klasse utan spinnaker, turklasse og 4 båtar i eigen klasse for sportsbåtar.
Værmeldingane vart sjekka mange gonger før regattaen. Ved startområdet, Ytstholmen, var det meldt 8-9 m/s frå aust. Ved Hille og Fluholmen var det meldt 9-10 m/s. Ved Ilholmane 5 m/s. Alt frå Aust. Med denne austlege vinden, og sterk vind i fjellet, ville det koma vindråser. Vinden var fredag meir SØ, og det var venta at den ville vera søraust også laurdag.
Starten gjekk kl. 12.00. X-faktor med eitt rev i storen og genoa 3. Me hadde ein kjempegod start, men grunna kaos på startlina og mange tjuvstartar vart det generell tilbakekalling.
![]() |
Første start |
Dermed var det påan igjen. Me mista litt oversikten og konsentrasjonen, og var langt frå startlina når starten gjekk.
Etter nokre slag ut frå start runda me Ytstholmen på veg mot Hille som båt nr. 6 (trur eg).
![]() |
X-faktor sitt Spor frå Marinetraffic |
Det gjekk unna med stikk i skjøtet mot Hillekalven. Frå Hillekalven til Fluholmane auka vinden til 13-14 m/s i kasta og me sleit med å halda god nok båtfart. Gleden, Silje og Vito 4 m.fleire segla forbi oss. Etter eit par slag bar det innover mot Ilholmane med stikk i skjøtet. Mykje vind til å begynna med. I le av Fjellberg var vinden nede i 2 - 3 m/s før den tok seg opp igjen til 5m/s ved Ilholmane. No var det spinnakerseglas mot mål i Leirvik. Me rota litt når me skulle setja spinnaker. Nedhalet på spinnakerbommen var ikkje festa, og kasteblokka på barberhalet spratt opp slik at spinnakerbommen stod rett til værs. Me sleit med å få den ned når det no hadde kome skikkeleg press i spinnakeren. Fekk det etter kvart på plass. Me prøvde å stå so høgt som mogeleg for å ha noko å gå på mot mål. Vinden ville auka inn mot Leirvik. Det vart skarpt, og når me fekk vindråser opp i 9 m/s fekk me 3 broachar der me tapte noko. Båtane rundt oss broacha også so me var i godt selskap. Gleden hadde sleppt seg litt lenger ned enn X-faktor, og me greidde å segla forbi dei før mål. Det vart berre 35 sekund, og dermed for lite til å slå dei på korrigert tid. X-faktor stod med spinnaker heilt til mål og me gjekk over målstreken i 9 knop. Det var ikkje langt til land så spinnakeren måtte ned i ein fart. Fartfylt og spennande regatta. Her er resultatlista.
![]() |
Gleden og X-faktor ved kai i Leirvik etter regattaen. Sjå og Youtube-video https://youtu.be/QDbVauZ-zS8 |
mandag 5. oktober 2020
torsdag 24. september 2020
Nr. 11 på Shorthandedrankinga etter endt sesong 2020.
sjå heile lista nede i denne artikkelen: https://www.seilmagasinet.no/norgesmesterskap-shorthanded-ranking-shorthanded-seiling/yngve-lonmo-er-rankingleder-etter-sesongslutt/704709
...og nr. 25 på lista "Årets shorthandedseglar 2020" etter å ha deltatt på alle rankingregattaene i Vestland seilkrets. 3.plass i Stord shorthanded, 2.plass i Stord rundt, 2.plass i Shetland Race Corona edition, 1.plass i Askeladden og 2.plass i Bergen singlehanded.
https://www.seilmagasinet.no/files/2020/09/22/20200921%20Aarets%20Shorthanded-seiler.pdf
Eg er med det høgast ranka på begge listene i Vestland fylke, og nr. 2 på lista for heile Vest- og Nord-Norge etter Thomas Robberstad frå Stavanger.
![]() |
Frå Askeladden laurdag på veg mot Våge, Tsnes |
mandag 21. september 2020
mandag 7. september 2020
Bergen singlehanded 5.september 2020
![]() |
X-faktor fotografert frå Kelso etter runding Marsteinen. |
![]() |
X-faktor og Vandal på veg mot mål. Fotografert frå Krabbelure av Henrik Wigers Larsen |
tirsdag 1. september 2020
Askeladden - Os seilforening - 29. og 30.august 2020
mandag 24. august 2020
NHS Sommerregatta 22. og 23.august 2020
Sommerregatta laurdag 22.august og søndag 23.august vart segla doublehanded av Ivar Øvretvedt og skipparen. Værmeldingane for laurdag gjekk i veka før ut på vind opp i 11 - 12 m/s frå sør. Laurdag morgon var meldingane endra til 7 - 9 m/s frå sør. Starten gjekk ved Nordhordlandsbrua kl. 14 og me skulle segla sør til rundingsbøye ved Bakarvågen og tilbake til Nordhordlandsbrua. 6 båtar stilte til start, men 2 båtar gav seg etter kort tid. Me kom bra ut i starten midt på linja. Vinden var i starten oppe i 10 m/s på det meste. Me segla med 3'ar og eitt rev i storseglet.
![]() |
X-faktor og Calluna etter starten. Foto: Madeleine Bratshaug |
Det var grei seglføring. Me fant ikkje heilt ut av straumforholda og hadde nokre dårlege kryssingsvinklar.
![]() |
X-faktor sitt spor laurdag |
Spesielt ved Morvik og mot Tertnes. Sjå bilde. Plutseleg var Anchrissi godt framfor oss. Me hadde greidd å få litt avstand til Mathilda, men no tok både dei og Calluna kraftig inn på oss. Rett før Strømnesholmane tok me ut revet og segla med fullt storsegl. Me runda ca 5 minuttar etter Anchrissi som båt nr. 2.
Eg var litt defansiv og hadde ikkje laga godt nok klar til å setja spinnaker etter runding. Fekk etterkvart opp spinnakeren og segla på same hals heilt til mål. Vinden hadde roa seg litt på returen, men ved Frekhaug kom vinden opp igjen i 8 - 9 m/s og me kom opp i 9 knops fart. Når me nærma oss Salhus segla me forbi Anchrissi som ikkje sette gennakeren.
Hadde fin spinnakerseglas heile vegen til mål. Var først i mål, men Mathilda slo oss på korrigert tid.
Video: Stian Flataker.
Resultatliste lørdag ligg her.
Søndag gjekk starten kl. 11. Nordvestleg vind som skulle koma opp i 3 - 4 m/s ved Sæbøfluna. Denne dagen stilte heile 9 båtar opp til start ved Tjuvholmen. Det var ein liten bris ved start, men vinden minka til under 1 m/s etter ei stund. Nordover mot rundingsmerket Sæbøfluna var det vanskeleg forhold med lite vind, skiftande både i styrke og retning - og motstraum. Etter å ha leda ut frå start segla Mathilda etterkvart forbi oss. Dei andre båtane vart langt etter. Vinden kom etter at me hadde passert Vetås. Opp i 6 m/s. Me fekk god høgde mot Sæbøfluna og det såg ei stund ut til at me kunne stå heilt opp og dermed segla forbi Mathilda. Det greidde me ikkje og måtte ta eit lite slag før runding. Mathilda og X-faktor runda samtidig med Mathilda nærast merket. Etter ein jibb fekk me raskt opp spinnakeren og segla mot mål. Det vart 4 - 5 spinnakerjibbar som gjekk fint.Hadde bra vind og god fart heile vegen. X-faktor var igjen først i mål, men Mathilda var berre 2 1/2 minutt bak og vann på korrigert tid.
Resultatlista søndag ligg her.
Ingen bilder frå søndag.Takk til Ivar som har vore DH makker på mange tirsdagstreningar, Holsnøy rundt og Sommerregttaene.
mandag 29. juni 2020
Shetland Race Corona Edition 2020
Det var meldt lite vind, og starten gjekk i ca. 1 m/s frå SV.
Me kom bra ut over startlina og segla mot Raunane. Levens, Elan 37, greidde å siga ifrå oss. Me kom betre ut enn dei som segla litt lenger nord mot Lerøyosen. I Lerøyosen var dei greie forhold for dei 3 fremste båtane: X-fram, Winocen og Levens. Dei hadde vind og kom seg greit vidare. For resten av båtane vart det ein tolmodighetsprøve, men X-faktor kom seg vidare som tredje båt. Når me kom på Korsfjorden kom det etterkvart fin vind frå SV dreiande til V opp i 5 m/s.
![]() |
Kelso og X-faktor rett før målpassering. Foto: Anne-Lise Myklebust |
![]() |
Spor frå Marinetraffic |
Det held til 2. plass i DH-klassen etter Levens som hadde gått i mål fleire timar før oss. Takk til Eivind som var mannskap. Resultatliste https://sailracesystem.no/regatta?regatta=3301&resultat=1r.
![]() |
X-faktor i Glesvær med alle Shetland Race- flagga. |
tirsdag 23. juni 2020
søndag 7. juni 2020
onsdag 3. juni 2020
mandag 25. mai 2020
Stord shorthanded 23.mai 2020
onsdag 20. mai 2020
torsdag 14. mai 2020
Service på vinsjane
onsdag 13. mai 2020
mandag 11. mai 2020
NHS Vårregatta søndag 10.mai 2020
Eg segla singlehanded, Anchrissi DH og Kilroy med mannskap.
Starten gjekk kl. 14.00 i Bognestraumen, og me skulle segla løp 2. Frå start til bøye ved Trettholmen eller sørspissen av Flona, deretter inn igjen til Bognestraumen og vidare til mål i Mangersvågen.
Eg sette hardværsfokken på rull, og sette storsegl med 2 rev. Kom bra ut frå start og hadde god høgde i forhold til dei 2 andre båtane. Trudde ei stund at eg kanskje kunne stå opp til rundingsmerket, men vinden dreia litt og eg måtte ta 4 slag før eg kunne runda. Sleit i slaga i den sterke vinden. Eg må trena på å slå utan å bruka autopilot. Når eg skulle runda bøyen mista eg litt kontrollen. (sjå videosnutt lenger nede) Måtte sleppa fokken heilt ut for å få svinga rundt bøyen. Skjøtene lausna og for ut gjennom løygangen. Eg hadde ikkje sett knute i enden. Etter runding måtte eg derfor rulla inn fokken og få skjøtene på plass igjen.
Seglasen inn til Bognestraumen var grei. Var oppe i 9 knop. Etter runding i Bognestraumen var det kryss utover igjen. Slo ein gong og hadde då kursen mot Mangersvågen og mål. Vinden var oppe i 15 m/s. Anchrissi hadde 35 knop på vindmålaren på det meste. Resultatliste finn du her. Anchrissi slo X-faktor med 2 sekund på korrigert tid !
Friskt! Alle foto: Kaj Alexander Johnsen |
Nordover mot Toska |
X-faktor har slått innover. Var ei stund redd for at eg måtte vika for Kilroy som hadde styrbord halser. |
![]() |
X-faktor sitt spor frå Marinetraffic.![]() Anchrissi sitt spor på Marinetraffic |
onsdag 6. mai 2020
Nordhordland seilforening sin treningsregatta 5.mai 2020
Kort video frå treningsseglasen 5.mai 2020 ombord i X-332 X-faktor. Singlehandedsegling.
tirsdag 5. mai 2020
søndag 3. mai 2020
torsdag 30. april 2020
Feil på forstagsfestet
Ein X-332 eigar har vore i kontakt med X-yachts og skriv: They know about the problem but says it’s a natural response for 20 years off small sideways vibrations !
Dette måtte eg få sjekka.
For å sjekka dette må forstagsfestet ut. Det er ikkje synleg elles. Dermed var det å slakka riggen og spenna opp fall i baugen slik at forstaget kunne løysast frå.
Når me tok ut beslaget viste det seg at det var sprikke i det.
Fekk sveist beslaget og testa at sveisen var god.
Segla heimatt i god austavind og medstraum:
søndag 26. april 2020
Prøvetur etter sjøsetjing
Hadde ein flott kryss frå Bognestraumen mot Flonæ i NV 5 - 7 m/s. Sjøen fjæra, så det var bra medstraum. Segla med fullt storsegl og 3'ar.
onsdag 22. april 2020
X-faktor på land 18/4 - 25/4-2020 på Manger
Eg skal polera og voksa skutesidene, vasslipa bunnen, bunnsmørja og byta tæresink på propell og drev.
![]() |
4 seglbåtar på land på Manger |
![]() |
X-faktor er vaska under. Vaska skrogen før båten vart tatt opp. Har kjøpt ny brukt Opi Mini 3 krybbe. Trapes gjengeskruar på hjørnestøttene. Har også kjølstopparar til krybba. |
![]() |
Skroget er polert med Jotun Marine Polish og voksa med Jotun Hard Vax. |
![]() |
Undervasskroget er vasslipt med 400 papir. |
X-faktor klar til sjøsetjing |