fredag 18. september 2026
tirsdag 8. september 2026
Bergen singlehanded 5.september 2026
Fredag 4.september segla eg til Bergens seilforening. Hadde avtalt å få løfta opp X-faktor kl. 14. Dette var ein premie for tidleg påmelding til Bergen Race Weekend.
Ikkje mykje groe på båten men litt. Fekk spylt og pusssa over med 400 papir. Fekk også bytt dei 2 runde tæresinkane på propellen.
![]() |
| Ferdig. Klar til sjøsetjing. |
Vi var spente på korleis værmeldinga ville verta og kva løp som ville verta vald. Det var meldt svært lite vind dei 2 første timane av regattaen og so aukande vind. På skipparmøtet kl. 9.30 vart det klar at løpet Austevoll rundt skulle seglast. Starten gjekk kl. 11.00. 20 båtar var påmeldt, og 19 båtar stilte til start. X-faktor fekk ein bra start omtrent midt på lina. Det var ca 3 m/s frå NV og det gjekk bra unna mot Børnestangen. Vidare utover frå Kleppholmen var det veldig skiftande vind . Ganske svak vind. Vinden tok seg opp ein del når me nærma oss Marstein Fyr, men ikkje meir enn opp i 5 m/s. Store bølgjer der ute.
![]() |
| Marstein fyr i sikte |
Ved runding Marstein fyr var det voldsom rotesjø med høge bølgjer. Fekk opp spinnakeren greit og segla innover Møkstrafjorden. Det var ikkje meir enn 4 - 5 m/s vind so det vart ikkje nok trykk i spinnakeren og det var ein kamp innover. Rett før Møkster jibba eg og segla mot Terneskjeret. Det gjekk betre då bølgjene no kom bakfrå. Hadde ca 6 knop mot Terneskjeret. Framme der tok eg ned spinnakeren og segla med genoa mot Pirholmen. Vinden minka. Kom meg for so vidt greit vidare, men ved Krosshamn gjekk det seint. Det gjorde det nok for dei fleste, men Aquasense segla forbi X-faktor her. Vidare over Korsfjorden mot mål gjekk det unna. Vinden var oppe i 8 m/s. Vindvinkel 90 grader. X-faktor var i mål etter 4 timar og 34 minutt. Kom i mål som båt nr. 7, og vart nr. 5 på korrigert tid. Det må eg vera nøgd med.
Her er resultatlista:
Her er sporing frå Marinetraffic. M.a. Stjernebris og Hegren har ikkje AIS og viser ikkje.
https://photos.app.goo.gl/EKHwMYCHufPLL81y9
Litt YouTube video frå Stavanger singlehanded 2026
Eg hadde ikkje kontroll på GoPro-kameraene mine, so det vart lite filming. Litt før start, men også fin film frå spinnakerseglinga sørover mot runding Aspøy i Høgsfjorden.
fredag 28. august 2026
Stavanger singlehanded 22.august 2026
Etter å ha deltatt på Stavanger singlehanded i 2025, hadde eg lyst til å delta også i 2026. Morten ville også delta med Cruella devil. Me starta på turen sørover torsdag 20.august, og segla til Espevær første dagen. Fredag 21.august segla me frå Espevær til Stavanger der me vart tatt godt imot og fekk båtplassar på Sølyst, Grasholmen. 13 båtar var påmeldt, og 11 av desse stilte til start. Det var skipparmøte i Stavanger seilforening sine lokaler kl. 09.30. Deretter gjekk me til startområdet utanfor Seilforeningen 1928 der starten gjekk kl. 11.00.
Løpet var frå start, nordaustover til styrbord om Horge, søraustover til runding Aspøy om babord, tilbake rundt Horge til mål ved Seilforeningen 1928. Løpet var ca 23 nm. Det var meldt mykje vind frå NV. Mest vind var meldt når me skulle runda Horge 2.gong: 10 m/s med vindkast på 14 m/s. Eg valde å starta med genoa 3 og 2 rev i storseglet. Det segla eg med heile tida. Hadde god start og me kunne stå på eitt legg til runding Horge.
| Starten har gått. X-faktor til venstre i bildet. |
Etter runding Horge var eg skeptisk til å setja spinnaker. Fleire og fleire fekk etterkvart opp spinnaker, og eg bestemte meg etterkvart for å setja spinnakeren. Tapte ein god del på å venta so lenge.
| Har omsider fått opp spinnakeren |
Spinnakerseglinga gjekk heilt fint, og fekk greit ned spinnakeren når eg nærma meg Aspøy. No var det kryssing utover Høgsfjorden. Skulle ha halde meg på austsida av fjorden heile tida.
![]() |
| X-faktor sitt spor frå Navionics |
Når me no nærma oss Horge for andre gong blas det mykje. Vinden var oppe i 13 m/s og det var godt når eg kunne runda Horge og setja kursen mot mål.
| X-faktor nærmar seg mål. |
tirsdag 18. august 2026
Nordhordland seilforening sin Sommerregatta 15.08.2026
Laurdag 15.august 2026 arrangerte Nordhordland seilforening sin årlege regatta "Sommerregatta". X-faktor stilte til start saman med 6 andre båtar. Det var 2 m/s vestleg vind når starten gjekk kl. 14.00. Spinnakerstart. Starten var på Kvernafjorden og løpet vidare var til runding bøye ved Knarvik kai, Hamreflu stake, bøye ved Knarvik kai, bøye ved Løypetona og mål ved Krossnessundbrua. Når me nærma oss Hagelsundbrua vart det tilnærma vindstille, men kom oss vidare mot Knarvik kai. Hegren segla jamsides med X-faktor under Hagelsundbrua. Hegren låg etter det bak X-faktor med varierande avtand, men eg greidde ikkje å få nok avstand til å slå Hegren på korrigert tid. Mellom Knarvik kai og Hamreflu stake var det varierande vind og vindretning. Frå Knarvik kai, andre runding, til Løypetona stod eg på same hals. Måtte ta eit lite slag før runding.
Eg filma ein del, so det kjem ein kort video med nokre klipp frå regattaen.
Her er resultatlista:
Nokre bilder:
![]() |
| Mot Nordhordlandsbrua |
tirsdag 4. august 2026
Byte av segl
I sommar har eg hatt på dacron-storseglet, lazybag og rulleforsegl (Elvstrøm Furling Jib Fatfurl.
No hadde saltet regna av segla, og dei var no skikkeleg tørre. I dag har eg derfor tatt av segla og lazybaggen, pakka fint saman og tatt heim.
![]() |
| Dacron storseglet er eit North Sail fullspila med 5 spiler. Det er sikkert frå 1998 når båten var ny. Solid og fint tursegl kombinert med lazybag. |
![]() |
| Lazybaggen. Spilene pakka saman. |
![]() | ||
| Elvstrøm Furling Jib Fatfurl med 2 lange spiler og 2 korte spiler i akterliket. Det var nytt i Mai 2017. Flott segl.
|
![]() |
| X-faktor klar for dei nyaste segla og haustsesongen. |
søndag 26. juli 2026
YouTube video frå Shetlandsturen 15. - 21.juli 2026
1 times YouTube video frå turen og opphaldet på Shetland 15.-21.juli 2026. Det har vore 3.600 visningar av videoen dei første 4 dagane etter av videoen vart lagt ut! Bruk 4K kvalitet (2160p) dersom det er mogeleg.
fredag 24. juli 2026
Tur til Lerwick Shetland 15. - 21.juli 2026 Singlehanded
Onsdag 15.juli 2026 kl. 20 la eg ut frå Mangerøy. Var ved Geitingen lykt kl. 21, og sette kursen mot Lerwick. Det var meldt nordleg vind heile vegen. Mest vind var meldt etter 5 - 6 timar med 8 m/s og vindkast på 10 - 11 m/s. Vinden var ikkje oppe i meir enn 9 m/s.
Første halvdelen av turen gjekk raskt unna med ein snittfart på 7 knop. Seinare minka det gradvis på vinden, og siste delen fram til Shetland vart det motor. Eg var framme ved innløpet til Lerwick frå nord kl. 23.30 norsk tid 16.juli. Opplett heile vegen og fin temperatur.
Det vart nokre fine dagar i Lerwick.
Mandag 20.juli kl. 07.50 norsk tid starta eg på heimturen.
![]() |
| Tommy Allan tok bilde og vinka farvel mandags morgon. |
Litt yr i lufta når eg starta, men været var fint på overfarten. Vinden var no frå NV, seinare dreiande vestleg og på slutten vind frå sør. Vinden på heimturen var ikkje over 7 m/s. Segla heile vegen. Var ved Geitingen lykt kl. 15.20 norsk tid, og i hamna i Mangerøy kl. 16.30.
Eg filma ein del med GoPro-kameraet mitt, og held på å redigera til ein times YouTube video i 4K oppløysing.
onsdag 24. juni 2026
onsdag 17. juni 2026
NHS Tirsdagstrening 16.juni 2026 - Fleire bilder lagt til
X-faktor deltok på siste NHS treningsregatta før sommaren. Eg segla X-faktor åleine. 8 båtar deltok. Fekk bra start ved Ospholmflua. Kryss nordover forbi Tjuvholmen mot rundingsmerke litt opp i Radfjorden. Deretter var det spinnakerseglas til rundingsmerke nord for Hagelsundbrua. Deretter kryss nord igjen til merket i Radfjorden. Til slutt spinnakerseglas til mål ved Ospholmflua. Det minka litt på vinden på slutten og eg jibba 2 gonger på det siste legget og fekk fin skjering. First 40.7 Olliver var rett før X-faktor i mål.
![]() |
| X-faktor hadde fått på dacronstorsegl, lazybag og rulleforsegl (Elvstrøm Fat furl jib) |
![]() |
| X-faktor sitt spor frå Marinetraffic |
Har fått ein del flotte bilder tatt ombord i Olliver av Ingrid
![]() |
| Kryss nordover etter runding ved Knarvik/Hagelsundbrua |
![]() |
| Kort tid etter start. X-faktor til venstre. Shiba Juvel til høgre |
![]() |
| Spinnakerseglas etter runding av merke i Radfjorden første gang. |
![]() |
| Spinnakerseglas etter runding av merke i Radfjorden andre gang. Litt mindre vind, og eg jibba 2 gonger for å få meir skjering. |
mandag 15. juni 2026
Holsnøy rundt 13.juni 2026
Nordhordland seilforening sin klubbregatta HOLSNØY RUNDT vart arrangert laurdag 13.juni 2026. Starten gjekk i Bognestraumen kl. 11.00 i svak nordvestleg vind. Vinden skulle ta seg opp etterkvart. 9 båtar stilte opp. X-faktor var litt for seint ute i starten. Starta for styrbord hals ved Blodflua lykt, og slo straks og segla mot Mangersnes. Hadde fin høgde og bra fart, og opp i 1 knop medstraum. Eg slo ved Neslandet og segla mot Skjelanger. Vinden låg på vel 3 m/s. Eg trudde eg skulle greia å stå på eitt legg til Skjelanger, men måtte ta eitt slag for å runda.
![]() |
| Kurs mot Skjelanger |
Fekk raskt opp spinnakeren og segla mot Det Naue og vidre sørover Herdlefjorden mot Galteneset. Jibba ein del gonger sørover, og det gjekk fint. Vinden var oppe i 7 m/s. Siste jibben mot Galteneset vart tatt litt for tidleg. Farten sørover var på det meste oppe i over 7 knop. Mellom Galteneset og Løypetona var det omtrent vindstille. Vidare mot mål ved Nordhordlandsbrua var det veldig varierande vind. Kom i mål som første båt etter å ha segla i 1 time 7 min og 33 sek. (Brukte 1 minutt og 26 sekund kortare tid enn på Holsnøy rundt 2025)
![]() |
| Sørover Herdlefjorden |
Aphrodite 101 Hegren og Cruella devil hang på sørover, og Hegren tok 1.plassen på korrigert tid, med X-faktor på 2.plass.
| Hegren og Cruella devil ved Skjelanger. Eige foto. |
Link til resultatliste:
https://www.nordhordlandseilforening.org/resultater-2026/holsnoy-rundt-13-06-26/
![]() |
| X-faktor etter målgang. Foto: Morten Ådland |
torsdag 11. juni 2026
Singlehandedtrening - Trim for eldre
Treningsseglas Nordhordland seilforening onsdag 10.juni 2026 ombord i X-332 X-faktor.
https://youtu.be/F8NKAGfqGDA
mandag 8. juni 2026
Bergen Race Weekend 6. og 7.juni 2026
X-faktor hadde ein fin seglas innover Hjeltefjorden fredag ettermiddag på veg til Bergens seilforening der Bergen Race Weekend skulle arrangerast. Eivind Tysse kom ombord fredagskvelden.
Laurdag kl. 9.30 var det skipparmøte, og deretter gjekk me ut til startområdet ved Bjelkarøy-Buarøyna. Dei 4 båtane i doublehandedklassen skule segla distanseseglas, og dei andre 9 båtane med fullt mannskap skulle segla baneseglasar. Starten vår vart utsett ei stund p.g.a. lite vind, men etterkvart vart me sendt avgårde i svært lite vind. Løpet gjekk ut til runding Austraflua ved Bakkasundbrua. Me kryssa utover i svært lite vind. Ved Kleppholmen tok vinden seg opp og me kunne etterkvart segla rett mot rundingsmerket. Vinden var på det meste opp i vel 5 m/s. Etter runding sette me spinnaker som me segla med til mål.
![]() |
| Spinnaker innover Korsfjorden. |
Vinden minka når me nærma oss mål ved Horsøyna.
Resultat Race 1 laurdag:
Laurdag kveld var det grillmat og sosialt samvær. God stemning!
Søndag var det igjen skipparmøte kl. 9.30. Søndag skulle alle segla distanseseglas med fellesstart. Starten var lagt til sør for Buarøyna/Horsøyna. Starten vart utsett, men etterkvart vart me sendt avgarde mot rundingsmerkje Bleikjo utanfor Kolbeinshamn. Svært lite vind i starten i dag også. X-faktor fekk ein kjempegod start ved styrbord merke. Etterkvart måtte me slå oss vestover p.g.a. at Aquasense gjekk høgare enn X-faktor. Me segla no mot Nordaustre delen av Austevoll og dette gjekk bra. Etter Litle Laugarøy kunne me segla mot Bleikjo, og det var fin vind. Me runda Bleikjo rett etter Levens og sette kursen nordover. Etterkvart kunne me segla spinnaker. Lite vind ved Korsneset. Mot mål auka vinden og me segla genoa mot mål.
![]() |
| Resultat Race 2 søndag. Svært jevnt. |
![]() |
| Bergen Race Weekend Samanlagt Doublehandedklassen |
X-faktor var tilbake i heimehamna søndag kveld kl. 22.00.
Her er 11 minuttar med filmklipp frå regattaene. 4K oppløysing.
mandag 1. juni 2026
You Tube video frå NM Doublehanded/Seilmakeren DH
Her er video frå regattaen. Eg har hatt feil innstilling på GoPro kameraet slik at mykje vart på skeiva.
søndag 31. mai 2026
Seilmakeren doublehanded 2026 - NM Doublehanded - OPPDATERING - KORRIGERT RESULTATLISTE September 2026
Då er NM Doublehanded/Seilmakeren doublehanded unnagjort.
Regattaen starta fredag 29.mai 2026 kl. 17.00 i Hauglandsosen Askøy i mykje vind . Båtane var inndelt i 2 klassar med 22 og 18 startande båtar.
X-faktor var i klassen med 22 startande båtar og me kjempa oss til ein 4.plass. Me var i mål ved Klokkarvik laurdag kl. 14.04, etter 21 timar og 4 minutts seglas.. Då hadde me segla sørover til runding Ramsholmane utanfor Ryvarden fyr og tilbake.
Dette var 15 gongen Torkjell Tolo var makker på Seilmakeren DH og min 19 gong eg segla regattaen. Me har fullført alle gongane me har deltatt.
Her er resultatliste for vår klasse. (Velg HOVEDKATEGORI Liten for vår klasse)
![]() |
| Bilde frå premieutdelinga søndag 31.mai på Askøy seilsportsenter. Torkjell var ikkje med på premieutdelinga. |
![]() |
| X-faktor |
![]() |
| Her har me runda Ramsholmane på morgonkvisten og sett kursen nordover |
![]() |
| Her nærmar me oss mål ved Klokkarvik. Seglar spinnaker innover Korsfjorden. |
Eg filma ein del med GoPro kamera, so det kjem nok ein YouTube video etterkvart.
Askøy seilforening tok og mange bilder og videoar under regattaen, desse er ikkje tilgjengeleg enno, men kjem etterkvart.
søndag 24. mai 2026
Service på vinsjane
lørdag 23. mai 2026
Video frå Stord Shorthanded 16.mai 2026
torsdag 21. mai 2026
Litt bilder og videoklipp Huftarøy rundt 14.mai 2026
![]() |
| X-faktor sitt spor frå Marinetraffic |
https://youtube.com/watch?v=Dxw8uXCG5vk&is=IHeSJbQLcD8ycF5J
![]() |
| Foto: Morten Fotland ombord i Frøken Smilla |











































