søndag 15. februar 2015

Snøføyka 2015

Torsdag 12.februar tok eg igjen av presenningen og gjorde båten klar til regatta. På med storseglet og kosting av bunnen.
Det vart stort forfall i mannskapet: Eivind hadde vakt, og Bjørn og Torkjell var sjuke. Då var det duka for dobbelhandedsegling med Steinar Hansen.
Eg segla frå Manger laurdagsmorgon kl. 7.25. Var framme i Anglevik kl. 10.25. Der kom Steinar ombort og me laga oss klare.
Værmeldinga varsla 2 m/s frå NØ ved Rotøyane, men inne ved Anglevik der starten skulle gå var det svært lite vind. Som Kjell Magnus Økland kort oppsummerer:
  • Snøføyka vart solsteika
    (14.02.15 - 17:46:00) Lite vind før start, lenge venting på vind. Utsetjing. Vind som fyller frå nordaust. Startprosedyre og start. Vind som dauar og båtar som rek baklengs over startlinja. Annullering. Kort oppsummert vart dette årets utgåve av Snøføyka. Men det var ein fin dag på fjorden i sol, fin temperatur og seglarane viste godt humør. Og etterpå smakte tomatsuppa godt!
Starten vart utsett i ca. 1 time og 20 minuttar. Då var det ein liten trekk når varselskuddet gjekk. 2 minuttar før start var det igjen vindestille. 2 av båtane kom seg ikkje over startlina. Etter at me hadde reke nordvestover i omlag ein time vart regattaen annullert. Takk til Steinar som stillte opp.

Starten har gått. Bilde henta frå Ran sitt fotoalbum.

Ved Ramsøy kl. 10 laurdagsmorgon

På veg frå Anglevik til Bergen. Her passerer eg Askøybrua

Fortøyd i Bergen


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar