onsdag 11. september 2019

Bergen singlehanded 2019

Laurdag 7.september arrangerte Bergens seilforening regattaen "Bergen singlehanded" for 9.gong.
40 båtar var påmeldt. Klassen med spinnaker vart delt i 2, og X-faktor var i klassen med rating opp til 0,980. Her var det 17 båtar.
Værmeldinga gjekk ut på nordleg vind 8 - 11 m/s.
Når starten skulle gå i Bjelkarøyosen var det fine forhold med ca 7 m/s. Løpet som vart annonsert var "Tysnesløpet". Dette er ca 28 nm ned til ein holme utanfor Våge på Tysnes, og retur til Bjelkarøyosen.
Eg fekk ikkje med meg startprosedyren. Høyrde ingen lydsignal og såg ingen flagg. Det er ikkje så lett når ein er åleine ombord og 40 båtar surrar rundt. Kl 11 høyrde eg nedteljing over VHF. Eg trudde det var nedteljing til at startprosedyren skulle begynna. Det var feil. Det var starten, og eg var langt frå startlinja. Vart ca 5 minuttar for sein til starten.
Fekk spinnakerbommen på plass og heiste spinnaker. Det var sjølvsagt snurr i den. Var framme og prøvde å få den ut, men nei. Begynte å ta ned, og dermed kom snurren ut. No var det å få den heilt opp og få opp farten. Segla for styrbord halser.
Ved Korsneset fant eg ut at det var greie forhold for å ta ein jibb. Det gjekk greit, og det vart god fart sørover. Var oppe i over 9 knop. Eg segla i ein fin bue inn mot Våge. Dette gjorde at eg hadde fin vind heile vegen, og fekk fin skjæring inn mot runding.
Det hadde gått bra, og eg tok igjen, tok innpå, mange av konkurrentane.
Ved runding var Nova og Miss Helen berre 150 - 200 meter framfor meg. Gleden var godt bak.
Ved runding var vinden nede i 2 - 3 m/s, men tok seg opp på kryssen utover Bjørnefjorden.
Sør for Røtinga vart det bra med vind, og her skulle eg tatt eit rev i storseglet. Eg tok eitt slag ved Holmane nord for Reksteren. Slo utover igjen og segla midtfjords, slo utover igjen, og segla heilt bort til Austevoll. Tok ytterlegare 2 slag. På bildet av sporet på kartplottaren ser krysningsvinklane fine ut, men det vart for mykje pining og redusert fart i den sterke vinden som var oppe i 11 - 12 m/s.
Skulle som sagt tatt eitt rev, og kanskje også rull litt inn på fokka.


Kom meg i mål etter 5 timar og 34 min seglas. Det held til ein 5.plass i klassen. Hadde starten vore god kunne eg ha kjempa om ein 2. eller 3.plass.
Her er resultatlista.
Eg har no fulltført alle 9 "Bergen singlehanded" som 1 av 5 seglarar.
Eg får prøva igjen neste år!

Her er litt video.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar