tirsdag 8. september 2026

Bergen singlehanded 5.september 2026

Fredag 4.september segla eg til Bergens seilforening. Hadde avtalt å få løfta opp X-faktor kl. 14. Dette var ein premie for tidleg påmelding til Bergen Race Weekend.

Ikkje mykje groe på båten men litt. Fekk spylt og pusssa over med 400 papir. Fekk også bytt dei 2 runde tæresinkane på propellen.

Ferdig. Klar til sjøsetjing.

Vi var spente på korleis værmeldinga ville verta og kva løp som ville verta vald. Det var meldt svært lite vind dei 2 første timane av regattaen og so aukande vind.  På skipparmøtet kl. 9.30 vart det klar at løpet Austevoll rundt skulle seglast. Starten gjekk kl. 11.00. 20 båtar var påmeldt, og 19 båtar stilte til start. X-faktor fekk ein bra start omtrent midt på lina. Det var ca 3 m/s frå NV og det gjekk bra unna mot Børnestangen. Vidare utover frå Kleppholmen var det veldig skiftande vind . Ganske svak vind. Vinden tok seg opp ein del når me nærma oss Marstein Fyr, men ikkje meir enn opp i 5 m/s. Store bølgjer der ute. 

Marstein fyr i sikte

Ved runding Marstein fyr var det voldsom rotesjø med høge bølgjer. Fekk opp spinnakeren greit og segla innover Møkstrafjorden. Det var ikkje meir enn 4 - 5 m/s vind so det vart ikkje nok trykk i spinnakeren og det var ein kamp innover. Rett før Møkster jibba eg og segla mot Terneskjeret. Det gjekk betre då bølgjene no kom bakfrå. Hadde ca 6 knop mot Terneskjeret. Framme der tok eg ned spinnakeren og segla med genoa mot Pirholmen. Vinden minka. Kom meg for so vidt greit vidare, men ved Krosshamn gjekk det seint. Det gjorde det nok for dei fleste, men Aquasense segla forbi X-faktor her. Vidare over Korsfjorden mot mål gjekk det unna. Vinden var oppe i 8 m/s. Vindvinkel 90 grader. X-faktor var i mål etter 4 timar og 34 minutt.  Kom i mål som båt nr. 7, og vart nr. 5 på korrigert tid. Det må eg vera nøgd med.

Her er resultatlista:


Her er YouTube video frå starten og nesten ut til Marstein fyr:

Her er sporing frå Marinetraffic. M.a. Stjernebris og Hegren har ikkje AIS og viser ikkje.

https://photos.app.goo.gl/EKHwMYCHufPLL81y9




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar