tirsdag 30. august 2016

Nordhordland seilforenings sommerregatta 27. og 28. august 2016

I staden for samling på Manger med "Mangersfjorden rundt" arrangerte NHS i år sommerregatta på Litlebergen med ein regatta laurdag kl. 15 og ein regatta søndag kl. 11. Laurdag kveld var det pizza i FjordSailing sine lokaler.
Heile 11 båtar stilte opp laurdag og 9 på søndag. X-faktor mannskap desse dagane var Eivind Tysse og eg. Me tok dette som ein del av treninga til NM Shorthanded om 14 dagar.
Laurdag skulle me segla løp 1 med start ved Krossnessundet, runding bøye ved Bakarvågen og tilbake til Krossnessundet. Det var ein liten bris frå V/SV på 2-4 m/s.
Me kom greit ut i starten og hadde FS2 på vår styrbord side. Fekk raskt opp farten og seig ifrå F2. Mathilda låg litt nærare Frekhauglandet og hadde truleg mindre vind der.



Når me nærma oss Morvik prøvde me oss med spinnaker ei stund, men dette vart litt for skarpt og me måtte opp igjen med genoaen.
No hadde Kilroy, som hadde lagt bak oss på babord side, fått opp farten og segla etterkvart forbi oss.

Når me nærma oss Askøy vart vinden skarpare og me måtte gå så høgt som mogeleg for å stå opp til merket ved Bakarvågen. Kilroy hadde tydelegvis ikkje fått med seg posisjonen til rundingsmerket og rota seg for langt sør. Me var no fremst i feltet igjen. Shiba Juvel, ein Dehler 46, runda som nr. 2. Mathilda var eit godt stykke bak ved runding, men på korrigert tid var me truleg ganske likt på dette tidspunktet.

Etter runding ved Bakarvågen

No fekk me opp spinnaker og segla tilbake mot Krossnessundet. Dette var første gang me brukte den nye spinnakeren i regatta. Bra saker.


Me segla nok litt nært Straumsnesholmane og hadde litt lite vind der. Dette fekk me betalt for seinare når vinden vart ganske skarp og me likevel greidde å stå heilt opp til mål med spinnaker. Me fekk skikkeleg fart i båten på returneren og konkurrentane vart mindre og mindre bak oss. Bjørn skreiv på NHS si side: "På returen mot mål var det ikke like enkelt å finne ut av det og vi fikk en oppvisning i spinnakerseiling fra X-Faktor som seilte fra alle og vant en klokkeklar seier".

Ved Morvik/Salhus

Ved Salhus


Me tar ned spinnakeren etter målgang laurdag.

På søndag stilte me igjen opp til regatta. Når Bjørn viste løpsalternativ 3 vart me litt i stuss. Dette stod ikkje i våre seglingsbestemmelsar. Eg hadde printa ut for tidleg. Bjørn hadde lagt til alternativ 3 eit par dagar før regattaen.
Etter ein telefon fekk me orden på dette og me skulle segla frå Krossnessundet til Hamreflu stake og tilbake. I dag var det enno mindre vind, spesielt i startområdet. Det var ein liten austleg trekk og den var best nærast Nordhordlandsbrua. Me kom igjen bra ut frå start og hadde Mathilda på babord side endå nærare brua. Når me nærma oss bruopningen kom Mowi Star, ein brønnbåt, imot og me måtte segla heilt inntil Klauvaneset for å vika. Der slo me og sto greit under brua. No var Mathilda rett bak oss. No vart det skarp kryss mot Hamreflu og vinden var 2 - 3 m/s. Det mangla 20 - 30 meter på at me greidde å stå heilt opp til rundingsstaken og dette tapte me litt på. Mathilda runda eit par minutt etter oss og FS2 rett etter. No var det opp med spinnaker og me fekk bra fart. Fekk litt større avstand til Mathilda og held FS2 bak oss.

Eivind styrer spinnakeren på veg tilbake mot Nordhordlandsbrua.

Me jibba i det me segla under brua og sette kursen mot mål. Her vart det etterkvart skarpt og me skulle ha tatt ned spinnakeren og segla Genoa mot mål tidlegare enn det me gjorde. Kunne kanskje ha vunne ein minutt her.

Me venta i spenning på at Mathilda skulle gå i mål. Me måtte slå dei med ca 6 minutt. Det vart berre 4 minutt og resultatlista viste at me vart nr. 2, 2 minutt og 3 sekund etter Mathilda.

Takk til Tore Mjåtvedt for mange fine bilder frå seglasen på laurdag.

Link til NHS sin artikkel.











Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar