tirsdag 18. mai 2021

Huftarøy rundt 13.mai 2021

Etter over-all seier i Huftarøy rundt i 2019 måtte X-faktor sjølvsagt vera med å segla Huftarøy rundt i 2021 i doublehanded-klassen. Eg segla til Vedholmen onsdag 12.mai. 


X-faktor i Vedholmen.

Eivind Tysse som skulle vera mannskap kom der neste morgon. 27 båtar var påmeldt. 18 i DH-klassen.

Starten skulle gå kl. 10.50, men det var ingen vind og starten vart utsett. Starten gjekk kl. 11.15 i svært lite vind. Me segla mot Austevolls-landet. Segla spinnaker no. Båtane var ganske samla når me nærma oss Tobbeholmane. White Shadow greide som første båt å koma seg avgårde.

Når me segla på innsida av Tobbeholmane låg me fremst saman med X-35 Stjernebris. Etterkvart greide me å siga frå dei. Det kom ein liten bris Me skifta til Genoa og kom oss avgårde.  Dette gjekk veldig bra, men me segla for langt ut i fjorden før me slo, og straumen tok oss.



FS2, Levens og Stjernebis segla nærare land og segla forbi oss.

Når me kom til Kalsundbåen vart løpet avkorta og dette vart målpassering. Me var rett bak FS2, Levens og Stjernebris som alle har høgare rating enn X-faktor. White Shadow hadde gått i mål 45 minuttar tidlegare.

Shiraz som har svært låg rating var i mål 25 minutt etter oss, men vann DH-klassen. White Shadow på 2.plass og X-faktor på 3.plass. Det må me vera fornøyde med sjølv om me kunne greid ein 2.plass med litt smartare segling på slutten. Her er resultatlista.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar