lørdag 6. august 2022

Ny kartplottar (MFD) Raymarine Axiom 7

Raymarine MFD e7 , som eg har hatt sidan 2012, har fungert fint. Den hadde plass til 2 kartbrikker. For nokre år sidan slutta den nederste å virka. I sommar slutta også den øverste å virka, og kartplottaren oppfatta ikkje at det var sett inn kartbrikker. Spraying mm virka ikkje. Dette var visstnok eit kjent problem med desse plottarane.

Har derfor kjøpt meg ein Raymarine Axiom 7. Dennr er med ein rein touch-skjerm. Har vore litt skeptisk til det, men vil prøva. Eg har jo også trekk med plastglas til å ha over plottaren. Denne har Seilmaker Iversen laga til meg.

Eivind hjelpte meg å trekkja ledningar og kobla opp den nye plottaren. Det vart litt meir styr enn eg såg før meg med Seatalk 1 og Seatalk ng, og me flytta litt på seatalkadapter og basestasjonen til fjernkontroll for autopiloten. No snakkar instrumenta med kvarandre.

Raymarine Axiom 7

Skjermen viser Kompasskurs og COG. Vindretning og styrke (gult merke) , straum/avdrift (blått merke), spor, AIS mål m.m.

Startlinje/Startklokke

Polardiagram for X-332 ligg inne, og kryss- og lensevinklar ligg inne som strekar på kartskjermen. Dette bildet viser også vinkel og fart iflg. polardiagram og polarytelse i %.

Basestasjon for fjernkontroll til autopilot og diverse Seatalk utstyr er flytta fram til over kartbordet.

  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar