Eg segla X-faktor singlehanded i dag. I tillegg var eg startbåt, så eg kom litt seint ut i starten.
Flotte forhold på Mangersfjorden i dag med vind på 3 - 6 m/s.
X-faktor sitt spor på Marinetraffic. God dekning på Marinetraffic då eg har stasjon heime hos meg. |
Etter runding Kvernane vest for Skjelanger var det spinnakerføre. Eg drøya litt med å setja spinnaker slik at eg unngjekk spinnakerjibb. Hadde fin spinnakerseglas inn mot Bognestraumen i opp i 7 knop.
Nedtak av spinnaker gjekk fint, og etter runding av Blodflu lykt var det seglas med stikk i skjøtet mot Mål i Mangersvågen.
Her er resultatlista.
Johnny Nordskag tok eit flott bilde av X-faktor:
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar