Fin vind i Hjeltefjorden i ettermiddag 5 - 7 m/s frå NV. Flotte forhold for ein ettermiddagtur bort til Øygarden og tilbake.
søndag 24. mars 2013
søndag 17. mars 2013
Isbjørnseilasen 16.03 2013
Laurdag 16.mars var det klart for Isbjørnseilasen med Bergens seilforening som arrangør. Eg segla frå Manger til Kvitturspollen på fredag. Laurdags morgon kom Karl Otto Book og strama opp riggen. I halvelletida kom mannskapet som denne dagen var Eivind Tysse, Torkjell Tolo, Magne Iversen, Bjørn Rundhovde og Rune Fanebust. Me gjorde oss klare og kom oss på fjorden så pass tidleg at me fekk tid til å segla litt, få opp spinnakeren og ta eit par jibbar. Dette var også første regatta med nytt storsegl. I startområdet var det mellom 4 og 7 m/s vind frå sør- søraust. Starten gjekk kl. 12.05. Ingen enkel startline og me kom heller ikkje så godt ut. Det var trangt på kryssen fram til første merke. Me runda likt med Gleden. På sløren mot Tangeflua segla me bra. Me rekna med at vinden ville vera sterkare i Lerøyosen og over Korsfjorden så me skifta til G#3. Dette gjekk bra men vinden var ikkje sterkare her. Når me nærma oss Korsfjorden minka det på vinden og det var skvalpesjø. No fekk me ikkje fart i båten og tapte mykje til konkurrentane. Midt på Korsfjorden på veg mot Kyrholmen i Austevoll skifta me igjen til G#1. No auka vinden på og seglføringa var i meste laget. Me runda Kyrholmen og fekk opp spinnaker. Dermed var det ganske platt lens tilbake mot Lerøyosen. Både Gleden, Hanna Marie og Silje var no godt framfor oss (alle med lågare lystal enn oss !). Vinden var no 5 - 6 m/s. Ved Tangflua hadde me nådd igjen Silje. No var det skarp slør mot Spikaren. På denne strekninga segla me litt frå Silje og nærma oss Hanna Marie. Ved runding Spikaren hadde med ei flott spinnakersetjing og så bar det mot mål. Det vart ein 5.plass etter dei 3 før nemnde båtane. I tillegg slo Tina for II, lys 1,16, oss. Dette var ikkje dagen for oss. Fekk det ikkje heilt til. I ettertid ser eg at me skulle ha segla med G#1 heile tida. Det var no ein fin dag på sjøen med fin temperatur og utan nedbør. Ette regattaen segla eg heimatt til Manger. Var i hamn kl. 20.05 om kvelden.
Her er nokre bilder frå regattaen. Dei fleste er tatt av Jan Hjellestad i Bergens seilforening. Klikk på lenka: https://photos.app.goo.gl/wK5jjuEeNCxfodxS9
Her er Bergens seilforening sitt fotoalbum frå Isbjørnseilasen. På første bildet ser du X-faktor i fint driv mot Kyrholmen i Austevoll.

lørdag 9. mars 2013
fredag 8. mars 2013
Isbjørnseilasen 16.mars 2013
X-faktor er påmeldt til Isbjørnseilasen 2013. Mannskap vert Eivind Tysse, Bjørn Rundhovde, Torkjell Tolo, Magne Iversen, Rune Fanebust og skipparen. Starten går kl. 12 på Raunefjorden. Bergens seilforening er arrangør. Pr. i dag er det påmeldt 12 båtar, men det kjem nok fleire til. Påmeldingsfristen går ikkje ut før 13.03. Sjå meir om regattaen her.
Her er eit bilde frå Isbjørnseilasen 2012. Fotograf Kjell Magnus Økland.
Her er eit bilde frå Isbjørnseilasen 2012. Fotograf Kjell Magnus Økland.
søndag 17. februar 2013
Snøføyka 16.02.2013
Det var 3.plass i klassen etter Hanna Marie og Gleden. No er resultatlista lagt ut. Du finn den her.
Her er Bjørn (som var mannskap på X-faktor) sin reportasje på Nordhordland seilforening si heimeside: http://www.nordhordlandseilforening.org/D/node/10442
Me fekk ikkje nokon god start. Var nok litt for forsiktige i det trange startområdet. På første legget var me innestendgt av andre båtar. Ved runding av første merke/holme var Gleden, lys 1,22, godt framfor oss. Hanna Marie, lys 1,17, var ikkje så langt bak oss. Me fekk opp spinnakeren og gjorde god fart mot nordspissen av Rotøyane. Var vel oppe i nærmare 10 knop. Me tok ned spinnakeren - litt for tidleg. No skulle me segla vidare mot Ramsøy. Gleden prøvde seg med spinnaker, men det var litt for skarpt og dei brocha fleire gongen før dei tok ned spinnakeren. Då hadde me segla forbi dei. Ved runding Ramsøy sette me igjen spinnakere og det vart omtrent platt lens mot Kalsøyflua. Me segla jamsides med Gleden, og Gleden runda Kalsøyflu stake på innsida av oss. No var vinden oppe i 11 m/s og me tok eit rev i storseglet. No gjekk løpet sørover og rundt Rotøyane. Ved runding Rotøyane var Gleden godt framfor oss igjen og Hanna Marie ikkje langt bak. Me tok ut revet og kunne etter ei stund setja spinnaker inn mot mål.
Nye riggen er nok sett litt for laust for so mykje vind. Sjølv med akterstaget strama i bunn var det for mykje "sag" i forstaget. Heile regattaen var også prega av innslag i storseglet, og me greidde ikkje å halda same høgde som Gleden på kryss. Brukte det gamle kevlarseglet i dag. Vert spennande å prøva det nye seglet.
Dette var ein flott seglas med full fart heile tida.
Turen heim igjen til Manger vart motorsegling med Genoa3 oppe. Turen gjekk unna på 2 timar og 30 min.
Morten tok eit bilde av X-faktor frå Calypsoen:

lørdag 9. februar 2013
Snøføyka 2013
X-faktor er påmeldt til Snøføyka 2013 som går 16.februar hos Askøy seilforening. Mannskap vert Eivind Tysse, Bjørn Rundhovde og Jan Landsvik + skipparen. Såg på nettet at det er is inn til Askøy seilsportsenter, men dei får vel ein isbrytar på plass.
På Manger er det isfritt i hamna. Nesten ikkje snø heller. I dag, laurdag morgon 9/2 er det 3 minusgrader ute. Inne i båten er det godt og varmt med 10 varmegrader. I dag må eg motera kicken og få segla på plass i båten.

torsdag 7. februar 2013
Nytt storsegl
Nytt Elvstrøm EPEX storsegl med aramid fibrar. Karl Otto Book frå Elvstrøm Norge overleverte seglet i kveld under Fjordsailing AS sitt arrangement på Litlebergen, der seglet vart vist til dei frammøtte. Dette vert spennande å prøva. Seglet har innstøpt tafetta, 2 rev, ei gjennomgåande og 3 halve spiler. Trimmelina er ført over toppen og ned langs masteliket.
Abonner på:
Innlegg (Atom)