søndag 13. mai 2012

Jomfruturen 12.mai 2012

Laurdag 12.mai var det klart for første klubbregatta i Nordhordland seilforening. Torkjell og eg tok dette som første trening til Seilmakeren doublehanded som startar 24.mai. 4 båtar stillte til start og det vart som vanleg kniving mellom Julianne og X-faktor. Det var bygevær og vinden varierte mellom 4 og 11 m/s frå NV. Me var litt rustne begge to, og gløymde oss litt bort i starten. Var nesten eit halvt minutt for seine over startstreken. Julianne runda første merke litt framfor oss. Så fekk me no etterkvart opp spinnakeren og segla mot Isdalstø. Me runda i Isdalstø rett framfor Julianne. På kryssen opp igjen til Hilland hadde me fint driv og god fart i båten. Segla med 3'ar og fullt storsegl. På spinnakerlegget tilbake til Isdalstø og mål blas det godt og me såg 9 talet på loggen. Me var ca. 8 minutt før Julianne i mål, men på korrigert tid vart me slått med 42 sekund. Det vart ikkje noko fotografering, men eg tok eit bilde av nyebåten til Alf, Steam, på veg heim igjen.

1 kommentar: