Etter 5 veker i hus på Askøy var X-faktor sjøsett 1.november, og eg gjekk båten til Bildøy der ny mast skulle setjast på. Ny mast kom på onsdag 5.desember. Toppvanta er nye. Det viste seg at mellomvanta var for lange. Avstanden mellom øvre og nedre saling er kortare enn på den gamle masta. Mellomvanta vart sendt til austlandet for å kortast ned. Fredag 21.dsember skulle endeleg mellomvant på plass. No var dei for korte !!
Er påmeldt til Neglespretten 5.januar 2013, men eg tvilar på at eg får båten klar.
Her ligg X-faktor på Bildøy. Eg gjekk X-faktor tilbake til Manger torsdag 13.desember.
onsdag 26. desember 2012
onsdag 26. september 2012
Ny mast og rekkelist
Etter eit uhell i sommar må X-faktor ha ny mast og ny rekkelist på styrbord side. Karl Otto tok av masta onsdag 27/9 på Bildøy. Deretter gjekk eg båten til Dolvik Båtbyggeri på Askøy som skal skifta rekkelista og pushpit på styrbord side. Båten vart tatt på land 28/9 og står no i hus.
lørdag 30. juni 2012
Shetland Race 2012 - fotoalbum
Det vart eit fantastisk Shetland Race. Overallvinnar på 1. etappe Bergen-Lerwick. Seier i doublehandedklassen etter begge etappane. På 1. etappen var det flott vær og rolege vindforhold. Hadde ikkje vatn på dekk. 2. etappe vart mykje tøffare med kuling i periodar og mykje sjø over båten. Me var slitne når me gjekk i mål ved Marsteinen mandag ettermiddag. Takk til Eivind som sto på som co-skippar. Dette var 7. gongen Eivind og eg segla til Shetland i lag.
Laurdag ettermiddag tok Karen Jamieson oss med på guida tur til Eshaness coast. Mange bilder frå dette spesielle landskapet.
Klikk på linken under for å sjå fotoalbumet.
https://goo.gl/photos/o8sW1X8aVtGZNkbe7
Laurdag ettermiddag tok Karen Jamieson oss med på guida tur til Eshaness coast. Mange bilder frå dette spesielle landskapet.
Klikk på linken under for å sjå fotoalbumet.
https://goo.gl/photos/o8sW1X8aVtGZNkbe7
![]() |
Shetland race 2012 |
onsdag 27. juni 2012
lørdag 16. juni 2012
Shetland Race 2012
Det nærmar seg Shetland Race. Starten går kl. 13.00 onsdag 20.juni. I år stiller X-faktor i doublehandedklassen med Eivind og Harald som mannskap. Det er ein tøff klasse med tilsaman 6 båtar der den raskaste er Rune Aasberg sin "Solo". Jørund Fjøsne i "Storm" er også ein habil DH-seglar. Det same kan også seiast om dei andre i klassen. Det er meldt rolege vindforhold med skiftande bris og stort sett opphaldsvær på overfarten til Shetland. Båtane vil verta tracka. Føl med på https://vestlandseilkrets.no/?k=2635
søndag 3. juni 2012
Seier i NHS sin Vårregatta
Heile 7 båtar stillte opp på NHS sin Vårregatta 3.juni. Vinden var oppe i 11 m/s frå N så det var friske forhold. Både Julianne og X-faktor segla singlehanded i dag. Det var ganske jobbigt på kryssen oppover mot Sæbøflua. X-faktor var fremst i feltet frå start til mål og tok seieren med Julianne på 2.plass.
Takk til Bjørn for flott foto:
Takk til Bjørn for flott foto:
mandag 28. mai 2012
Bilder frå Seilmakeren doublehanded 2012
![]() |
SDH 2012 |
Her er fotoalbumet frå Seilmakeren doublehanded 2012. Det vart ein seglas i lite vind, og i lange periodar ingen vind. Det er første gang me har ankra opp for ikkje å reka tilbake. Me brukte 18,5 timar frå Askøy til Florø. Der var det 6 timars pitstop. Deretter brukte me 19,5 timar på turen tilbake. Det vart til slutt 6.plass i klassen der det var totalt 18 båtar. Dermed vart det premiering også i år. Dessutan fekkTorkjell raud vimpel for 3 fullførte SMDH (alle med X-faktor). Eg fekk som einaste deltakar blå vimpel for 6 fullførste SMDH. Me stiller nok opp igjen neste år også!
lørdag 26. mai 2012
Seilmakeren doublehanded 2012
Mykje vindstilla under Seilmakeren doublehanded 2012. Her er Torkjell til rors rett etter restart frå Florø. Han ser litt trøytt ut!! Me vart til slutt nr. 6 i klassen og vart premierte. Eg kjem tilbake med meir stoff og bilder frå turen.
lørdag 19. mai 2012
Seilmakeren doublehanded 2012 nærmar seg
![]() |
Søndagssegling i Hjeltefjorden 20.mai. |
søndag 13. mai 2012
Jomfruturen 12.mai 2012
Laurdag 12.mai var det klart for første klubbregatta i Nordhordland seilforening. Torkjell og eg tok dette som første trening til Seilmakeren doublehanded som startar 24.mai. 4 båtar stillte til start og det vart som vanleg kniving mellom Julianne og X-faktor. Det var bygevær og vinden varierte mellom 4 og 11 m/s frå NV. Me var litt rustne begge to, og gløymde oss litt bort i starten. Var nesten eit halvt minutt for seine over startstreken. Julianne runda første merke litt framfor oss. Så fekk me no etterkvart opp spinnakeren og segla mot Isdalstø. Me runda i Isdalstø rett framfor Julianne. På kryssen opp igjen til Hilland hadde me fint driv og god fart i båten. Segla med 3'ar og fullt storsegl. På spinnakerlegget tilbake til Isdalstø og mål blas det godt og me såg 9 talet på loggen. Me var ca. 8 minutt før Julianne i mål, men på korrigert tid vart me slått med 42 sekund. Det vart ikkje noko fotografering, men eg tok eit bilde av nyebåten til Alf, Steam, på veg heim igjen.
onsdag 9. mai 2012
Sjøsetjing 9.mai 2012
Kl. 8 i dag tidleg var det sjøsetjing. Til helga seglar Torkjell og eg NHS sin første regatta i år, Jomfruturen. Dette tar me som trening før Seilmakeren doublehanded.
lørdag 5. mai 2012
Snart klar for sjøsetjing

lørdag 28. april 2012
Båtopptak
I dag vart X-faktor løfta på land for vårpuss. Brukte for første gang senterløften. Hadde kjøpt stropp og sjakkel hos X-yachts. Dette fungerte veldig fint og båten hang heilt i vater. På nederste bildet er båten vaska under. Det er heldigvis meldt fint vær i neste veke. I morgon startar eg med polering.
torsdag 19. april 2012
onsdag 4. april 2012
Shetland Race/Seilmakeren DH 2012
Torkjell og Magne har vorte småbarnspappaer og vert ikkje med til Shetland i 2012. Etter å ta tenkt oss godt om, har Eivind og eg kome fram til at me skal segla doublehanded til Shetland i år. Det vert spennande.
Både Eivind og eg fornya sikkerhetssertifikatet i mars i år, so me har papira i orden. Eivind har vore mannskap med meg til Shetland i 2005, 2006, 2007, 2008, 2009 og 2011. Eivind har dessutan segla til Shetland fleire gonger, både som mannskap og med eigen båt, også singlehanded. Me har også segla Seilmakeren doublehanded ilag i 2007, 2008 og 2009
I Seilmakeren doublehanded 2012 skal Eivind vera co-skippar på Farvide, ein First 44.7, med Arvid Høgelid som skippar. På X-faktor vert mannskapet på Seilmakeren doublehanded som i fjor, Torkjell og eg.
Både Eivind og eg fornya sikkerhetssertifikatet i mars i år, so me har papira i orden. Eivind har vore mannskap med meg til Shetland i 2005, 2006, 2007, 2008, 2009 og 2011. Eivind har dessutan segla til Shetland fleire gonger, både som mannskap og med eigen båt, også singlehanded. Me har også segla Seilmakeren doublehanded ilag i 2007, 2008 og 2009
I Seilmakeren doublehanded 2012 skal Eivind vera co-skippar på Farvide, ein First 44.7, med Arvid Høgelid som skippar. På X-faktor vert mannskapet på Seilmakeren doublehanded som i fjor, Torkjell og eg.
tirsdag 20. mars 2012
Seier i Vintercupen 2011/2012 (varte i ein dag)
Etter å ha vore utropt som vinnar av Hordaland seilkrets sin Vintercup 2011/2012 viser det seg at det var ein feil i resultatlista, og X-faktor vart korrigert til 2.plass. Dette hadde noko med resultatet i Neglespretten å gjera. Vinnar vart då Calypsoen som også seglar for Nordhordland seilforening. Gratulera til Calypsoen!!
Sjå meir her.
Takk til mannskapet som i Vintercupen har vore: Torkjell Tolo, Eivind Tysse, Bjørn Rundhovde, Morten Ådland, Jan Landsvik og Roar Teige.
Sjå meir her.
Takk til mannskapet som i Vintercupen har vore: Torkjell Tolo, Eivind Tysse, Bjørn Rundhovde, Morten Ådland, Jan Landsvik og Roar Teige.
søndag 18. mars 2012
Isbjørnseilasen 2012
Laurdag 17.mars var det klart for Isbjørnseilasen. Det var meldt rolege vindforhold, 3 - 5 m/s frå sør. Etter ein dårleg start kom me oss avgårde. I vår klasse var det Hanna Marie og Gleden som var dei største konkurrentane. Begge med lågare lystal enn oss. Hanna Marie var me så vidt framfor før Klokkarvik, men etter det segla dei frå oss. Gleden var også bak oss før Klokkarvik, men dei segla også frå oss på kryssen sørover Lerøyosen. Gleden gjekk på babord side, me og Hanna Marie gjekk på styrbord side. Hanna Marie kryssa nærare land med små slag. Det lønte seg nok i motstraumen.
Over Korsfjorden gjekk det unna. Så var det runding Kyrholmen. Me var raskt oppe med spinnaker, men jibba nok for tidleg og kom i le for holmen. Då var det spinnakerslør over Korsfjorden. Her segla me godt. Kom i mål som båt nr. 3 i klassen, og fekk også 3.plass på korrigert tid så vidt framfor Fryd. Stor takk til mannskapet i dag: Torkjell, Eivind, Bjørn og Jan. Dette var siste seglas i Hordaland seilkrets sin Vintercup 2011/2012. Vert spennande å sjå resultatlista.
Sjå fleire bilete på RAN seilforening si side. Mange flotte bilder av X-faktor. Bilder også her. Resultatlista finn du her.
fredag 16. mars 2012
søndag 4. mars 2012
Isbjørnseilasen 17.mars 2012

Laurdag 17.mars er det klart for Bergens seilforening sin Isbjørnseilas.
Bildet viser X-faktor under Isbjørnseilasen i 2011. Me får håpa at værforholda er like fine også i 2012. Mannskap vert Eivind Tysse, Torkjell Tolo, Bjørn Rundhovde, Jan Landvik og eg. Meir info om Isbjørnseilasen og deltakarliste finn du her. Isbjørnseilasen er siste regatta i Hordaland seilkrets sin Vintercup 2011/2012. Vi deltok ikkje i Nisseseilasen som var første regatta i cupen, men det er dei 3 beste resultata som tel. Er litt spent på korleis me ligg an. Åsane seilforening rota det litt til ved ikkje å bruka den vanlege klasseinndelinga i Neglespretten. Når også forholda vart svært ulike i dei forskjellige klassane er det ikkje godt å sei korleis dette har gått. I Snøføyka har me iallefall ein 1.plass.
søndag 19. februar 2012
Snøføyka 2012

Her er fotoalbum:https://photos.app.goo.gl/qDxVNDFJNwME8N8t6
søndag 5. februar 2012
Snø og kuling ute.
Under presenningen er det tørt og lunt.
X-faktor er påmeldt til Snøføyka 18.februar. Snøføyka 2012 vert arranger av RAN seilforening og starten går i Anglevik på Sotra. Førebels er det berre påmeldt 7 båtar men det vert nok fleire når påmeldingsfristen nærmar seg. Håper det er litt finare vær enn det er i dag. Her er link til meir om regattaen.
søndag 8. januar 2012
2.plass i Neglespretten
Laurdag 7.januar segla me Neglespretten på Byfjorden i Bergen. Totalt deltok 42 båtar. Det var lite vind og vanskelege forhold på Byfjorden. Åsane seilforening hadde gjort spesiell klasseinndeling, så me var i lys-klasse 1,20-1,29. Det var 17 båtar i klassen, men det var som vanleg Gleden som vart vår argaste konkurrent. Dei 7 båtane i høgaste lys-klasse starta 5 minnuttar før oss. Me kom godt ut i starten og kunne etter ei stund segla spinnaker mot første merke. Gleden runda rett framfor oss. Me runda første merke som 5. båt. Deretter var det kryss mot merke 2 ved Nordnes. Det var omtrent vindstille rett etter runding, men etterkvart kom ein liten vestleg bris og me fekk god fart mot Nordnes. No hadde me fått litt avstand bakover til Gleden. Ved Helleneset minka det på vinden og den dreia på sør. Her gjorde me litt dårlege val og Gleden greidde å koma forbi oss. Alle klassane utan høgaste lys-klasse vart tatt i mål ved Nordnes. Det held til ein 2.plass. Ventus kom på 3.pass i klassen.
Her er resultatlista.
Ingen fotografering på fjorden i dag.

Det vart svært tett skodde på heimturen frå Flatøy til eg var gjennom Bognestraumen.
Her er resultatlista.
Ingen fotografering på fjorden i dag.
Det vart svært tett skodde på heimturen frå Flatøy til eg var gjennom Bognestraumen.
torsdag 5. januar 2012
Neglespretten 2012
Snart klar for Neglespretten som går på Byfjorden laurdag 7.januar. Mannskap er Torkjell Tolo, Eivind Tysse, Kjetil Risnes, Bjørn Rundhovde, Roar Teige og meg. 40 båtar er påmeldt til no. Det er meldt 6 - 7 plussgrader og regn. 5 m/s vind frå ein vestleg retning.
Åsane seilforening er arrangør. Her finn du meir info om regattaen.
Åsane seilforening er arrangør. Her finn du meir info om regattaen.
Abonner på:
Innlegg (Atom)