Her tok eg grundig feil.
Spinnakeren kom opp med det same starten gjekk, og me kom godt ut.
Ved Sotrabrua låg me mellom Vito 4 og Ventus, og me var nr. 2 i klassen på trackinga.
Me valde å gå Vatlestraumen. Dette valet vart tatt på sparket. Båtane delte seg mellom Vatlestraumen og Kobbeleia. Vatlestraumen viste seg å vera eit godt val.
Ved Raunane var me likt som Zephyr som hadde gått Kobbeleia. Me leda no klassen i trackinga.
Me lurte ein gong på om me skulle følgja Winocean gjennom Bukken. Det hadde kanskje vore lurt.
No forsvann vinden og me vart liggjande å reka. Vito4 som gjekk på Austsida av Raunane hadde vinden litt lenger enn oss og drog frå.
Ved Lerøy fekk Vito4 ein liten vind inn med land og kom seg avgarde på kryss. Etterkvart fekk også me andre denne vinden og kryssa mot Korsfjorden.
Me hadde tidleg bestemt oss for å prøva Bakkasundet. Me stod bra utover Korsfjorden, men måtte ta eit lite slag. Me kom inn i Bakkasundet likt som FS2.
No var det å koma seg ut i havet og me sløra i god fart utover. På dette tidspunktet var me igjen nr. 1 i trackinga. Denne plassen hadde me til Vito4 var i Stolmasundet.
FS2 med same fart som oss på slør. |
Vest for Møkster kunne me falla av og segla sørover.
FS2 |
Me skar inn med kurs sør for Espevær. No minka det på vinden.
Når me kom inn mot Espevær var me nr. 4 på rankinga. Farten låg no på 2 til 3 knop. Seinare enno mindre. Torkjell tok seg ein lur og skipparen styrte i nattemørket.
Ved Ramnsholmane midt på Sletta kom det ein liten bris på NØ og me fekk god fart mot Haugesund. FS2 hadde vald å segla ute i havet lenger, og kom no skjærande inn mot Haugesund. Det tente han godt på.
Når båtane kom til Sørhaugøy lykt ved innløpet til Haugesund forsvann vinden omtrent heilt.
Me kom med god fart og innhenta mange båtar som låg her. No var det å reka inn over målstreken for pitstop. Me var i mål i Haugesund kl. 05.45.35, og restart vart då 09.45.35.
Etter eit måltid lapskaus var det å koma seg til køys og prøva å få seg litt søvn.
Når det nærma seg restart var me ute i startområdet og sjekka forholda. Ventus og FS2 hadde då starta. Dei hadde vald vestre løp og me bestemte oss for å gjera det same. Rett før me skulle starta såg me at FS2 kom rekande sørover, og me valde no å starta i austre løp. Me rak utover i ca. 25 minutt for det kom ein liten bris og me kunne segla. Me hadde no tatt igjen forspranget som Ventus og FS2 hadde på oss, og var no oppe på 2.plass i trackinga etter Vito 4. Etter ei lita stund kunne me setja spinnaker og me var rask oppe med den. Me segla no i samla flokk med kurs vest for Espevær. Deretter langs Bømlolandet og mot Slåtterøy.
Ved Slåtterøy |
Me tok no peiling på Stolmebrua og når tida var inne sette me igjen spinnaker og segla i opp i 11,3 knop.
Her er ein videosnutt frå Selbjørnsfjorden. Takk til Kjell Hansen i Kilroy som filma.
https://www.facebook.com/100009855644075/videos/496182750720242/
Gjennom Austevoll med spinnaker.
Vinden auka no på og i bygene var den oppe i 13 m/s. Dette var utfordrande gjennom Austevoll, men me greidde oss utan ein einaste broach. Held på å få ein kinesar ved Pirholmen, men dette gjekk utruleg nok bra.
FS2 hadde hatt 2.plassen på trackinga no og me kjørde på det me kunne inn mot mål ved Klokkarvik.
Ved målgang hadde me brukt 7 timar og 59 minutt frå Haugesund. Dette held til 2.plass i klassen, noko me er svært fornøyd med.
Takk til Torkjell Tolo for godt utført jobb.
Me gjennomførste regattaen utan skadar på korkje utstyr eller mannskap.
Gratulera til Vito 4 som tok ein soleklar seier i klassen.
Resultat og meir om regattaen finn du her:
https://www.sailracesystem.no/regatta?regatta=2578
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar