Kilroy, Hanseaten, Olliver, Tjorven, Vito, Jenny og X-faktor stilte til start. Amante var visst også med ei stund!
X-faktor hadde Eivind og eg som mannskap. I starten var det ca 2 m/s frå S/SV. Me kom greit ut på kryssen mot Askeneset. Litt før Askeneset segla Kilroy forbi oss. Etter runding Askeneset sette me spinnaker og segla mot Holmeknappen. No minka det veldig på vinden.
På veg mot Holmeknappen. Lite vind ! |
Søndag starta regattaen kl. 11. I dag var i tillegg barnebarn Wilgot mannskap.
I dag var løpet frå Krossnessundbrua til Bakarvågen og tilbake.
Desse stillte opp søndag: Kilroy, Anchrissi, Hanseaten, Tjorven, Jenny, Vito og X-faktor.
Starten gjekk i ca. 2 - 3 m/s frå S/SV. Me kom godt ut i starten og leda til me nærma oss runding ved Bakarvågen. Då segla Kilroy forbi oss og runda rett framfor oss. Vinden låg for det meste på rundt 4 m/s, men i ei byge var vinden oppe i 6 m/s.
Etter runding sette me spinnaker og me tok etterkvart igjen Kilroy.
Ved Morvik minka vinden, men tok seg etterkvart litt opp igjen. Kilroy og X-faktor skifta om å vera fremste båt, og i mål var Kilroy 20 sekund framfor oss. Siste 10 minuttar av seglasen kom vinden opp i 5 m/s.
Me brukte 2 timar og 54 minutt på seglasen.
Det vart dermed seier begge dagar og også samanlagt.
Wilgot tar imot pokal for 1.plassen. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar