søndag 9. mai 2021

Nordhordland seilforening sin Vårregatta 8.mai 2021 ombord i X-332 X-fak...

Vårregattaen vart segla 8.mai 2021 på Mangersfjorden.
7 båtar var med. Starten gjekk på GPS-tid i Bognestraumen kl. 12.00. Deretter gjekk løpet nordover til Trettholmen/Toskavegen, så ut rundt Kvernane NV for Skjelanger, inn igjen i Bognestraumen og til slutt målgang i Mangersvågen. X-faktor brukte 2 timar 18 minutt og 33 seund på løpet, og var først i mål. Vinden var varierande både i styrke og retning. Vindstyrken varierte frå 0 - 6 m/s. Eg var i tvil om eg skulle bruka Genoa 1, men gjorde det, og det gjekk greit. Eg skulle også heist spinnaker på startskuddet. I og med at eg var åleine ombord gjorde eg ikkje det.  Det hadde nok gått greit å ha den oppe ei stund.
Filma under heile regattaen og har klipt til ein YouTube-video på 20 minuttar. Vert litt for spesielt interesserte, men gir eitt inntrykk av regattaen for X-faktor sin del.



Her er X-faktor sitt spor frå Marinetraffic. Løpet er ca. 12 nm.






Her nærmar båtane seg første rundingsmerke ved Toskavegen. X-faktor først, tett følgd av Dehler 46 Shiba Juvel.


Wenche tok bilde av X-faktor frå Toskavegen.

1 kommentar:

  1. Godt seilt. Som du skrive, for spesielt interesserte, og eg er ein av dei👍 Gler meg te vestlandstur med båten i sommar.

    SvarSlett