torsdag 22. september 2016

Høststormseilasen 2016

17. og 18. september var det igjen klart for Høststormseilasen til Nordhordland seilforening.
Mannskap var Eivind, Torkjell, Wenche og eg.
Me segla frå Manger kl. 9.20 og sette kursen mot Herdla. Dette er den regattaen som me har kortast veg til og frå!
Det var lite (ingen)vind ved Herdla, og for so vidt i heile Hjeltefjorden.
Starten vart utsett i vel ein time, men kl. 12.10 la me avgårde i 1 - 2 m/s frå sør. Fekk raskt opp spinnakeren og me kom bra ut frå start og var etter 10 - 15 minuttar fremst i feltet.


No var det om å gjera å finna vinden og medstraumen. Me valde å gå mot Toska og segla på austsida nordover.
Ventus hadde same planen. Det viste seg etter ei stund at båtane som låg nærare Øygarden fekk betre vind og me kom på etterskot.
Vinden tok seg etterkvart opp i det som var meldt ved Fedje, 4 - 5 m/s, og me segla bra nordover.
Me greidde likevel aldi å ta igjen det tapte.
Ved Mikkelboen (Rongevær) vart løpet avkorta til stor skuffelse for oss. Slik er det likevel når feltet er spreidd over heile fjorden.
Me hadde segla i 3 og ein halv time. Sun Express slo oss med 16 minuttar på korrigert tid.
Slo oss gjorde også: Mathilda, FS2, Kilroy og Fønix.
Etter målgang segla me vidare til Vikingneset i god fart. Vidare med motor til Skjerjehamn.
I Skjerjehamn vart det etterkvart god sjømat og mykje prat.

Søndag var me tidleg oppe og gjorde oss klare.
Denne dagen skulle vinden koma opp mot 10m/s frå SV ved Fedje.
Starten vart flytta til Vikingneset. Der vart det 4 - 5 m/s. Det vart mykje diskusjon om kva forsegl me skulle bruka.
Valet vart til slutt at me skulle segla med tung Genoa 1.
Kom godt ut i starten ved babord merke, og fossa utover Fensfjorden i 7 - 8 knop.
Ved runding Mikkelboen hadde me Amaryllis, Sheep Dip, Bavaria 46 og Ventus framfor oss.
Etter runding var det opp på full kryss. Vinden var no oppe i ca 7 m/s.
Etter eit par slag var me forbi Ventus ei stund. Dette var bra.

Me er framfor Ventus

Vidare innover mot Kykjeflua sleit me med for mykje segl. Spesielt når me måtte falla av før runding.
Ventus var no forbi oss.

Rett før runding Kyrkjeflua.


Vidare kryss innover Hjeltefjorden var prega av for mykje seglføring og sterk motstraum. Vinden var mellom 7 og 9 m/s.
Me tok etter kvart eitt rev i storseglet. FS2, Kilroy og Carolina av Alvøen segla forbi oss.
Planen var opprinneleg at me etter Svartskjeret skulle gå over på Øygardssida. Dette var det ingen andre som gjorde og me valde også å vera på Radøy-sida.

Skipparen i full konsetrasjon

Resultatmessing kom me litt betre ut på søndag, men var bak dei fleste båtane.

I ettertid har eg lurt mykje på korleis dette ville gått med Genoa 3 frå start til mål på søndag. Konklusjonen oppe i hovudet mitt er at det hadde vore mykje betre.

I Nordhordland seilforening sin klubbserie tel Høststormseilasen med kvar dag for seg. Dette betyr ein 5.plass av NHS båtane på laurdag og ein 3.plass på søndag. Totalt for 2016 vart det då 3.plass etter Mathilda og FS2.

NHS Klubbserie 2016

Spor søndag frå RaceQ Bruk speed x64



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar