søndag 27. september 2015

Bergen Singlehanded 2015

Bergen singlehanded vart arrangert for 6.gang laurdag 5.september 2015. Arrangør er Bergens seilforening.
Eg har deltatt alle gangane, og i 2013 og 2014 var det svært lite vind.
I år vart det annarleis.
Værmeldingane gjekk ut på at det etterkvart skulle verta stiv kuling frå nordvest. Det vart dermed vald eit løp som gjekk frå Bjelkarøy til Våge på Tysnes og tilbake - Tysnesløpet.
Eg ville gå forsiktig ut og sette hardværsfokk og 2 rev i storen frå start.
Eg fekk ikkje med meg at startprosedyren vart sett i gang, og når 1 minutten gjekk trudde eg det var 5 minutten og når starten gjekk trudde eg det var 4 minutten. Dette vart ikkje bra. Eg var laaaangt frå startlina når starten gjekk.
På Korsfjorden var det av og til opp i 12 m/s og platt lens. Eg hadde sjølvsagt altfor lite segl opp, men med værmeldinga i bakhovudet ville eg vera forsiktig.
Etter å ha runda Røtingen og inn mot Våge tok eg etterkvart ut reva i storen. Skulle sjølvsagt sett spinnaker her, men let vera.

Var derfor langt bak i feltet ved runding Lyngøya ved Tysnes.
No vart det kryssing tilbake.
Ved Halhjem måtte eg ta 2 rev i storen igjen.
Dette gjekk bra. Eg hadde god fart og god høgde og segla meg framover i feltet. Held følgje med Cermedez.
Når me kom til Røtingen kom vinden opp i 13 m/s og var på det meste opp i 16 m/s. Denne vinden held seg til me kom i mål.
Det vart også bra store bølgjer på Korsfjorden.
Det smartaste hadde nok vore å halda seg på austsida opp til Korsneset.
Eg hadde eit legg bort til Austevoll og slo ved Litle Laugarøy, og tapte nok litt på det.
I bølgjene på Korsfjorden greidde eg ikkje lenger å halda følgje med Cermedez.
Seglinga gjekk bra. Slaga var verst. Det var vanskeleg å halda farten i slaga og det vart mykje krenging.
Etter 5 timar og 50 minutt gjekk eg i mål med stil.
Alt utstyr og skippar var like heile.
Dette held til ein 6.plass i klassen og premie frå premieutdelar Wenche.
Fekk også nokre poeng på shorthandedrankinga.
Her er resultatlista.

Om kvelden var det fest i Bergens seilforening sitt flotte klubbhus:


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar