lørdag 13. februar 2016

Snøføyka 13.02.2016

Laurdag 13.februar var X-faktor påmeldt på Snøføyka. Arrangør Askøy seilforening.
Eg gjekk frå Manger kl. 06.05 om morgonen i minus 6 grader.
Var framme på Askøy seilsportsenter kl.09.05.
Her kom mannskapet ombord: Eivind Tysse, Yngve Thuen , André Meijers og Rolf Ingebrigtsen.
Starten skulle gå ved Ramsøy og der var med nød og neppe me rakk starten, så den vart ikkje godt planlagt.
Me fekk raskt opp spinnakeren og segla mot første merke Bollholmane NØ for Ramsøy. Fekk ikkje heilt opp farten på dette legget.
Me jibba spinnakeren i rundinga og segla spinnaker mot bøye ved Hero ved Øygardslandet.
Segla bra på dette legget.
No var det kryss mot Karlsøyflu stake. Her fekk me vekeleg opp farten og segla forbi fleire båtar.
Ved runding var me heilt i hekken på High 5.
No skulle me tilbake til merket ved Hero. High 5 var raskt oppe med gennakeren og segla litt frå oss.
Me sette spinnaker etter ei stund og hadde god fart mot merket.
Etter god runding segla me igjen mot Karlsøyflu stake.
Runda staken som båt nr. 4 rett bak High 5. Fremst var First Mandela og Amaryllis.
Me var no framfor Silius og Sheep Dip.
No segla me mot mål ved Ramsøy.
No minka det på vinden, og det var til tider vindstille.
Båtane bak hadde vind og tok innpå.
Det vart ein tålmodighetsprøve mot mål og me var ikkje særleg heldige med vegvalget vårt.
High 5 greidde på merkeleg vis å koma 12 minutt før oss i mål og vant klassen.
Me slo Gleden med 2 minutt på korrigert tid og greidde då 2.plass i klassen.
Her er resultatlista.

Det vart lite fotografering i dag, men eg har kopiert 3 bilder frå Facebook. Fotograf Michal Nowicki ombord i Kilroy.



Det minka veldig på vinden på sista legget. Her rek me over målstreken.

Her eit par eigne bilder:

Klargjering til Snøføyka fredag 12.februar

Kaldt men fint på heimturen

Var heime på Manger kl. 18 før det vart mørkt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar