søndag 22. mai 2016

Rormannen 2016

Laurdag 21.mai var det igjen klart for singlehandedseglasen "Rormannen". Kun 3 påmeldte NHS-båtar sjølv om denne regattaen i år er ein kretsregatta. Skuffande at så få melder seg på. Singlehandedseglas er jo svært populært for tida. I Danmark må antal deltakarar begrensast. "Rormannen" kan heller ikkje vera ein to-timars regatta. Det vert for lite utfordrande.
Eg gjekk frå Manger kl. 08.00 og var tidleg på plass og fekk plotta startlina inn på kartplottaren. Det var meldt 7 m/s på Byfjorden så eg starta med 3'ar og fullt storsegl. Starten gjekk kl. 11.00. Vinden varierte mellom 3 og 7 m/s på Byfjorden så eg hadde kanskje kunna segla med tung Genoa 1. Når det er sagt hadde ein i vindkasta meir enn nok segl. Fekk det ikkje heilt til på kryssen sørover. Jan Vidar i FS2 segla ifrå meg, og Bjørn i Mathilda held godt følgje. Eg hadde ei formeining om at å halda nærast Askøylandet var det beste. Prøvde på det, men Jan Vidar som gjekk meir på Åsane sida segla godt.

Her er AIS-sporet eit stykke innover Byfjorden.

Siste stykke før runding ved Nordnes var det vanskeleg forhold. Me vendte på 60 grader 24 minutt.
No var det opp med spinnaker og me skulle segla mot Skjelanger.
Det gjekk fint utover Byfjorden, nesten plass lens. Jan Vidar hadde no tapt forspranget og me var likt. Bjørn heiste ikkje spinnaker før etter Askeneset ( åt nok lunch) og kom litt bak.

Foto: Bjørn Rundhovde

Ved Askeneset måtte eg jibba. Ikkje lett singlehanded. Hadde ikkje slakka nok ut på skjøytet så eg fekk ikkje bommen på masta. Måtte la spinnakerbommen henga og bak og slakka ut litt meit. No kom bommen på plass, men då hadde sjølvsagt spinnakeren snurra seg skikkeleg rundt forstaget. Prøvde å jibba tilbake, slakka på bomopphalet, fram å dra og til slutt løyste det seg. No var det for babord halsar nordover Herdlefjorden. Dette gjekk unna. I tillegg nesten 1 knop medstraum. Jan Vidar gjekk nærare Askøylandet. Eg segla midt i fjorden. Når eg nærma meg Herdla kom det ei lita byge. Vinden kom opp i 9 m/s ei lita stund og farten var på det meste i 9 knop.


Jan Vidar og Bjørn vart etterkvart langt bak.

Ved Det Naue låg X-faktor iflg. Bjørn 18 minuttar før Mathilda og på dette tidspunktet var me likt på korrigert tid.

Eg tok ned spinnakeren før Det Naue for å unngå 2 jibbar. Hadde snurren frå litt tidlegre frisk i minnet. Fekk spinnakeren opp igjen etter det Naue og segla i god medstraum mot Skjelanger. Etter runding Skjelanger bytta eg til tung Genoa 1. Det skulle eg ha gjort medan eg hadde spinnakeren oppe. Tapte litt på dette seglskiftet.
Veldig varierande vindstyrke inn mot Bognestraumen. FS2 og Mathilda tok innpå mot slutten.
Bjørn hadde sendt SMS om avkorting ved Blodflua så no var eg i mål som første båt.

Flott seglas. Skulle vore mange fleire med.

Resultatlista finn du her.
Her er artikkel på NHS si side









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar