mandag 15. september 2014

Høststormseilasen 2014

13. og 14.september var det igjen klart for Høststormseilasen. 26 båtar var påmeldt og seglasen gjekk i år som i fjor til Skjerjehamn.
Det var rolige vindforhold laurdag og starten gjekk i ein SØ vind på 2 m/s. Denne vinden held seg til me kom nord til Marøy. Vinden dreia nok litt på sør. Ved Marøy vart det omtrent vindstille før det kom ein vestleg bris på 3 m/s. Me hadde ein plan om å gå nærast Øygardslandet. Denne følgde me ei stund, men var ikkje der når den vestlege vinden kom . Dette tapte me mykje på. I den vestlege vinden gjekk det fint for spinnaker ut rundt Mikkelsbåen og innover Fensfjorden. Løpet vart avkorta ved Vikingneset. Laurdag kom me på 4.plass i klassen etter FS2, Alna II og Gleden. Gleden slo oss med 8 sekund på korrigert tid.

Søndag var det meldt flott vær med sol og 5 m/s frå Nord ved Fedje. Starten gjekk i ca 3 m/s frå nord og denne vinden held seg sørover Mjømnesundet.

Når me nærma oss Vikingneset såg me at dei fremste båtane låg i vindstilla. Kva gjer me no? Det var viktig å koma seg nærast neset. No var det ned med spinnaker og opp med genoaen og me kryssa i svært lite vind mot neset. "Mad men" og "Flyfisk II" kom seg først forbi neset og kom seg utover Fensfjorden. Dei neste 3 båtane som kom seg forbi neset var Obelix, Ventus og X-faktor. Resten av feltet vart liggjande. Me rak utover Fensfjorden i 0,3-0,4 knop. Etter kvart kom det opp i 1m/s vind frå sør og me seig utover. No kunne me sjå at nordavinden kom lenger ute i fjorden. Obelix, Ventus og X-faktor fekk vinden omlag samtidig og me fossa utover mot Rongevær på full kryss, seinare med stikk i skjøtet i 5-6 m/s. Ved runding Mikkelsbåen var det opp med spinnaker og segla vidare mot Kykjeflua. Her vart løpet avkorta. Ventus var ca 2 minutt før oss i mål. Obelix 10 sekund før oss. På korrigert tid hadde me klasseseier søndag, og det held også til klasseseier totalt.
Takk til Wenche og Eivind som var mannskap.

Her er bilder:

https://plus.google.com/u/0/+HaraldMatland/posts/CWH6ZAeJD38

Resultatliste og tracking ( du må ha Google Earth) finn du her.

1 kommentar:

  1. Linken til bildene fungerer ikkje lenger då det er slutt på Google+. Her er ny link til bilder på Google foto: https://photos.app.goo.gl/XYzpYYTKUVt8FtYT9

    SvarSlett