tirsdag 20. september 2022

Høststormseilasen 17. og 18.september 2022

Høststormseilasen 2022 gjekk i år til Kilstraumen Brygge i Austrheim. Dette på grunn av ombygging av Fab.nr. 8 på Fedje.

Doublehandedklassen var i år teljande i Seilmagasinet si shorthandedranking med vektal 0,50. Det må vera 6 startande båtar i regattaen for at den skal telja med. DH-klassen fekk til slutt 7 påmeldte båtar, og 6 starta. Levens, Sheep Dip, FS2, Shiraz , Trass og X-faktor. X-faktor hadde Eivind Tysse og skipparen som mannskap. Det var ialt påmeldt 22 båtar til regattaen.

Det vart mykje studering av værmeldingane i dagane før regattaen. Det vart meldt mykje nordavind.

Værmeldinga laurdag gjekk ut på vind frå N 11 - 13 m/s med vindkast opp i 17 m/s. Nokre regnbyger.

Værmeldinga søndag var også vind på Nord. Sol og klår himmel. Vind i startområdet 8 m/s, ved Rongevær 12 m/s og i målområdet  8 m/s.

Til laurdag vart det i siste liten laga eit løpsalternativ 2: Start ved Herdla, runding Svartskjera nordst på Radøy, innover mot Fosnstraumbrua og målgang mellom Risøyna og Bakka. ca. 23 nm.

Søndag var løpet: Start ved Vardetangen, Mikkelboen, Kyrkjeflua og målgang ved sørspissen av Toska i Mangersfjorden.

Me heiste storseglet med 2 rev i Toskasundet, og segla ut til startområdet i stor fart. Me fant ei lun vik ved Sætrevika der me låg til fleire båtar dukka opp. Startbåten greidde ikkje å få ut startbøyane i den sterke vinden, og store bølgjene. Starten vart etter kvart opplyst over VHF at den skulle flyttast til mellom Mefjordboen og startbåt. Dette drog ut i tid, og det var stress å segla att og fram her ute. Me hadde ein tur bort i Nordra Straumsundet i Øygarden. Der var det fine forhold, men me måtte ut igjen i fjorden. Eg vart etterkvart lei, og synes ikkje dette var så moro. Me bestemte oss (eller var det eg) for at me segla tilbake til Mangerøy. Me hadde kome bort til Skjelanger når det vart opplyst på VHF at startprosedyren starta 13.50 og starten skulle gå 13.55. Me såg på kvarande, og jau, me seglar ut igjen.

Starten gjekk kl. 13.55, og det var jo greit å segla når me kom i gang på kryssen. Me starta ved styrbord merke og segla på styrbord halsar til Stureterminalen. Der slo me og segla til Nordra Flesi. Det gjekk ganske bra med 2 rev og hardværsfokk. Hadde bra fart i båten. No heldt me oss nær Marøy og holmane nordover til Svartskjera. I ei av bygene viste vindmålaren 15,4 m/s. Vinden låg stort sett på 10 - 12 m/s, og i bygene 13 - 14 m/s.

Etter runding Svartskjera vart det full fart innover mot Fosnstraumbrua. Me tok etterkvart ut reva i storseglet, men segla med hardværsfokken. Etter runding av Stridsholmen var det 4 - 5 slag til målpassering. Me gjekk i mål kl. 16.19.36. Det held til 2.plass i DH-klassen vel 5 minuttar etter Levens.

Spor frå Marinetraffic laurdag

I Kilstraumen vart me dirigert til fortøying. Kl. 19 var det buffet med masse god mat og god stemning. Etter maten var det premieutdeling, og trekning av masse flotte gåvepremiar.

Det vart tidleg kveld. Me måtte vera opplagt til neste dag.

Søndag vakna me til flott vær. Starten skulle gå kl. 11.00, så me løyste fortøyningane kl. 9.50.

Starten gjekk mellom 2 store gule startbøyar vest for Vardetangen. Vinden var rundt 8 m/s rett frå nord. Det var god nok plass før start. Me gjekk litt forsiktig ut med same seglføring som dagen før: 2 rev i storseglet og hardværsfokk. Det ville verta aukande vind i sløren ut Fensfjorden mot Rongevær, og X-faktor vert litt vanskeleg å ha med å gjera dersom me har for mykje duk på slør.

Me kom greit ut frå start og kryssa nordover til me kunne falla av og sløra ut mot Mikkelboen.

Det gjekk unna og me segla ved sida av FS2 og Olliver heile vegen til Mikkelboen og vidare til Kyrkjeflua. Etter runding av Mikkelsboen tok me ut eitt rev i storseglet. Frå Kykjeflua mot Svartskjera var det platt lens. Me heiste no fullt storsegl og bytte forseglet til ein tung Genoa 1. Etter runding av Svartskjera segla me platt lens med spidd genoa. Dette gjekk unna. Me hadde over 10 knop på loggen mange gonger. Høgaste farten på loggen var 11,9 knop. Levens og Amaryllis heiste spinnaker ved Marøy. Likevel synes eg at me tok litt innpå Levens innover. Me gjekk i mål kl. 14.06.57. Det vart 2.plass også søndag. 3 minutt og 8 sekund etter Levens. Det gav 2.plass samanlagt i DH-klassen. Levens og X-faktor hadde dei 2 beste tidene på søndag uansett klasse ! Dette må me vera nøgde med. Takk til Eivind som var mannskap.

Spor frå Marinetraffic søndag.

Legg ved litt bilder. Det kjem YouTube fil frå regattaen, men eg ventar litt med å leggja den ut.

Ankerdram i Kilstraumen

FS 2 utover Fensfjorden

FS2 og Olliver utover Fensfjorden

Skipparen ser nøgd ut



Olliver og FS2 mot Kyrkjeflua

FS 2 mot Kyrkjeflua

X-faktor i mål. Foto Jan Gunnar Korsøen




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar