Forbruksbatteria i X-faktor er frå april 2012. Dette er 2 stk 70Ah AGM batteri frå Biltema.
Dei fungerer greit enno, men eg har begynt å tenkja på å skifta til lithium batteri. Hadde vore greit å sleppa å stressa med landstraum på Seilmakeren doublehanded, og motorlading undervegs til Shetland. Hadde også vore greit å kunna vera nokre dagar på tur, og kunna bruka kjøleboksen, utan landstraum og motorlading.
Vurderer derfor eitt stk LiFePo4 lithium batteri på 100 Ah.
Har vore i kontakt med Makspower, og dei opplyser at eg framleis kan bruka Sterling Pro Reg D regulatoren som eg har montert og som gir god lading frå dynamoen.
Eg må derimot ha nytt skillerelé melom start og forbruksbatteri , og ny regulator på solcellepanela. Skillereléet må vera elektronisk. Solcelle-regulatoren som eg har i dag pulsladar, og LiFePo4 batteria skal ikkje pulsladast. I tillegg bør eg ha ein batterimonitor.
Dermed vert dette kostbart.
Eg tenkjer framleis på å skifta til Lithiumbatteri, men Biltema-batteria fungerer framleis fint. I 2020 kjøpte eg Victron Batterimonitor og Victron regulartor til solcellepanela, Victron SmartSolar MPPT 75/15.
SvarSlettSkifta til Lithium forbruksbatteri i Mars 2023.
SvarSletthttps://x-faktornor9341.blogspot.com/2023/03/makspower-lifepo4lithium-forbruksbatteri.html