Etter å ha deltatt på Stavanger singlehanded i 2025, hadde eg lyst til å delta også i 2026. Morten ville også delta med Cruella devil. Me starta på turen sørover torsdag 20.august, og segla til Espevær første dagen. Fredag 21.august segla me frå Espevær til Stavanger der me vart tatt godt imot og fekk båtplassar på Sølyst, Grasholmen. 13 båtar var påmeldt, og 11 av desse stilte til start. Det var skipparmøte i Stavanger seilforening sine lokaler kl. 09.30. Deretter gjekk me til startområdet utanfor Seilforeningen 1928 der starten gjekk kl. 11.00.
Løpet var frå start, nordaustover til styrbord om Horge, søraustover til runding Aspøy om babord, tilbake rundt Horge til mål ved Seilforeningen 1928. Løpet var ca 23 nm. Det var meldt mykje vind frå NV. Mest vind var meldt når me skulle runda Horge 2.gong: 10 m/s med vindkast på 14 m/s. Eg valde å starta med genoa 3 og 2 rev i storseglet. Det segla eg med heile tida. Hadde god start og me kunne stå på eitt legg til runding Horge.
| Starten har gått. X-faktor til venstre i bildet. |
Etter runding Horge var eg skeptisk til å setja spinnaker. Fleire og fleire fekk etterkvart opp spinnaker, og eg bestemte meg etterkvart for å setja spinnakeren. Tapte ein god del på å venta so lenge.
| Har omsider fått opp spinnakeren |
Spinnakerseglinga gjekk heilt fint, og fekk greit ned spinnakeren når eg nærma meg Aspøy. No var det kryssing utover Høgsfjorden. Skulle ha halde meg på austsida av fjorden heile tida.
![]() |
| X-faktor sitt spor frå Navionics |
Når me no nærma oss Horge for andre gong blas det mykje. Vinden var oppe i 13 m/s og det var godt når eg kunne runda Horge og setja kursen mot mål.
| X-faktor nærmar seg mål. |




Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar