søndag 15. februar 2015

Snøføyka 2015

Torsdag 12.februar tok eg igjen av presenningen og gjorde båten klar til regatta. På med storseglet og kosting av bunnen.
Det vart stort forfall i mannskapet: Eivind hadde vakt, og Bjørn og Torkjell var sjuke. Då var det duka for dobbelhandedsegling med Steinar Hansen.
Eg segla frå Manger laurdagsmorgon kl. 7.25. Var framme i Anglevik kl. 10.25. Der kom Steinar ombort og me laga oss klare.
Værmeldinga varsla 2 m/s frå NØ ved Rotøyane, men inne ved Anglevik der starten skulle gå var det svært lite vind. Som Kjell Magnus Økland kort oppsummerer:
  • Snøføyka vart solsteika
    (14.02.15 - 17:46:00) Lite vind før start, lenge venting på vind. Utsetjing. Vind som fyller frå nordaust. Startprosedyre og start. Vind som dauar og båtar som rek baklengs over startlinja. Annullering. Kort oppsummert vart dette årets utgåve av Snøføyka. Men det var ein fin dag på fjorden i sol, fin temperatur og seglarane viste godt humør. Og etterpå smakte tomatsuppa godt!
Starten vart utsett i ca. 1 time og 20 minuttar. Då var det ein liten trekk når varselskuddet gjekk. 2 minuttar før start var det igjen vindestille. 2 av båtane kom seg ikkje over startlina. Etter at me hadde reke nordvestover i omlag ein time vart regattaen annullert. Takk til Steinar som stillte opp.

Starten har gått. Bilde henta frå Ran sitt fotoalbum.

Ved Ramsøy kl. 10 laurdagsmorgon

På veg frå Anglevik til Bergen. Her passerer eg Askøybrua

Fortøyd i Bergen


tirsdag 13. januar 2015

Neglespretten 2015 avlyst - Orkan på Manger

Siste dagane før Neglespretten meldte yr.no sterkare og sterkare vind. For laurdag ettermiddag meldte yr.no 37m/s frå vest/nordvest for Mangersneset.
Åsane seilforening avlyste Neglespretten torsdag og det var nok rett. Yr.no meldte 24 m/s på Byfjorden.
Laurdag formiddag var eg i båthamna og klargjorde for den sterkte vinden. Sprayhooden var tatt ned og sikra. Det var no for seint å ta av storseglet, så eg surra tau rundt storsegltrekket slik at det ikkje kunne blafra. Sette også på ekstra fortøyningar.
I 11.30 tida laurdag var det storm frå sørvest. Rundt kl. 13 roa det seg og vinden dreia på vest, seinare vest/nordvest. Vinden auka utover ettermiddagen og det blas orkan frå ca. kl. 16 til kl. 19.


Var nede i båthamna ca. kl. 17.30. Sjølv om hamna ligg skjerma av Toskavegen bygde det seg opp store bølgjer og vinden var ekstrem. Det var berre å kryssa fingrane og la det stå til. Det var ikkje mogeleg å gå utover bryggja.
Var nede igjen i hamna i 21-tida. Då hadde det minka til storm. Var også nede i hamna igjen søndags morgon.
Det hadde gått bra. Ein fender samt plastdekselet på eitt av instrumenta hadde båst bort.
På nabobåten, ein Princess 38, hadde styrbord fortøyning framme slitna ( 3 tau) og feste på utliggjaren hadde fått seg ein trøkk.



Her er X-faktor mandag ettermiddag. Vinden var då frå sørvest og opp i sterk kuling. Utliggjaren er sikra med stropper.


søndag 4. januar 2015

Snart klar for Neglespretten

Presenningen er tatt av og båten er vaska i sjøvatn.
Bunnen er kosta. Storseglet er på.
I tillegg til Eivind, Torkjell, Magne og eg vert også Bjørn Rundhovde og Steinar Hansen med.
Eg håpar på at været ikkje vert for gale til helga slik at eg ikkje kjem meg inn til Bergen på fredag!


Her er link til påmeldte båtar:http://aasane.no/regatta/paameldte.php?regatta=Neglespretten

onsdag 24. desember 2014

God jul !

God jul til alle !  X-faktor har presenning på og det er tørt og varmt inne i båten. Straks over nyttår må presenningen av, og båten må gjerast klar til Neglespretten.

fredag 19. desember 2014

Påmeldt til Neglespretten 2015

Åsane seilforening arrangerer Neglespretten for 34.gong laurdag 10.januar 2015. X-faktor er allerede påmeldt med fast mannskap: Eivind Tysse, Torkjell Tolo, Magne Iversen og skipparen. Mogeleg me treng meir mannskap. Me får sjå korleis værmeldingane ser ut når det nærmar seg.
Her er link til påmeldte båtar på Åsane seilforening si side: http://aasane.no/regatta/paameldte.php?regatta=Neglespretten

Her er X-faktor og Tussi på veg sørover langs Askøy-landet under Neglespretten 2014.
 

søndag 30. november 2014

Presenningen er på

Siste seglturen i år vart ein tur bort i Ovågen i Øygarden søndag 16.november.

Fredag 28.november var Aage frå Seilmaker Iversen på Manger og målte lengden på forstaget. Eg har bestillt nytt rod-forstag inkl. ny profil og rull frå Facnor. Rullen var i ustand når eg kjøpte båten. Eg fiksa den litt provisorisk. Det har fungert, men eg har alltid måtta vera obs på at lina kunne gå nedom rullen og kila seg. Forstaget er no 16 år og er det einaste som ikkje er nytt på riggen.

Laurdag 29.november brukte eg fødselsdagen til å ta av storseglet og vaska båten på overbygg, dekk og i cocpit. Vaska også skutesidene og kosta båten under vannlinja (med microfiberklut).
Deretter var det på med presenning frå masta og bakover. Har tatt med heim mengder av tau som skal i vaskemaskina.


tirsdag 28. oktober 2014

Askøy Shorthanded 2014 - fotoalbum

Eg har fått ein del flotte bilete hos Trond J Hansen som han tok kort tid etter start på Askøy Shorthanded, eller Seilmakeren doublehanded som eg enno kallar regattaen.

                                  X-faktor med Eivind og Harald nordover Hjeltefjorden


Her er link til alle bileta: Fotoalbum Askøy shorthanded 2014