lørdag 9. februar 2013

Snøføyka 2013

X-faktor er påmeldt til Snøføyka 2013 som går 16.februar hos Askøy seilforening. Mannskap vert Eivind Tysse, Bjørn Rundhovde og Jan Landsvik + skipparen. Såg på nettet at det er is inn til Askøy seilsportsenter, men dei får vel ein isbrytar på plass.
På Manger er det isfritt i hamna. Nesten ikkje snø heller. I dag, laurdag morgon 9/2 er det 3 minusgrader ute. Inne i båten er det godt og varmt med 10 varmegrader. I dag må eg motera kicken og få segla på plass i båten.

1 kommentar:

  1. Været har endra seg dei siste dagane. Værmeldinga går no ut på 9 - 10 m/s frå sør-søraust. Natt til laurdag vil det koma litt snø.
    Mannskapet er no styrka med Rune Fanebust.
    Dette vert ikkje dagen for å prøva det nye storseglet. Det får venta til ein seinare anledning.

    SvarSlett