søndag 9. september 2018

Bergen singlehanded 2018

Laurdag 8.september var det klart for Bergen singlehanded. Eg segla til Bergens seilforening fredag.
38 båtar var påmeldt i forskjellige klassar: Norrating med spinnaker, Norrating uten spinnaker og turklassen. 2 båtar frå Stavanger og Utla frå Sogn og Fjordane deltok, elles var det lokale båtar frå Hordaland.
X-faktor stilte i Norrating med spinnaker. Denne var delt inn i 2 klassar: Opp til 0,969 i rating, og 0,970 og over.
X-faktor segla med SH målebrev som betyr 0,945 i rating. Me var 13 båtar i klassen.
Værmeldinga gjekk ut på svak vind. Først frå S/SØ seinare dreiande til NV. Løpet som skulle seglast var rundt Bleikjo ved Kolbeinshamn.
I starten var det ca 5 m/s. Startområdet i Bjelkarøyosen var litt trangt når me skal segla åleine. Eg var litt defansiv. Fekk surr i storseglskjøtet rett før start og rota fælt. Vart dermed litt seint ute, men fekk raskt opp farten.
Ein del av båtane stod rett forbi Korsneset, men dei fleste måtte ta eit slag for å koma forbi.
Det såg ikkje heilt bra ut, men etter å ha sett kusen sørover etter 2 slag kom eg betre ut. Eg segla mot Austevollslandet og det lønte seg nok. Nova (Wasa 38 med rating 0,946) og X-faktor segla side om side sørover og me kunne etterkvart stikka i skjøtet.
Før Bleikjo minka vinden og me måtte ta eit slag for å koma rundt holmen. X-faktor runda rett framfor Nova.
No var det opp med spinnaker og segla nordover. Dette varte ikkje lenge. Vinden dreia og kom imot. Ned med spinnaker og kryss nordover  i svak vind. Eg synes å sjå at det var mest vind på Os-sida og segla derfor i austre del av fjorden. Det viste seg likevel at vinden var betre i styrke og retning lenger vest.
Nova som hadde kome eit stykke bak segla på vestsida og når me nærma oss Korsneset låg me likt.
Silje, Sun Odysse 40, som hadde lagt fremst i vår klasse sleit litt i den svake vinden, ca 2 m/s, og me tok stadig innpå.
Når eg passerte Korsneset var Nova litt framfor, og i eit siste forsøk på å slå den sette eg spinnaker inn mot mål. Det var skarpt, men det gjekk. Nova sette då også spinnaker. Nova hadde litt betre vinkel å segla på, og slo meg med 1 minutt og 38 sekund. Silje slo Nova med 9 sekund. Mathilda som har låg rating låg heile tida bak i varierande avstand. I mål slo Mathilda X-faktor med 9 sekund på korrigert tid..
Det vart altså 4.plass i klassen. Her er resultatlista.
Eg filma litt under seglasen. Sette på kameraet før start og gløymde heile greia. Gjekk tomt for batteri når me nærma oss Bleikjo.




8 kommentarer:

  1. Synes der er rart at du skriver at Mathilda lå bak i varierende avstand og kan forlede leserne dine til å tro at jeg lå bak hele dagen og på slutten karret meg i mål 9 sekunder forran. Sannsynligvis var jeg foran deg de meste av seilasen med langt mer. Det som hendte var at jeg mistet vind mellom Korsneset og mål og tapte seier og ledelse der.

    SvarSlett
  2. Haha ! Når eg skriv "bak i varierande avstand" tenkjer eg ikkje på korrigert tid, men faktisk avstand. Eg tapte vel seieren på at eg ikkje gjekk nærmare Austevoll når me segla nordover.

    SvarSlett
    Svar
    1. Du må analysere trackingen, da kan du regne ut hvem som ledet underveis på korrigert tid. Det er målbart og fakta. Når vi seiler etter rating synes jeg vi skal forholde oss til den, og presentere tekst deretter.

      Slett
    2. Eg har analysert trackinga. Mathilda vs X-faktor. Ved runding Bleikjo (Leg 1) leda du med 18 sekund. Ved mål (Overall) vant du iflg. trackinga med 1 sekund. Me har altså segla ganske likt, men du vant duellen.
      Når eg skriv på bloggen skriv eg korleis eg føler og tenkjer når eg seglar. Det er ikkje feil det eg skriv. Når det er sopass stor forskjell i rating på båtane våre, og regattaen varer i 5 timar vert det lange avstandar mellom oss når me seglar jamnt på korrigert tid. Eg konsentrerte meg mest om å observera Nova under regattaen. Me har omtrent lik rating, og det vart ein spennande duell.

      Slett
  3. "No må dokkar ikje krangle sånn"

    SvarSlett
    Svar
    1. Dette er ikke krangel. Vi seiler regatta for å finne ut hvem som er flinkest og har den beste båten. Det er ikke alltid resultatlisten forteller hele sannheten, slik som i dette tilfellet når jeg leder siste delen av seilasen og dropper til 3.plass like før mål fordi vinden blir borte. Synes det er feil å bli ignorert. Det er sikkert mange medlemmer som leser denne bloggen.

      Slett
  4. Jeg leser "kranglene" deres med stor interesse og fornøyelse. Takk for at dere deler opplevelsene med oss som av ulike årsaker ikke deltar.

    SvarSlett
  5. Det er bra Einar. Det er ikkje så mange som les bloggen min. Iflg. statistikken har 31 vore inne på artikkelen om Bergen singlehanded. Alltid kjekt når nokon skriv kommentar. Då veit eg at nokon les bloggen, og at innhaldet engasjerer.

    SvarSlett