Eg bestemte meg for å ta X-faktor på land på Litlebergen også denne vinteren. Torsdag 24.10 gjekk eg for motor til Litlebergen i søraust vind opp i 15 m/s på Mangersfjorden. Inne ved Vetås var det også vindråser opp i 12 m/s. Fredag lasta eg opp krybba m.m. og kjørte det til Litlebergen der eg monterte krybba.
Laurdag morgon var eg på Litlebergen kl. 07.30. Det var 9 båtar som skulle takast opp. 8 seglbåtar og 1 motorbåt.
Litt over kl. 10 var det X-faktor sin tur. Eg hadde lagt godt med vekt i baugen for at ikkje stroppen skulle ta borti windex og akterstagløftet. Dette gjekk bra.
![]() |
X-faktor vert løfta opp med senterløft. Ikkje mykje grodd. |
Eg vannslipte lett heile bunnen, og vaska skutesidene. Kjørte motoren ein liten halvtime i ferskvatn, og til slutt med 40% frostveska.
Kjørte heim igjen kl. 16.30. Presenningen må eg ta på om nokre dagar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar