mandag 12. september 2022

Bergen singlehanded 10.september 2022



25 båtar var påmeldt til Bergen singlehanded i år. I fjor var det påmeldt 45 båtar. Kva skjer? Regattaen vart arrangert for 12. gong. Eg har deltatt og fullført alle gongane.

X-faktor var på plass i Bergens seilforening kl. 19.30 fredag kveld etter å ha segla i 6,5 timar frå Manger. Det hadde no kome melding om at starten var utsett frå kl. 11 til kl. 13 neste dag pga meldingar om lite vind. 

Laurdag stod me opp til ein strålande dag, og me hadde god tid til å gjera oss klare. På skipparmøte kl. 12.30 fekk me oppgitt at det vart løpet rundt Litle Marsteinen, Blia og i mål. Når me kom ut i startområdet kl. 12.15 var det svært lite og kl. 12.55 kom det opp flagg ut utsetjing. 

Kl. 13.35 gjekk starten. X-faktor vart litt innesperra, og fekk ein dårleg start. Så snart det var mogeleg slo eg for å segla nord for fiskeoppdrettet. Dette gjekk bra. Det var 5 båtar som segla her, og me kom godt ut.

Når me nærma oss Kleppholmen minka det på vinden som til no hadde kome frå SV. Etter ei stund med vindstilla, kom vinden igjen frå NV. Winocean, Trass og Levens fekk vinden først og for avgårde. Deretter FS2, Sheep Dip og kort tid etter Gleden og X-faktor.

No var det bidevindseglas utover mot Litle Marsteinen i opp mot 4 - 5 m/s. Krabbelure, First 45, segla forbi meg. Gleden kom også opp på sida av X-faktor, men eg greidde å runda framfor Gleden.

Straks etter runding var vinden so pass skarp at eg måtte venta litt med å setja spinnaker. Segla meg litt opp før eg sette spinnaker. No var det full fart innover mot Blia. Farten var rundt 7 knop. Eg segla forbi Krabbelure som ikkje hadde spinnaker. Avstanden til Gleden vart større og større, og eg såg at eg tok innpå FS2, Levens og  Yabadoo. Løpet vart avkorta ved Blia.  Rett før mål segla Maxi 1300, Utopia, med Kristian Bekkenes ombord forbi meg.

Dette kom til å verta jevnt i vår klasse. Det viste seg av X-faktor hadde beste tid, ca 1 miutt før FS 2, som igjen var 1 minutt før Levens, som igjen var 3 minuttar før Gleden. Det vart desverre mange som ikkje greidde å fullføra innan maksimaltida kl. 18.00.

Resultatliste.

Om kvelden var det betasuppe og premieutdeling. X-faktor vant klassen opp til 1.000 i rating, og vart også tildelt Jan Hjellestad's minnepremie som klassevinnar med nest lågaste korrigerte tid. 

Her er litt video frå regattaen. Eg hadde ikkje kontroll på GoPro kameraene, så det vart dårleg filming frå Litle Marsteinen til Blia.


Her er nokre bilder:

X-faktor før start. Foto: Espen Sandøy


X-faktor på veg frå Litle Marsteinen mot Blia. Spinnakeren er ikkje heilt oppe. Fekk ordna det .
 Foto: Henrik Wigers Larsen


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar