9.september 2017 var det klart for Bergen singlehanded for 7. gong. Eg har deltatt og fullført alle sju gongane.
45 båtar var påmeldt. Av desse var 7 Knarr. Båtar med spinnaker var delt i 2 klassar, opp til rating 0,969 og 0,970 og over. I desse klassane var det 16 båtar i kvar klasse. Med SH Rating på 0,940 var X-faktor i minste klasse med mange tøffe konkurrentar.
Værmeldingane varierte mykje, og det var spennande korleis dette vart og kva løp me skulle segla.
Det vart løp nr. 2: Start ved Bjelkarøy, ut rundt Lille Marsteinen, rundt Blia og i mål ved Bjelkarøy.
Vinden var SØ 3 - 4 m/s i starten. Denne vindretningen held seg gjennom heile løpet. Når me segla innover Korsfjorden mot Blia auka vinden til opp i 6 m/s. Frå Blia og inn til mål varierte vinden mykje.
Eg satsa på å starta ved babord merke. Var litt for seint ute, og var i fisen av nokre 40 - 45 fotarar.
Kom meg over startstreken etter nesten 2 minuttar. Kom meg fri og skar opp til babord. Vindvinkelen var skarp og eg venta litt med å setja spinnaker. Var likevel mellom dei første til å setja. Nådde etter kort tid igjen Gleden. Gjorde tabben med å segla for nært. Eg veit jo kva Finn gjer når ein konkurrent tar han igjen! Prøvde meg i lo og i le, men det nytta ikkje. Kom meg ikkje forbi. Når me nærma oss Lille Marsteinen romma vinden litt og eg kom meg endeleg forbi Gleden. Var kanskje litt tidleg med å ta ned spinnakeren, men eg måtte ha litt tid for å tatt ned bommen. Var rett bakom Miss Helen, First 36,7, ved runding. No var det full kryss innover Korsfjorden. Hadde god fart men mykje motstraum. Nokre båtar slo seg inn mot Austevoll-landet truleg for å få mindre motstraum. Eg stod heilt inn til Blia utan å slå. Fekk tredd om spinnakerfall, skjøte og bras for å vea klar til å setja spinnaker etter runding Blia. Hadde også fått opp bommen før runding. Litt rot i setjebagen, men fekk spinnakeren ganske raskt opp og segla mot mål. Var no rett bak Levens, Elan 37, og Miss Helen. Segla forbi Rubber Duck ( Class 40) inn mot mål. Hadde etterkvart fått litt avstand bak til Gleden.
Det vart ein 4.plass i klassen. Fornøyd med det. Det var ein tøff klasse. Resultatlista finn du her.
Eg var fornøyd med seglinga mi idag.
Her er litt video. Fekk ikkje filma runding Blia og siste strekket inn mot mål. Treng litt meir trening i GoPro-filminga.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar