mandag 17. juni 2019

Stord Rundt 2019

X-faktor har segla regattaen Stord rundt ein gong før. Det var i 2013. Den gongen gjorde me det godt med seier i DH-klassen på sørgåande legg. Samanlagt vart det 2.plass i DH-klassen.
No var det tid for å prøva igjen. Eivind Tysse var mannskap som i 2013. Eivind kom ombord på Hjellestad kl. 17 fredag 14.juni. Starten skulle gå kl. 18.05 i Fanafjorden ved Bjelkarøy. Løpet vidare var mot Langenuen, utover Selbjørnsfjorden, sørover Nyleia og til Leirvik.
Me kom bra ut i starten i ein liten bris frå SV. Når me kom ut på Korsfjorden tok vinden seg opp litt og me gjorde god fart sørover. Dette såg bra ut. Me hadde berre 3 båtar framfor oss, mellom anna 2 X-35. Det vart bra avstand til båtane bak. Når me kom til Langenuen i halvti-tida minka det på vinden, og før me kom til Tobbholmane vart det stille. Båtane bak tok oss etterkvart igjen. Me låg for langt ute i fjorden og vart tatt av straumen. På det meste rak med nordover med ein fart på 1,1 knop. Straumen gjekk nordover enten det flødde eller fjæra.
I 7-tida om morgonen kom me oss forbi Tobbholmane.

Spor frå Marinetraffic. Slik gjekk heile natta.
Me valde å segla austom Tobbholmane. Det var ein tabbe då me hadde motstraum heile vegen , medan båtane som gjekk på innsida/vestom holmane hadde medstraum ei stund.  No vart det fin spinnakerseglast utover Selbjørnfjorden og rundt flytestaken på Sigleflua. Løpet vart avkorta eit par nautiske sør i Nyleia. Ingen god plassering. Det vart 11.plass.
Klokka nærma seg 12 på laurdag før me kom til Leirvik for motor.  Det hadde ikkje vorte noko søvn om natta, så no var det godt med eit par timars søvn.
Det vart også tidleg til køys om kvelden. Søndag morgon stod me opp kl. 7.30 og var ganske utkvilte.
Start på nordgåande løp var kl. 10.05 i Leirvik hamn. Løpet går så sørvestover forbi Eldøyane, under Bømlabrua, nordover Nyleia og målgang i Bekkjarvik.
Me kom sånn nokonlunde bra avgårde. Straumen gjekk innover Bømlafjorden, så det var lurt å segla tett ved Stord-landet.
Spor frå start i Leirvik søndag til Stokksundet.
Me var litt for langt ut i fjorden på første legget og havna langt bak i feltet. Deretter gjekk det betre og når me kom til Bømlabrua låg me godt an.
No var det spinnakerseglas resten av vegen til Bekkjarvik. Nordover Nyleia i roleg vind, 4 - 5 m/s. Noko motstraum. Me kom oss fint gjennom den tronge passasjen ved Ringholmen. Herfrå og ut mot Sigleflua tok vinden seg opp i 9 m/s på det meste, og me fekk ein broach i den skarpe vindvinkelen.
Over Selbjørnfjorden låg vinden på ca 6 m/s, og me segla spinnaker heilt til mål.
På nordgåande løp vart det ein fin 4.plass eitt sekund etter nr. 3, Båten Vår. Det vart båtane med lågast rating som gjorde det best i dag.
Me er kjempefornøyde med å ha slått Gleden, FS2, Vito4, Levens og Vilja på nordgåande løp.
Samanlagt vart det berre ein 7.plass og lite poeng å henta i Shorthanded-rankinga.
Takk til Eivind som var mannskap.
Resultatliste

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar