fredag 2. juli 2021

Shetland Race Corona Edition 26.juni 2021

 26.juni 2021 segla Eivind og eg Shetland Race Corona Edition.

Starten gjekk ved Flatevossen utanfor Hjellestad kl. 10. 31 båtar var med. 14 i doublehandedklassen.

Me hadde ein god start og segla mot Raunane. Vidare skulle me sørover Lerøyosen og runda Blia. Det var meldt 1 m/s ved start, men det var 3 m/s frå sør. Me oppdaga rett etter start at genoaen ikkje var i sporet på forstaget den nederste 50 - 60 cm. Dette måtte me ordna. I første slaget nær Klokkarviklandet senka me ned genoaen og fekk den inn i sporet . Var raske å få den opp igjen og tapte ikkje så mykje på dette. No slo me oss sørover langs Lerøy . Segla bra her.


Når me kom ut på Korsfjorden dreia vinden, og me kunne etterkvart setja spinnaker og segla mot Blia. Me var veldig tidleg oppe med spinnakeren og segla forbi nokre båtar her. Me runda Blia rett før Tigergutt.

No segla me mot Kyrholmen i Austevoll. Det vart vanskeleg seglforhold med mykje vindskift. Eg trur at det som hadde vore smartast var å segla heilt bort til Sund-landet og kryssa langs land utover.

Me tok nokre slag langs Sund-landet ved Forlandsvågen. Deretter begynte vinden å dreia og me kunne stå utover fjorden. Skulle nok tatt eitt slag til form å halda oss nær landet.

Her er resultatlista. Det vart 5.plass på X-faktor. Levens vann suverent. Regattaen hadde høg vekting på shorthanded-rankinga, og Willy Forland overtok som høgast ranka i Vestland fylke. Gratulera til han !

Eg filma ikkje, og det vart heller ikkje tatt bilder under regattaen. Etter premieutdelinga segla Eivind og eg tilbake til Bergens seilforening. Eivind hadde båten sin, Piano, der. På søndag segla me nordover . Eivind mot Fedje og eg heim til Manger. Fin vestleg bris nordover Hjeltefjorden.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar