mandag 15. mai 2017

Seier i NHS Vårregatta 14.mai 2017

Søndag 14.mai var det klart for NHS Vårregatta. Torkjell og eg skulle ta dette som trening til Seilmakeren DH. Wenche vart også med for turen si skuld.
Det var meldt S/SØ vind 3 m/s på Byfjorden og dermed skulle me segla løp nr. 1:
Frå Nordhordlandsbrua til Bakarågen og tilbake.
6 båtar sillte til start: Svalen, Tjorven, Shiba Juvel, FS2, Mathilda og X-faktor.
Starten gjekk kl. 15 og me kom nokonlunde greit ut og sette spinnaker rett etter start. Vind 1 - 2 m/s. Før me kom til Frekhaug kai vart dette for skarpt og me gjekk over til Genoa 1. No vart det rotavind og lite vind. Me såg at vinden låg lenger framme. Når me nådde i den som første båt gjekk det veldig bra unna ei stund og me låg langt framom dei andre båtane. Vinden kom no frå SV. Etter kvart dabba vinden av og me hadde ei stund 0 vind. No kom det ny vind frå NØ og den fekk båtane bak først. Me kunne sjå at Mathilda og FS2 nærma seg. Til slutt fekk me også vinden og kunne setja spinnakeren. Me sleit oss fram til rundingsmerket ved Bakarvågen, og her vart løpet avkorta. Mathilda låg no godt an til å ta seieren, men inne ved lagt forsvant vinden og Mathilda var 15 minutt etter oss i mål. På korrigert tid vann me med 45 sekund.

Me segla tilbake mot Litlebergen, men ved Morvik forsvant vinden heilt og me motra resten.
Her ein liten videosnutt frå  seglinga tilbake mot Litlebergen:



Me vart observert på Byfjjorden av arr. av Norgeshus Seilmakeren doublehanded:
https://www.facebook.com/SeilmakerenDoublehanded/photos/a.116770255149562.22532.116765601816694/763733357119912/?type=3&ref=notif&notif_t=mention&notif_id=1494779110425043

Her er artikkel på NHS si side:
http://www.nordhordlandseilforening.org/D/node/10810

Her er resultatlista

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar