søndag 1. juni 2014

NHS Vårregatta 2014

Søndag 1.juni var det klart for NHS sin vårregatta. Mannskap  var mannskapet som skal segla Shetland Race i år: Eivind, Torkjell, Lise Iren og skipparen.
Starten skulle gå kl. 12 men då var det igen vind. 4 båtar var i startområdet: Mathilda, Calypsoen, Steam og X-faktor. Kl. 13.40 kom vinden og regattaen starta ved Tjuvholmen. No var det kryssing nordover til Sæbøflua. Vinden starta med 3 m/s og auka til 6-7 m/s ute ved Sæbøflua. Det var god medstraum utover. Ved runding Sæbøflua var me raskt oppe med spinnakeren og segla innover mot Tjuvholmen. Ved runding Sæbøflua leda me med 5,5minutt på Mathilda. Det meinte me skulle vera nok til å leda på korrigert tid. Me valde å gå inn mot Meland-landet for ikkje å få så sterkt motstraum sørover. Det var nok ein tabbe for der var det lite vind. Me kom i mål etter 1 time 39 minutt og 53 sek. Frå Sæbøflua mot mål hadde Mathilda same farten som oss og slo oss med 1 minutt og 25 sek. på korrigert tid.

Resultatlista
Sporet vårt

Torkjell, Eivind  og Lise Iren

God medstraum i Bognestraumen ved veg tilbake til Manger.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar