tirsdag 8. oktober 2019

Windjammer 2019 - video

Litt video frå Windjammer på Stord 5.oktober.
Frå start til me nærmar oss Hille.

Windjammer 2019 - har lagt til fleire bilder

Eg har vore mannskap på forskjellige båtar i Windjammer på Stord opp gjennom åra, men i år bestemte eg meg for å stilla med eigen båt for første gong.
Torsdag 3.oktober i 12.30-tida la eg i veg frå Manger. Var framme i Kolbeinshamn kl. 18.30. Låg der til fredag morgon og segla vidare til Leirvik. Var framme der kr. 14.30.
Eivind Tysse skulle vera med og me stillte i Shorthandedklassen.
Værmeldinga gjekk ut på svært lite vind: 1 m/s frå litt skiftande retningar.
Starten gjekk kl. 12.00 ved moloen i Leirvik hamn ,og me kom nokonlunde greit ut. Måtte ta 3 - 4 slag for å kunna runda Ytstholmen som var første merke. Vinden var av og til oppe i 2 m/s. No var det vidare mot Hille ved Halsøy. Vind 1 - 2 m/s.
Etter passering Ytstøy vart sann vindvinkel 90 grader og me var raskt oppe med spinnakeren. For å halda fart i båten måtte me skjera ein del og det vart dermed 2 jibbar før me kunne runda Hille.
Første båtane som runda Hille hadde bra vind, men når me kom så langt var det svært lite vind.
Neste merke var no bøye ved Tittelsnes. Ein del av båtane valde å segla sørover der det kunne sjå ut til å vera litt vind. Flesteparten segla mot Leirvik etter runding av Hille, og det viste seg å vera rette valet.
Det vart svært lite vind og me låg omtrent i ro. Når klokka var 17.45 var det eitt kvarter igjen til maksimaltida gjekk ut, og me hadde 2 nm til merket ved Tittelsnes som no var annonsert som mål, måtte me bryta. Det set langt inne. Her er resultatlista.

Sporet til X-faktor. Etter Hille segla me sørover, deretter sørvestover mot Tittelsnes. Måtte bryta når me var 2 nm frå Tittelsnes der det var målgang..




Bilde mottatt frå Thorbjørn Haugsdal. 


Starta på heimturen kl. 07.30 søndag morgon.






onsdag 11. september 2019

Bergen singlehanded 2019

Laurdag 7.september arrangerte Bergens seilforening regattaen "Bergen singlehanded" for 9.gong.
40 båtar var påmeldt. Klassen med spinnaker vart delt i 2, og X-faktor var i klassen med rating opp til 0,980. Her var det 17 båtar.
Værmeldinga gjekk ut på nordleg vind 8 - 11 m/s.
Når starten skulle gå i Bjelkarøyosen var det fine forhold med ca 7 m/s. Løpet som vart annonsert var "Tysnesløpet". Dette er ca 28 nm ned til ein holme utanfor Våge på Tysnes, og retur til Bjelkarøyosen.
Eg fekk ikkje med meg startprosedyren. Høyrde ingen lydsignal og såg ingen flagg. Det er ikkje så lett når ein er åleine ombord og 40 båtar surrar rundt. Kl 11 høyrde eg nedteljing over VHF. Eg trudde det var nedteljing til at startprosedyren skulle begynna. Det var feil. Det var starten, og eg var langt frå startlinja. Vart ca 5 minuttar for sein til starten.
Fekk spinnakerbommen på plass og heiste spinnaker. Det var sjølvsagt snurr i den. Var framme og prøvde å få den ut, men nei. Begynte å ta ned, og dermed kom snurren ut. No var det å få den heilt opp og få opp farten. Segla for styrbord halser.
Ved Korsneset fant eg ut at det var greie forhold for å ta ein jibb. Det gjekk greit, og det vart god fart sørover. Var oppe i over 9 knop. Eg segla i ein fin bue inn mot Våge. Dette gjorde at eg hadde fin vind heile vegen, og fekk fin skjæring inn mot runding.
Det hadde gått bra, og eg tok igjen, tok innpå, mange av konkurrentane.
Ved runding var Nova og Miss Helen berre 150 - 200 meter framfor meg. Gleden var godt bak.
Ved runding var vinden nede i 2 - 3 m/s, men tok seg opp på kryssen utover Bjørnefjorden.
Sør for Røtinga vart det bra med vind, og her skulle eg tatt eit rev i storseglet. Eg tok eitt slag ved Holmane nord for Reksteren. Slo utover igjen og segla midtfjords, slo utover igjen, og segla heilt bort til Austevoll. Tok ytterlegare 2 slag. På bildet av sporet på kartplottaren ser krysningsvinklane fine ut, men det vart for mykje pining og redusert fart i den sterke vinden som var oppe i 11 - 12 m/s.
Skulle som sagt tatt eitt rev, og kanskje også rull litt inn på fokka.


Kom meg i mål etter 5 timar og 34 min seglas. Det held til ein 5.plass i klassen. Hadde starten vore god kunne eg ha kjempa om ein 2. eller 3.plass.
Her er resultatlista.
Eg har no fulltført alle 9 "Bergen singlehanded" som 1 av 5 seglarar.
Eg får prøva igjen neste år!

Her er litt video.



mandag 22. juli 2019

Nytt eksosbend/blandebend

Eg oppdaga i går når eg peila olja at sveisen på eksosbendet var rusta. Det er 6 år sidan eg skifta bendet. Dette skal visstnok skiftast kvart fjerde år.


Snakka med Yanmar-forhandlar Bildøy Båt og Motor, og dei meinte det var tid for å skifta dette.
Var til Bildøy og kjøpte nytt bend og ny pakning. Fekk dette på plass i dag.

Her er nytt eksosbend på plass.
Det gamle bendet var ikkje berre rusta. Mykje koks inni også !



søndag 21. juli 2019

Sommar 2019

X-faktor med rulleforsegl og lazybag. Foto: Annette Sylta

X-faktor på Fedje

mandag 17. juni 2019

Stord Rundt 2019

X-faktor har segla regattaen Stord rundt ein gong før. Det var i 2013. Den gongen gjorde me det godt med seier i DH-klassen på sørgåande legg. Samanlagt vart det 2.plass i DH-klassen.
No var det tid for å prøva igjen. Eivind Tysse var mannskap som i 2013. Eivind kom ombord på Hjellestad kl. 17 fredag 14.juni. Starten skulle gå kl. 18.05 i Fanafjorden ved Bjelkarøy. Løpet vidare var mot Langenuen, utover Selbjørnsfjorden, sørover Nyleia og til Leirvik.
Me kom bra ut i starten i ein liten bris frå SV. Når me kom ut på Korsfjorden tok vinden seg opp litt og me gjorde god fart sørover. Dette såg bra ut. Me hadde berre 3 båtar framfor oss, mellom anna 2 X-35. Det vart bra avstand til båtane bak. Når me kom til Langenuen i halvti-tida minka det på vinden, og før me kom til Tobbholmane vart det stille. Båtane bak tok oss etterkvart igjen. Me låg for langt ute i fjorden og vart tatt av straumen. På det meste rak med nordover med ein fart på 1,1 knop. Straumen gjekk nordover enten det flødde eller fjæra.
I 7-tida om morgonen kom me oss forbi Tobbholmane.

Spor frå Marinetraffic. Slik gjekk heile natta.
Me valde å segla austom Tobbholmane. Det var ein tabbe då me hadde motstraum heile vegen , medan båtane som gjekk på innsida/vestom holmane hadde medstraum ei stund.  No vart det fin spinnakerseglast utover Selbjørnfjorden og rundt flytestaken på Sigleflua. Løpet vart avkorta eit par nautiske sør i Nyleia. Ingen god plassering. Det vart 11.plass.
Klokka nærma seg 12 på laurdag før me kom til Leirvik for motor.  Det hadde ikkje vorte noko søvn om natta, så no var det godt med eit par timars søvn.
Det vart også tidleg til køys om kvelden. Søndag morgon stod me opp kl. 7.30 og var ganske utkvilte.
Start på nordgåande løp var kl. 10.05 i Leirvik hamn. Løpet går så sørvestover forbi Eldøyane, under Bømlabrua, nordover Nyleia og målgang i Bekkjarvik.
Me kom sånn nokonlunde bra avgårde. Straumen gjekk innover Bømlafjorden, så det var lurt å segla tett ved Stord-landet.
Spor frå start i Leirvik søndag til Stokksundet.
Me var litt for langt ut i fjorden på første legget og havna langt bak i feltet. Deretter gjekk det betre og når me kom til Bømlabrua låg me godt an.
No var det spinnakerseglas resten av vegen til Bekkjarvik. Nordover Nyleia i roleg vind, 4 - 5 m/s. Noko motstraum. Me kom oss fint gjennom den tronge passasjen ved Ringholmen. Herfrå og ut mot Sigleflua tok vinden seg opp i 9 m/s på det meste, og me fekk ein broach i den skarpe vindvinkelen.
Over Selbjørnfjorden låg vinden på ca 6 m/s, og me segla spinnaker heilt til mål.
På nordgåande løp vart det ein fin 4.plass eitt sekund etter nr. 3, Båten Vår. Det vart båtane med lågast rating som gjorde det best i dag.
Me er kjempefornøyde med å ha slått Gleden, FS2, Vito4, Levens og Vilja på nordgåande løp.
Samanlagt vart det berre ein 7.plass og lite poeng å henta i Shorthanded-rankinga.
Takk til Eivind som var mannskap.
Resultatliste

fredag 31. mai 2019

Overall-seier i Huftarøy rundt

Onsdag 29.mai 2019 stampa eg meg sørover til Bergens seilforening. Torsdag 30.mai, Kristi Himmelfartsdag, skulle X-faktor segla Huftarøy rundt i doublehanded-klassen. Mannskap var Eivind Tysse. I DH-klassen var det påmeldt 8 båtar. Totalt var det påmeldt 27 båtar.
Kl. 9 torsdag morgon segla me til Strønoosen der starten skulle gå kl. 10.55. Værmeldinga gjekk ut på S-SØ svak vind i starten. Seinare skulle vinden dreia mot NV 5 - 6 m/s.
Me kom bra ut frå start og var raskt oppe med spinnakeren.

X-faktor til venstre i bildet. Gleden med kvit og raud spinnaker
No segla me mot Lindholmen nord for ferjekaien på Hufthamar. Ved Lindholmen tok me ned spinnakeren. No var det kryssing mot Grøningen. Gleden hadde lagt rett framfor oss sidan start. Etter Austevollsbrua var det trangt, og me greidde å koma oss forbi Gleden. Ved Grøningen var det fleire båtar som overstod før dei slo mot Bekkjarviksundet. Vinden hadde no begynt å dreia litt. Me kom godt ut av dette, og segla i god fart mot Bekkjarviksundet. Båtane framfor hadde lite vind i sundet, og me tok godt innpå. Vilja, First 36.7, som var i vår klasse tok me igjen her. No var det spinnakerføre, og me lurte på kvifor ingen heiste spinnaker. Var det noko som skjedde med vinden? Me heiste spinnaker og segla side om side med Dufour 40, Grand Soleil 40 R og First 44.7 mot Kalsundbåen.



Der jibba me, og segla vidare mot mål i Strønoosen. Før me kom til Tobbeholmane vart vinden skarpare og me tok ned spinnakeren. Fekk likevel god fart mot mål, ca 7,5 knop.
Me var i mål etter 4 timar og 14 minutts seglas. Me såg at Levens, Elan 37, som var i vår klasse var ca 10 minuttar før oss i mål. Levens har høgare rating, og me var spent på om dette ville halda til seier.
Dette skulle visa seg å halda til seier med ca 5 minuttars margin. I tillegg var det beste tid uansett klasse.
Me fekk pokal og ein vandrepokal for seier i DH-klassen, ein vandrepokal for beste klasseseier og Sparebanken Vest vandrepokal for Beste tid uansett klassen


Takk til Eivind som var mannskap. Eg var tilbake på Manger kl. 24.00.