Søndag var det klart for Mangersfjorden rundt. Då kom Mathilda med Bjørn, Helge og Arne for å vera med.
Gamle svarten er ikkje noko regattabåt, så då var me 4 båtar som starta.
Eg skulle segla singlehanded som trening til Bergen singlehanded. Det var meldt 12 m/s frå NV og dette stemte godt. Ikkje heilt ideelle forhold for singlehandedsegling, men ei lærerik trening.
Eg tok eit rev i storseglet før start og sette genoa 3. Det var grei seglføring for desse forholda.
Kom greit ut i starten som første båt.
![]() |
Starten går! |
![]() |
Cermedez seglar forbi meg. |
No var det full fart innover mot Bognestraumen i ganske store bølgjer. Loggen viste på det meste 9,8 knop og vinden var på meste oppe i 13 m/s. Mathilda var einaste båt som sette spinnaker. Eg segla autopilot og åt nistepakken.
![]() |
Mot Bognestraumen bak Cermedez (Hurtigruta til babord) |
Ved runding i Bognestraumen vart det kryssing mot mål i Mangersvågen. Vinden låg på opp mot 12 m/s.
Hadde nokre dårlege slag der båten nesten stoppa opp. Ikkje bra. Overstod også på siste legget og tapte mykje på det.
![]() |
X-faktor sitt spor siste del av regattaen. Slo for sent inn mot mål i Mangersvågen. |
Brukte 1 time 40 min og 51 sekund på løpet. Det held til 3.plass 50 sekund etter Cermedez og vel 4 minutt etter Mathilda.
![]() |
X-faktor går i mål. |
Meir bilder og resultatliste finn du her
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar