tirsdag 6. oktober 2020

Windjammer 3.oktober 2020

For andre gong var X-faktor påmeldt Windjammer på Stord. Eg segla frå Manger til Kolbeinshamn på torsdag 1.oktober, og frå Kolbeinshamn til Leirvik fradag 2.oktober. Eivind Tysse skulle vera mannskap og han kom laurdags morgon til Leirvik. 33 båtar var påmeldt. 32 båtar starta. Dei fleste i doublehandedklassen, medan nokre båtar var påmeldt i singlehandedklasse, klasse utan spinnaker, turklasse og 4 båtar i eigen klasse for sportsbåtar.

Værmeldingane vart sjekka mange gonger før regattaen. Ved startområdet, Ytstholmen, var det meldt 8-9 m/s frå aust. Ved Hille og Fluholmen var det meldt 9-10 m/s. Ved Ilholmane 5 m/s. Alt frå Aust. Med denne austlege vinden, og sterk vind i fjellet, ville det koma vindråser. Vinden var fredag meir SØ, og det var venta at den ville vera søraust også laurdag.

Starten gjekk kl. 12.00. X-faktor med eitt rev i storen og genoa 3. Me hadde ein kjempegod start, men grunna kaos på startlina og mange tjuvstartar vart det generell tilbakekalling. 

Første start

Dermed var det påan igjen. Me mista litt oversikten og konsentrasjonen, og var langt frå startlina når starten gjekk. 


Etter nokre slag ut frå start runda me Ytstholmen på veg mot Hille som båt nr. 6 (trur eg). 

X-faktor sitt Spor frå Marinetraffic

Det gjekk unna med stikk i skjøtet mot Hillekalven. Frå Hillekalven til Fluholmane auka vinden til 13-14 m/s i kasta og me sleit med å halda god nok båtfart. Gleden, Silje og Vito 4 m.fleire segla forbi oss. Etter eit par slag bar det innover mot Ilholmane med stikk i skjøtet. Mykje vind til å begynna med. I le av Fjellberg var vinden nede i 2 - 3 m/s før den tok seg opp igjen til 5m/s ved Ilholmane. No var det spinnakerseglas mot mål i Leirvik. Me rota litt når me skulle setja spinnaker. Nedhalet på spinnakerbommen var ikkje festa, og kasteblokka på barberhalet spratt opp slik at spinnakerbommen stod rett til værs. Me sleit med å få den ned når det no hadde kome skikkeleg press i spinnakeren. Fekk det etter kvart på plass. Me prøvde å stå so høgt som mogeleg for å ha noko å gå på mot mål. Vinden ville auka inn mot Leirvik. Det vart skarpt, og når me fekk vindråser opp i 9 m/s fekk me 3 broachar der me tapte noko. Båtane rundt oss broacha også so me var i godt selskap. Gleden hadde sleppt seg litt lenger ned enn X-faktor, og me greidde å segla forbi dei før mål. Det vart berre 35 sekund, og dermed for lite til å slå dei på korrigert tid. X-faktor stod med spinnaker heilt til mål og me gjekk over målstreken i 9 knop. Det var ikkje langt til land så spinnakeren måtte ned i ein fart. Fartfylt og spennande regatta. Her er resultatlista.

Gleden og X-faktor ved kai i Leirvik etter regattaen.

Sjå og Youtube-video https://youtu.be/QDbVauZ-zS8


  






torsdag 24. september 2020

Nr. 11 på Shorthandedrankinga etter endt sesong 2020.

sjå heile lista nede i denne artikkelen: https://www.seilmagasinet.no/norgesmesterskap-shorthanded-ranking-shorthanded-seiling/yngve-lonmo-er-rankingleder-etter-sesongslutt/704709 

...og nr. 25 på lista "Årets shorthandedseglar 2020" etter å ha deltatt på alle rankingregattaene i Vestland seilkrets.  3.plass i Stord shorthanded, 2.plass i Stord rundt, 2.plass i Shetland Race Corona edition, 1.plass i Askeladden og 2.plass i Bergen singlehanded.

https://www.seilmagasinet.no/files/2020/09/22/20200921%20Aarets%20Shorthanded-seiler.pdf

Eg er med det høgast ranka på begge listene i Vestland fylke,                                                                  og nr. 2 på lista for heile Vest- og  Nord-Norge etter Thomas Robberstad frå Stavanger.

Frå Askeladden laurdag på veg mot Våge, Tsnes


mandag 7. september 2020

Bergen singlehanded 5.september 2020

Bergen singlehanded er årets høgdepunkt, og eg var ein av 5 som hadde deltatt på alle 9 regattaene. I lag med 37 andre var eg derfor påmeldt til regattaen i år også. 10-årsjubileum!
Fredag 4/9 segla eg sørover Hjeltefjorden og heilt til Bergens seilforening. Det tok 5 timar, og vinden var oppe i SV 12 m/s ved Ramsøy.
Framme i BS vert me tatt godt imot, og gjengen var etterkvart samla.
Været og løpsval var det store spørsmålet. 
Laurdag morgon var eg tidleg oppe og sjekka værmeldingane. Det skulle verta 10 m/s ved Marstein fyr frå vest. 5 m/s i startområdet. Då vart det genoa 3 og fullt storsegl frå start. 
X-faktor var første båt i startområdet kl. 10. Det var veldig stillt. Ein liten trekk frå NV. Etterkvart fekk vi oppgitt løp "Austevoll rundt". Løpet går frå start ved i Bjelkarøyosen til runding Marstein fyr, deretter gjennom Austevoll (Terneskjeret, Pirholmen, Krosshamnsundet) og til mål Bjelkarøyosen. 28 nm. 
Starten gjekk kl. 11.00 for klasse uten spinnaker og No-rating. Kl. 11.05 gjekk starten for oss andre.
Eg sette spinnakeren like før startskotet og kom greit avgårde ved babord merke.
Gleden og X-faktor var vel dei einaste båtane som segla sør for fiskeoppdrettet. Det gjekk bra. Båtane nord for fiskeoppdrettet fekk vindstilla ei lita stund. Eg kunne sjå at vinden låg lenger ute i Korsfjorden der sjøen gjekk kvit. Eg fekk ned spinnakreren ned i grevens tid, og la avgårde i 7 m/s på full kryss. Båtane som segla nærare Kleppholmen hadde nok betre straumforhold, men eg kunne ikkje slå meg inn der synes eg. Eg kjørte på til eg måtte slå ved Austevollslandet. Etter å ha slått møtte eg Vandal for styrbord halser. Trudde eg kunne gå framfor, men skjønte etterkvart at eg måtte vika. Tok eitt lite planlagt slag, men slo raskt tilbake. Ikkje bra. No segla eg for langt  før eg slo igjen. Siste slaget før eg runda Marsteinen tok eg tidleg. Eg ville ikkje overstå. Det såg eg at mange andre båtar gjorde. Fekk god høgde og runda med stikk i skjøtet. Tok innersvingen på mange båtar. Kelso og Vandal, som hadde lagt framfor meg ei stund, var no bak X-faktor. 

X-faktor sitt spor frå RaceQs
X-faktor sitt spor frå RaceQs

Mykje sjø ute ved Marsteinen. Det kjem sånn nokonlunde fram på videoen.
Etter runding bar det innover mot Terneskjeret. Rom slør, store bølgjer og vind opp i 10 m/s. I ein surf viste loggen 10,9 knop.

X-faktor fotografert frå Kelso etter runding Marsteinen.

Når eg kom til Terneskjeret var planen å setja spinnakeren på styrbord hals ( slik den vart tatt ned i luka), og deretter jibba og segla mot Pirholmen. Som tenkt sette eg spinnakeren, vinden var nede i 6 - 7 m/s. Når eg hadde fått sett den kom det ei vindråse på 9 - 10 m/s. Eg vågde ikkje å jibba spinnakeren, og tok den ned. Etter jibben måtte eg ta meg litt inn igjen og åt nista mi. 
Eg tredde om spinnakerfall, skjøte og bras og var klar til å setja for babord halser.
Lenger framme kunne eg sjå at Levens og Tigergutt hadde utfordringar med å segla spinnaker og valde å segla med genoa og ikkje rota dette til. Eg ser i ettertid at eg kunne sett spinnaker i nokre periodar.
Eg segla nært Pirholmen og låg meg så langt aust som mogeleg vidare for å få best mogeleg vind. Frå Austevollsbrua til Krosshamnsundet var det flotte forhold og farten var oppe i 8 knop. Vandal nærma seg bakfrå med ein liten gennaker, men eg greidde å halda han bak meg til mål.
I Krosshamnsundet var det omtrent vindstille, men eg kom meg gjennom heilt inne ved land på austsida. No auka vinden på igjen, og når me kom ut på Korsfjorden var vinden oppe i 11-12 m/s og det gjekk unna i stor fart.

X-faktor og Vandal på veg mot mål. Fotografert frå Krabbelure av Henrik Wigers Larsen


Her er Youtube-video frå regattaen:



Her er resultatlista. 
Det vart 2.plass i klasse med spinnaker, rating opp til 0,960. Shiraz, ein Albin Cumulus, var 32 minuttar etter X-faktor i mål, men med låg rating vann den på korrigert tid med ca. 6 minuttar.

Det er første gongen at "Austevollsløpet" vert segla i denne regattaen.  Eitt flott og spennande løp. 








 

tirsdag 1. september 2020

Askeladden - Os seilforening - 29. og 30.august 2020

For første gong meldte eg X-faktor på til regattaen Askeladden som vert arrangert av Os seilforening. Korkje Eivind eller Torkjell hadde høve til å vera med, så eg meldte på i klasse singlehanded. Det kunne vera grei trening til Bergen singlehanded 5/9. Eg vart einaste båt i denne klassen. I doublehandedklassen var det påmeldt 13 båtar og i turklassen 3 båtar. Starten laurdag gjekk ved Blia kl. 11. Det var meldt lite vind ca. 2 m/s frå NV som skulle auka litt utover dagen. Løpet som skulle seglast vart: Frå start til runding merke ved Bleikjo, runding merke i Strøneosen og mål utanfor Våge på Tysnes. Som einaste singlehandedbåt ville eg unngå trengselen ved styrbord startmerke. Satsa på start nærare babord merke. Var litt for langt frå startlina når starten gjekk og fleire store båtar rundt meg tok vinden frå meg. Når eg endeleg fekk fri vind held eg meg litt lenger aust enn dei andre. Det fungerte fint og eg segla mot Trollsøya i Austevoll med fin skjæring. Her ein liten video frå starten laurdag:

   
 Etter runding av merket ved Bleikjo skulle me segla mot merke i Strøneosen. Dette gjekk på babord hals heile vegen. Mange segla for høgt og måtte falla av på slutten. Eg hadde god fart med Genoa1 på dette legget. Hadde stikk i skjøytet siste delen før runding. Ved runding i Strøneosen sette eg spinnaker frå posen i nedgangsluka og jibba deretter. No var det mot mål utanfor Våge. Segla først mot Rekstern og jibba ein gong mot mål. Kunne nok segla litt lenger før eg jibba, men hadde fin fart mot mål i 5 m/s vind. Var i mål som 5.båt, og det viste seg å halda til ein 2.plass overall. 
Her på veg mot mål:
Her er sporet på laurdag til X-faktor frå Marinetraffic:
I hamn på Våge utanfor Mandelhuset:
Søndag gjekk starten frå Våge kl. 11. X-faktor var første båt i startområdet. Værmeldinga gjekk ut på 4 m/s frå N/NV aukande til opp i 10 m/s borte ved Austevoll etter eit par timar. Løpet som skulle seglast i dag var Start, deretter merke i Strøneosen, merke ved Bleikjo og mål i Strøneosen. Vinden i starten var berre 3 m/s. Eg ville unngå seglskift undervegs, så det vart 3'ar frå starten. Andre båtar starta med 1'ar og skifta til 3'ar ved Røttingtangen. Andre segla med 1'ar heile vegen. Fekk ein bra start. Ville ikkje segla for høgt. Det var litt bølgjer og eg ville koma meg vestover der vinden skulle vera sterkare. Venta nok litt for lenge før eg slo første gongen. Hadde god fart heile vegen til første rundingsmerke i Strøneosen, men hadde mange båtar framfor meg. Etter runding var vindvinkelen ca. 120 grader og vindstyrken hadde kome opp i 8 m/s. Spinnaker var ikkje aktuelt. So vidt eg kunne sjå var det ein båt som sette gennaker.
Det gjekk fort ned til Bleikjo, rundt 8 knop heile vegen, og eg runda samtidig som First 40.7 Susanne. Eg meiner at eg hadde hatt rett til å runda innerst, men 40.7'en med Bernt Svendsen til rors ville det annarleis. Eg ropte at han ikkje hadde overlapp, men eg måtte trekkja meg unna. Etter runding ville eg ta eitt rev i storseglet. Når eg skulle sleppa ned storseglet oppdaga eg at strømpen på storseglfallet hadde slitna og eg sleit litt med å få slakka ned. Etter litt plunder gjekk det greit. På dette siste legget var det igjen mange som segla for høgt og måtte falla mykje av på slutten. No var vinden oppe i 9 - 10 m/s og ganske mykje bølgjer. Eg sleit litt med farten, men når eg kunne stikka litt vart det betre. Skarven, Sun Fast 37, med omtrent lik rating som X-faktor, segla forbi meg på slutten med full seglføring. Det var litt surt. 
Her er sporet til Tussi og X-faktor på søndag frå RaceQs. Tussi går høgare og fortare heile vegen.
Alt i alt ein flott seglas. Spesielt laurdag synes eg at det var flotte forhold for singlehandedsegling. Mange la merke til spinnakerjibbane mine. Spinnakeren stod gjennom alle jibbane. GoPro kameraet svikta meg denne helga så det vart lite filming. Eg brukte 7 timar for motor frå Strøneosen til Manger i frisk bris frå nord. Her er resultatlista (litt innvikla !)

mandag 24. august 2020

NHS Sommerregatta 22. og 23.august 2020

Sommerregatta laurdag 22.august og søndag 23.august vart segla doublehanded av Ivar Øvretvedt og skipparen. Værmeldingane for laurdag gjekk i veka før ut på vind opp i 11 - 12 m/s frå sør. Laurdag morgon var meldingane endra til 7 - 9 m/s frå sør. Starten gjekk ved Nordhordlandsbrua kl. 14 og me skulle segla sør til rundingsbøye ved Bakarvågen og tilbake til Nordhordlandsbrua. 6 båtar stilte til start, men 2 båtar gav seg etter kort tid. Me kom bra ut i starten midt på linja. Vinden var i starten oppe i 10 m/s på det meste. Me segla med 3'ar og eitt rev i storseglet. 

X-faktor og Calluna etter starten. Foto: Madeleine Bratshaug

Det var grei seglføring. Me fant ikkje heilt ut av straumforholda og hadde nokre dårlege kryssingsvinklar. 

X-faktor sitt spor laurdag
 

Spesielt ved Morvik og mot Tertnes. Sjå bilde. Plutseleg var Anchrissi godt framfor oss. Me hadde greidd å få litt avstand til Mathilda, men no tok både dei og Calluna kraftig inn på oss. Rett før Strømnesholmane tok me ut revet og segla med fullt storsegl. Me runda ca 5 minuttar etter Anchrissi som båt nr. 2.  

Eg var litt defansiv og hadde ikkje laga godt nok klar til å setja spinnaker etter runding. Fekk etterkvart opp spinnakeren og segla på same hals heilt til mål. Vinden hadde roa seg litt på returen, men ved Frekhaug kom vinden opp igjen i 8 - 9 m/s og me kom opp i 9 knops fart. Når me nærma oss Salhus segla me forbi Anchrissi som ikkje sette gennakeren. 

Hadde fin spinnakerseglas heile vegen til mål. Var først i mål, men Mathilda slo oss på korrigert tid.


Video: Stian Flataker.

Resultatliste lørdag ligg her.

Søndag gjekk starten kl. 11. Nordvestleg vind som skulle koma opp i 3 - 4 m/s ved Sæbøfluna. Denne dagen stilte heile 9 båtar opp til start ved Tjuvholmen. Det var ein liten bris ved start, men vinden minka til under 1 m/s etter ei stund. Nordover mot rundingsmerket Sæbøfluna var det vanskeleg forhold med lite vind, skiftande både i styrke og retning - og motstraum. Etter å ha leda ut frå start segla Mathilda etterkvart forbi oss. Dei andre båtane vart langt etter. Vinden kom etter at me hadde passert Vetås. Opp i 6 m/s. Me fekk god høgde mot Sæbøfluna og det såg ei stund ut til at me kunne stå heilt opp og dermed segla forbi Mathilda. Det greidde me ikkje og måtte ta eit lite slag før runding. Mathilda og X-faktor runda samtidig med Mathilda nærast merket. Etter ein jibb fekk me raskt opp spinnakeren og segla mot mål. Det vart 4 - 5 spinnakerjibbar som gjekk fint.Hadde bra vind og god fart heile vegen. X-faktor var igjen først i mål, men Mathilda var berre 2 1/2 minutt bak og vann på korrigert tid.

Resultatlista søndag ligg her.

Ingen bilder frå søndag.Takk til Ivar som har vore DH makker på mange tirsdagstreningar, Holsnøy rundt og Sommerregttaene.