Eg oppdaga at det var kome vatn i girolja. Det var 5,5 år sidan eg skifta simmeringar i segldrevet og fekk den gongen beskjed om at akslingen var slitt. Fekk no time på Bildøy Båt og Motor mandag 4.november for å skifta aksling og simmeringar.
Segla til Bildøy søndag 3.november i fin austavind i Hjeltefjorden. Brukte 4 timar og 45 min på turen.X-faktor vart løfta på land kl. 10 mandag og sjøsett kl. 14 etter at jobben var gjort. Hang i stroppen med nokre støtter framme og bak.
Segla frå Bildøy kl. 14.30 mandag og var heime på Manger kl. 19. Nordaust vind på 1,5 til 2,5 m/s i Hjeltefjorden.
Legg til bildetekst |
Roald Atle Furre tok dette bildet frå Rong av X-faktor på veg nordover.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar