onsdag 26. desember 2012

Ny mast 5.des.2012

Etter 5 veker i hus på Askøy var X-faktor sjøsett 1.november, og eg gjekk båten til Bildøy der ny mast skulle setjast på. Ny mast kom på onsdag 5.desember. Toppvanta er nye. Det viste seg at mellomvanta var for lange. Avstanden mellom øvre og nedre saling er kortare enn på den gamle masta. Mellomvanta vart sendt til austlandet for å kortast ned. Fredag 21.dsember skulle endeleg mellomvant på plass. No var dei for korte !!
Er påmeldt til Neglespretten 5.januar 2013, men eg tvilar på at eg får båten klar.

Her ligg X-faktor på Bildøy. Eg gjekk X-faktor tilbake til Manger torsdag 13.desember.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar