søndag 10. januar 2016

Neglespretten 9.januar 2016

Fredag 8.januar segla eg X-faktor til Bergen i minus 5-6 grader. Var framme ved Zachen kl. 15:40. Var litt kald på tærne og fingrane!
Laurdag morgon kom mannskapet litt før kl. 10. Mannskap var Eivind Tysse, Bjørn Rundhovde, Torbjørn Storås og Yngve Thuen.
Me gjekk ut mot startområdet i Eidsvågen i 10.30 tida og var ein av dei første båtane i startområdet. Fekk opp segl. Me tok opp genoa 1, men dette fant me ut vart litt for mykje med dei forholda som var på fjorden. Yr meldte opp i 8 m/s, men det var vind mellom 5 og 10 m/s. Me fekk opp genoa 3 og fekk 1'aren under dekk.
Det såg ut til å verta spinnakerstart og skarp spinnakerslør mot første merke. Me tok ein prøvetur mot første merke. Det var nyttig. Me hadde ein god plan for starten, men eg trykte så mykje på kartplottaren at eg gløymde tida. Vart derfor eit halvt minutt for sein over startstreken. Då hadde me fått opp spinnakeren og segla godt mot første merke. Tok ein litt meir nordleg bue i forhold til dei andre båtane. Mange broachar å sjå. Me heiste fokken og tok ned spinnaker i passeleg tid før merket. Her vart det tett og 3 av båtane som var framfor oss var involvert i ein kollisjon ved merket.
Så bar det mot merket ved Bakarvågen med stikk i skjøtet. Det gjekk bra unna, men Nikita og Gleden var framfor oss. Me runda rett bak Gleden. No segla me tilbake mot første merke nord for Strømsnesholmane. Skarpt til å begynna med, men etterkvart rom kurs. Deretter tilbake til merket ved Bakarvågen. Tok litt innpå Nikita no. Etter runding vart det kryss mot merket ved Helleneset. Her greidde me ikkje å halda god nok høgde. Vinden var no vel 5 m/s og genoa 3 var litt lite. Me slo tidleg og fekk deretter kurs rett mot merket og vant litt på det. Etter runding gjekk løpet igjen mot merke 1 der løpet vart avkorta.
Nikita og Gleden var framfor oss og har lågare rating, så dei hadde slått oss klart. Me håpte på ein 3.plass, og det viste seg å halda med knapp margin til Tussi og High 5.
Dette held også til 3. beste tid overall!
Her finn du resultatlista.

Bilder:
Ved Bognestraumen på veg til Bergen

X-faktor og Gleden på veg mot Bakarvågen. Bilde tatt ombord i Tussi.

Kaldt. ca 5 minusgrader. Sjø som skvetta på dekk fraus til is.

Ankerdram for å få varmen i kroppen.

X-faktor by night i Bergen

Wenche og eg segla heimatt søndag morgon i snøvær. Var på Manger kl. 12.40.




2 kommentarer:

  1. En fryd å lese rapporten din. Gleden din preger teksten. Gratulerer med nok en fin plassering.

    SvarSlett