tirsdag 21. mai 2019

Stord shorthanded

Søndag 19.mai deltok X-faktor i Stord shorthanded i doublehanded-klassen. Det vart 3.plass på oss. Eivind Tysse var mannskap.
Eg segla frå Manger 18.mai kl. 8 om morgonen. Det vart ca halvt om halvt med segling om motor. Var framme i Lervik kl. 18.30 om kvelden. Neste morgon kom Eivind, og me var klare til regatta.
9 båtar stilte til start. Starten skulle gå i Lervik hamn kl. 12.
Kl. 11 fekk me vita at løpet var Kortversjon av løp nr. 1.
  • Start: Moloen ved Leirvik Havn – overrettlinje mellom stake og ytterkant av Storddøra 
  • 1. Hestholmsflua (stake) om styrbord. 
  • 2. Brømenholmen (sør for Ålforo) om styrbord. 
  • 3. Brunsholmen om babord.
  • 4. Klassen om styrbord. 
  • Mål: Eldøy
Me kom bra ut frå start. Styrbord merke var soleklart favorisert, og me kneka oss saman der. X-faktor var nærast styrbord merke når starten gjekk. Det var trangt, lite vind og tett med båtar. Me kom oss ut frå hamna, og no var det kryssing mot Hestholmflua. Vinden var ca 3 - 4 m/s frå SV.
Når me runda første merke var Amaryllis (First 40.7) først, deretter Match (Bavaria Match 35) og så X-faktor. Amaryllys heiste spinnaker ved runding. Det gjekk ikkje bra, og dei stoppa opp. No minka vinden, og plutselig var X-faktor fremst i feltet. Rett før Bømlabrua var det omtrent vindstille, men no fant Amaryllis noko vind inn med land, og kom seg først under brua. No var det kryssing nordover Nyleia. Match seig litt i frå oss. Vinden var oppe i 5,5 m/s frå NV.

X-faktor nordover Nyleia med ny Elvstrøm Genoa 1 med karbonfibrar.

Ved runding Brømenholmen var Match ca. 5 minuttar framfor oss. Me var raskt oppe med spinnaker og jibba oss sørover. Hadde fin driv fram til runding Brunsholmen rett etter Bømlabrua. Match seig litt frå oss sørover, men me tok dei igjen ved brua og dei var der 5 minuttar framfor oss. Etter Bømlabrua, ved runding Nautøya, leda me ifølgje RaceQs regattaen på korrigert tid.



X-faktor under Bømlabrua. Alle bilder: Jostein Vågenes
Herfrå og inn til mål ved Eldøya gjekk det ikkje so bra. Me var nok for nære land. Rotete vind. Me tok ned spinnakeren ei stund, deretter opp igjen med den. Tok ned på nytt. Skulle nok hatt den opp igjen ein gong til.
Amaryllis og Match drog frå oss, og Match var 16 minuttar før oss i mot. Match vann dermed regattaen og me kom på 3.plass 6 minuttar etter Match på korrigert tid.

Spor frå Marinetraffic
Her er resultatlista:



Mandag morgon segla eg heimatt til Manger. Med mykje kryssing vart det 65 nm i distanse på heimturen som tok 12 timar.
Takk til Eivind som stilte opp som mannskap, og som kobla opp den nye Victron batterimonitoren.
Takk til Jostein Vågenes for flotte bilder.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar