X-faktor stillte i shorthandedklassen med Eivind Tysse og skipparen som mannskap.
I alt 24 båtar var påmeldt. Av desse 7 i shorthandedklassen.
Etter litt dårleg start på laurdag, segla me bra begge dagane. Frøken Smilla, First 40.7, vant shorthandedklassen begge dagane. Laurdag var me på 2.plass. Søndag vart det 3.plass på oss, slått med 1 sekund av Mathilda som var nr. 3 på laurdag.
Dermed vart det 3.plass på X-faktor samanlagt. Dette eine sekundet betyr også at X-faktor ikkje vinn NHS sin klubbserie 2017 ! Synd, men slik er det.
Her er resultatlista. På korrigert tid samanlagt for begge dagane er X-faktor nr. 4. Takk til Eivind som var mannskap.
For spinnaker innover Fensfjorden laurdag. Foto: Kjell Magnus Økland - Kystsogevekene |
Fedje søndag morgon |
Passering Kyrkjeflua søndag. Foto: Karen Drange |
Målgang ved Mefjordbåen søndag. Foto: Madeleine Bratshaug |
Spor frå Marinetraffic laurdag |
Spor frå Marinetraffic søndag. Me tapte nok 2.plassen ved å gå for langt ut i fjorden nord for Sture. Mykje motstraum. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar