søndag 6. oktober 2024

Prosjekt Silverrudder 2024

Eg har følgd med på singlehandedregattaen Silverrudder i fleire år. I starten av 2024 bestemte eg meg for å ha som mål å delta i regattaen i 2024. Eivind Tysse sa tidleg at han kunne vera med å segla X-faktor ned til Svendborg og heim igjen etter regattaen. Påmeldinga var 10.mars kl. 18.00, og eg sat klar framfor PC'en med nødvendige opplysningar for registrering. Dette gjekk fint. Etter 21 minuttar var alle 450 plassane i regattaen teikna. Eg brukte ein god del tid utover våren og sommaren på å sjå på YouTube-videoar frå regattaen, studera kart over området, studera Race Guiden for 2023 og sjå på trackingar frå tidlegare år. Eg segla mest mogeleg singlehanded i treningsregattaer og klubbregattaene og fekk også med med Bergen singlehanded før me sette kursen for Danmark.

Eg grugleda med litt til dette. Det var mange ting som kunne skje. Dårleg vær både på turen nedover, på regattaen og på turen heimatt. Eg kunne gå på grunn på regattaen. Det er svært grunt mange stader, og mykje straum. Tett med båtar og trangt om plassen, spesielt i starten.

Torsdag 12.september kl. 08.30 la eg ut frå Manger. Værmeldinga såg bra om med nordvest vind. Eg segla først til Hjellestad der Eivind kom ombord, og me held fram sørover kl. 13.30.  Me segla gjennom Austevoll, Nyleia og segla gjennom Haugesund kl. 22. Når det lysna fredag 13.september segla me langs Jæren. Litt før kl. 16 var me ved Lindesnes. Vinden var med oppe i 12 m/s og me surfa avgårde i opp i 13 knop.

Ved Lindesnes fredag 13/9 kl. 16

No var me litt slitne og segla inn til hamna i Sprangereid . Der laga me oss mat og sov eit par timar.  Vinden skulle roa seg litt utover kvelden. Kl. 20 sette me avgårde igjen med kurs for Skagen. 
Hadde fine forhold over Skagerak. 
Over Skagerak

Var framme i Skagen kl. 17 laurdag 14/9 etter å ha segla 327 nm frå Manger. Her fekk me oss middag, og gjekk tidleg til køys.

Skagen. God plass i hamna.

Søndag morgon kl. 7 la me ut frå Skagen med kurs sørover mot Svendborg. Det var motvind og motstraum når med starta. Turen frå Skagen til Svendborg tok 37 timar , og segla distanse var 192 nm.

Framme i Svendborg havn mandag 16/9 kl. 20.

No hadde me god tid, og kunne kvila oss ut etter seglasen. I Svendborg var det sommarvær og ein flott by. Me fekk kontakt med nokre av dei andre nordmennene som hadde kome til Svendborg for å segla Silverrudder. Me åt middag i lag om kveldane. Ein kjekk gjeng å vera i lag med. 

Torsdag kveld var det skipparmøte med informasjon og værmelding. Ein time før skipparmøtet hadde me 9  X-332 seglarane møte der me presenterte kvarandre, og snakka om regattaen. Nokre av desse hadde vore med i Silverrudder mange gongar. Løpet skulle også i år gå mot klokka, dvs austover i starten frå Svendborg. Det ville vera ca 2 knop medstraum i starten. Eg segla i klasse Keelboat medium som skulle starta kl. 11.  130 båtar var med i denne klassen. 

Når det gjeld regattaen viser eg til YouTube videoen. Eg held meg litt bak i starten og hadde dermed bra kontroll. Eg segla med Genoa 3. Eg trur eg kunne segla ut Svendborgsundet utan å slå, men det kom nokre styrbordsbåtar som eg måtte vika for. Dermed vart det nokre slag. Når me hadde slått nordover ved Thurø rev låg eg som nr. 40. 
Nordover gjekk det unna. Eg valde å gå mot austsida av øya Vresen. Då vart det ein periode med lite eller ingen vind. Eg var ein gong oppe på 15.plass, men låg no i eit vindhol og vart liggjande lenger enn mange av dei andre båtane. Når eg kom i gang igjen var eg på ein 70.plass. Hadde no skifta til Genoa 1.
Fekk sopass fart i båten at eg kom meg greit under Storebæltbrua(Vesterbroen) . Eg segla mellom brukar nr. 38 og 39 der høgden er oppgitt til 16,6 meter.
På nordsida av brua tok vinden seg gradvis opp. Eg segla på austsida av øya Romsø. God medstraum.
Etter Romsø mot Fyns hoved sette eg spinnaker og hadde ein fin spinnakerslør nordvestover. No gjekk sola ned og det vart mørkt.


Runda Fyns hoved kl. 21.45. Var no på 60.plass. No vart det lens mot Æbelø. Det vart skodda og yr i luften. 

Ved passering Æbelø var eg på ein 58.plass. Det var no ein del bølgjer, og det vart nokre spinnakerjibbar før eg kom til Lillebælt. Ved Strib fyr i starten på Lillebælt låg eg på 56.plass. Det gjekk veldig greit med spinnakersegling gjennom Lillebælt utan noko særleg straum. Ved utløpet av Lillebælt låg eg på ein 52.plass.
No vart det etterkvart lyst. Etter passering Torø vart det ein vindstille periode, og eg tok ned spinnakeren. Kunne nok hatt spinnakeren oppe ei stund når vinden etterkvart kom igjen, men eg trudde at austavinden kom no. Eg låg på 49.plass når austavinden kom. No vart det kryss til mål i Svendborg.

Passering Helnæs fyr kl. 9.30 laurdag.

Kryssinga innover Svendborgsundet gjekk greit. Måtte passa godt på at eg hadde nok djupne. Det var veldig grunt. Hadde 1,9 meter på dybdemålaren ein gong!


Var i mål kl 15.14.20 etter 28 timar og 14 minutts seglas, og 46.plass i klassen. Det var eg veldig nøgd med. I Silverrudder eg det om å gjera å fullføra og få t-skjorta med Finisher på.



X-faktor nærmar seg mål i Svendborg.


Etter eit par timars søvn var det middag på Jensens Bøfhus med den norske gjengen.
Søndag var det premieutdeling og avslutning kl. 13.  
Kl. 14 var Eivind og eg klar for den lange turen heimigjen. Værmeldingane var litt so som so.
Me segla frå Svendborg til Skagen, og var framme i Skagen kl. 21.30 mandag kveld. 

Kl 8 tirsdag morgon var me avgårde igjen etter å ha handla litt mat i Skagen. Flott tur over Skagerak. 

Solnedgang i Skagerak tirsdag kveld.


Var framme i Mandal kl. 2 natt til onsdag. Vart ein del regn på slutten. Vinden snudde brått til nordvest rett før me kom til Ryvingen fyr.  Det var meldt mykje vind onsdag, og me venta til kl. 16 før me segla frå Mandal mot Lindesnes. 

Var ved Lindesnes kl. 19.30 onsdag kveld. Vinden var 9 - 10 m/s.

Me gjekk for motor. Kom oss rundt Lindesnes og gjekk indre lei via Korshamn til Lista.
No hadde vinden minka noko, og me tøffa  nordvestover og var ved Obrestad fyr kl. 8 om torsdagsmorgonen. Var inne i Haugesund og fylte diesel. Var framme i Strusshamn kl. 3 natt til fredag  27/9. Her mønstra Eivind av, og eg fortsette til Manger fredag føremiddag.
Dette har vore litt av ein tur og litt av ei oppleving.
Stor takk til Eivind som var med meg på denne turen.



Sjå meir om Silverrudder på https://silverrudder.com/









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar