mandag 9. september 2013

Henri Lloyd Bergen singlehanded 2013

Laurdag 7.september gjekk Bergen singlehanded for 4.gong. Eg har vore med alle gongane. I år var heile 74 båtar påmeldt. Fredag 6.sept segla eg til Bergens seilforening der etterkvart 5 NHS båtar var samla; Cermedez, FS2, Calypsoen, April og X-faktor. Værmeldingane såg fine ut med ca. 5 m/s både fredag kveld og laurdag morgon. Her vart det nok "Vest i havet" i år også. I startområdet var det lite vind og starten vart utsett i ein time utan at det hadde noko stor betydning. Det var framleis lite vind. Me skulle segla løp O, dvs. Litle Laugarsøy om styrdbord og deretter i mål. Eit løp på 13 n.mil. Eg kom dårleg ut i starten, var innesperra. Segla mot Korsneset og håpa på å stå så høgt at eg kom meg forbi utan å slå. Det gjekk ikkje, og det var lite vind her. Såg at det var betre vind lenger ute i fjorden. Deretter vart det kryssing forbi Blia til midt i fjorden. Sterk motstraum gjorde at dette ikkje gjekk så bra. No forsvant vinden heilt og eg rak med opp i 0,8 knop i feil retning. Når vinden kom igjen kunne eg etter kvart setja spinnaker og segla skarp slør. Dette gjekk bra, var oppe i 2,5 knop. Vinden dreia og det vart platt lens mot mål i svært lite vind og motstraum. Løpet vart avkorta ved Litle Laugarsøy. Der var eg kl. 16.52. Dette var ein tålmodighetsprøve. Ein dårleg start og dårlege vegval gjorde at eg hamna langt ned på resultatlista denne gongen. Nr. 18 av 26 båtar i min klasse. Om laurdagskvelden var det seglarfest på Hjellestad, og det var ein sliten gjeng frå NHS som segla heimatt søndagsføremiddag. Morten Ådland med Cermedez vart nr. 2 i klassen, 4 sekund etter vinnaren, og var den av NHS seglarane som hadde det beste resultatet. Kjekt at også Tom Lennart Sætersdal som er ny seglar i NHS fekk pokal for 5.plassen i sin klasse.

                                 John Elter tok flotte bilder under regattaen.

Skipparen ser ikkje heilt fornøyd ut her.
 
 Sporet frå marinetraffic.

søndag 25. august 2013

Seier i Mangersfjorden rundt 2013

X-faktor rett før mål, ved Fugleskjeret.

Det vart seier i Mangersfjorden rundt søndag 25.august. Heile 9 båtar stillte til start. Det fleste segla shorthanded. Cermedez, Calypsoen og X-faktor singlehanded. FS2, Anchrissi, Tjorven og Funny Girl doublehanded. Mathilda og Steam med fullt mannskap. Det var meldt 7 m/s frå sør kl. 12 og 6 m/s frå sør kl. 13 og 14. Eg valde derfor å segla med 3'ar. Eg var ikkje heilt heldig med starten. God plan men var litt for sein. Var langt bak. Opptil første merke med Toskavegen var Funny Girl først, deretter Cermedez og X-faktor som nr. 3. Mathilda hadde god start, men prøvde seg med spinnaker på første legget. Det gjekk dårleg og eg segla forbi dei. No var det kryss ut mot Kvernane. På dette legget segla FS2 forbi meg, og eg runda Kvernane som nr. 4. No var det tilbake forbi Skjelanger og innover mot Bognestraumen. Det var for skarpt å segla spinnaker. Marhtilda prøvde seg men det var mykje broaching. Litt råsevind på dette legget, opp i 8 - 9 m/s. Innover mot Bognestraumen gjekk eg litt lenger frå Holsnøylandet enn dei andre. Dette gjorde eg for å få meir vind og meir medstraum. Dette var gunstig og eg segla forbi FS2 og tok kraftig inn på Cermedez og Funny Girl. Hadde fin runding i Bognestraumen og fekk god fart mot Mangersvågen og mål. Vinden hadde no dreia litt på sørvest og det vart for skarpt til å segla spinnaker her også. Var i mål som båt nr. 3 etter Cernedez og Funny Girl. På korrigert tid held det akkurat til seier framfor Funny Girl og Cermedez.

Her er sporet frå Marinetraffic. Dette er heimebane !!

søndag 4. august 2013

Søndagkveldstur

Ein rask kveldstur bort mot Tjeldstø og tilbake til Manger. Vinden låg stort sett mellom 9 og 10 m/s frå sør. Borte ved Øygarden var vinden oppe i 12 m/s. God fart heile vegen, med maks 9 knop på Gps'en. Turen tok 1 time og 30 minutt.



torsdag 1. august 2013

X-faktor på NRK1


X-faktor var ved Skjelanger då Sommeråpent-båten kom sørover torsdag 1.august. Det var litt for lite vind !

onsdag 31. juli 2013

Sommar 2013

X-faktor i sommarmodus med rullegenoa og lazy-bag. Her i Leirvik på Stord.


Avslappa segling på Selbjørnsfjorden på veg frå Leirvik på Stord til Bekkjarvik.


På kryss nordover Hjeltefjorden onsdag 24.juli 2013. Kort tid etter at dette bildet vart tatt traff me Gleden på veg sørover med spinnaker.


På Fedje laurdag 27.juli 2013.


Etter Shetlandsturen var det slark i rattet. Demontering viste at lagera var ødelagt. Magnar'n hjelpte meg å få tak i nye lager og skifta dei. Dette er no betre enn nokonsinne.

X-faktor har fått nye tauposar.

onsdag 26. juni 2013

Klasseseier i Fjordsailing Shetland Race 2013

Me vann klasse NORrating 0,931 - 1,000 både på etappen Bergen -Shetland og Shetland - Bergen.
Overall var me nr. 3 av 47 båtar.

Her er bilder frå turen

https://photos.app.goo.gl/yBFi6HyaJ6MoRfpK9
2013-06 Shetland Race
Tirsdag 18.juni 2013 segla eg X-faktor til Bergen. Det var igjen tid for Shetland Race - for 10.gong for min del. 4. gong med X-faktor.
I Bergen var det registrering og rormannsmøte. Etter det segla eg vidare til Hjellestad. Var framme der kl. 22. Onsdag morgon var mannskapet på plass: Eivind, Torkjell og Magne. Då gjekk turen vidare til Marsteinen der starten skulle gå kl. 13. Flott vær og ein fin bris frå sør. Her var det berre å få opp fulle segl og segla på layline mot Shetland. Etter kvart kom den meldte vinddreiinga mot vest og me måtte segla ein meir sørleg kurs. Vinden auka litt på og me skifta til genoa 3 idet me slo og segla nordvestover. Dette var rett tidspunkt å slå på for no byrja vinden å dreia meir sørleg igjen. Flott overfart utan regn og utan sjø på dekk. Når me nærma oss Brassay kunne me setja spinnaker. Kor nære klippen kunne me gå? Store diskusjonar ombord. No minka vinden. Me kom oss greit forbi klippen, vinden auka igjen, me jibba og fekk eit flott legg nordover sundet mot mål. Var oppe i 9 knop.  Me gjekk i mål kl. 20.00.32 norsk tid, og var svært nøgde med seglasen vår.
Fredag var det fint vær på Shetland. Om ettermiddagen var det premieutdeling på det nye Mareel kino- og konsertlokalet i Lerwick. Stor stas med 1. premie i klassen.
Laurdag var det regn og vind på Shetland. Me var mellom anna på besøk hos Aage Rougnø frå Nautnes i Øygarden som var på veg heim etter å ha segla jorda rundt i 2 år - åleine - i sin Bavaria 42 cruiser. Han hadde mykje interssant å fortelja. Om kvelden var dei 4 NHS båtane, med eit mannskap på 14, samla til felles middag på Hay's dock cafe/restaurant.
Søndag var det klart for start på returen kl. 12. Regnet bøtta ned og det var ein frisk bris frå nord. Me var ikkje heilt heldige med starten, men fekk kjappt opp spinnakeren og segla forbi mange båtar på austsida av sundet. Vart nok litt overivrige og segla for nær Brassay-klippen der det var ein forfordeleg rotavind. Etterkvart kom me oss forbi. Var no langt bak i feltet. Hadde oppe Genoa 1, men det var for mykje segl etter forholda. Bytta derfor til Genoa 3 og tapte ytterlegare i løpet av seglskiftet. Var litt motlause no, men seglasen er lang og mykje kan skje. Her gjeld det å halda motet oppe! Det var meldt minkande vind og det passar betre for oss. Om natta kom det svært mykje nedbør og vindet var oppe i 10 - 11 m/sek. På morgonkvisten minka vinden, og me låg i omtrent vindstilla frå kl. 6 til 7.30 måndagsmorgonen. Feltet var ganske samla og me kunne telja 28 båtar innanfor synsvidde. Etterkvart klårna det opp og me fekk ein fin bris frå nord/nordvest. Dette passa oss godt og me kunne etterkvart setja spinnaker som me segla med til mål. Iføgje tracinga segla me oss opp frå 5.plass til 1.plass i klassen dei siste 5 timane. Me gjekk i mål ved Marsteinen kl. 19.50 måndagskvelden og hadde tross dårleg start beste tid også på returen. Dette var stort. Tysdag kveld var det premieutdeling på Hjellestad.
Takk til mannskapet som igjen gjorde ein kjempeinnsats.
Her kan du sjå trackinga av returen i reprise. Resultatlista finn du ved å gå inn på denne sida og velja Shetland Race 2013:  https://vestlandseilkrets.no/?k=2635



mandag 17. juni 2013

Shetland Race 2013

Fjordsailing Shetland Race startar onsdag 19.juni kl. 13.00 ved Marsteinen.
Mannskap er Eivind Tysse, Torkjell Tolo, Magne Iversen og skipparen.
Du kan følgja oss her https://sailracesystem.no/regatta?regatta=1042

Totalt er det påmeldt 48 båtar. Me seglar i klasse 5: NOR Rating with spinnaker 0,931 - 1,000 der det er 9 båtar.
På linken ovanfor kan du også sjå bilete som deltakarane legg ut på Instragram.
Eg får også prøva å få lagt ut nokre bilete på bloggen på turen.